Nynorsk
NTNU-leiinga: Universitetet har ikkje tid til nynorsk
— Målarbeidet blir nedprioritert i ein travel kvardag, seier NTNU-direktør. Universitetet er fleire gonger blitt utropt til «nynorsk-versting».
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Noregs største universitet med campus i tre fylke er også i år svært langt unna å oppfylle krava i mållova. Lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) krev veksling mellom målformene slik at verken bokmål eller nynorsk er representert med mindre enn 25 prosent. I 2019 var 3,8 prosent av innhaldet på NTNUs nettsider på nynorsk.
Universitetet er også på klagetoppen så langt i år for manglande tilbod om eksamen på nynorsk, ifølgje Språkrådet. Studentar har etter lova rett til eksamen på si eiga målform.
NTNU har ikkje levert tal for målbruk til Språkrådets årlege tilsyn med mållova, slik dei er pliktige til. Det skuldast ein rutinesvikt, ifølgje universitetsleiinga. Også i fjor var rapporteringa mangelfull. Når det gjeld grunnen til at NTNU heller ikkje år er i nærleiken av å innfri lovkravet om veksling mellom målformene, seier NTNUs organisasjonsdirektør, Ida Munkeby, dette i e-post til Khrono:
«Vi tek jamleg opp krava i mållova med leiarane kring NTNU, men det viser seg diverre at målarbeide blir nedprioritert i ein travel kvardag. Eg er rimeleg sikker på at dette fyrst og fremst skuldast mangel på tid». Ho legg til at dette verkar til å vere ei utfordring i heile sektoren, «med nokre heiderlege unntak».
Langt mellom topp og botn
NTNU er i godt, eller snarare dårleg, selskap når det gjeld manglande språkleg likestilling for sine studentar og tilsette. Ingen universitetet eller høgskular følgde mållova i 2019, ifølgje Språkrådets oversikt, som er basert på innrapportering frå institusjonane. Det er likevel stor variasjon mellom topp og botn, og i kva grad det blir veksla mellom målformene i ulike kanalar.
I sosiale media er for eksempel Høgskulen på Vestlandet (79,5 prosent), Universitetet i Stavanger (40,6) prosent og Kunsthøgskolen i Oslo (31 prosent) godt innanfor kravet. Universitetet i Oslo, OsloMet og Norges idrettshøgskole har derimot under 10 prosent nynorsk. Noregs miljø- og biovitskapelege universitet hadde 5,4 prosent nynorsk på Facebook og Twitter – Noregs arktiske universitet – UiT under 1 prosent.
Universitetet i Bergen (UiB) profilerer seg mellom anna som eit «nynorskuniversitet», men i statistikken for 2019 når heller ikkje UiB opp til krava i mållova. I sosiale media er berre 10 prosent på nynorsk.
— Må vise språkglede
Språkprofessor ved UiB, Gunnstein Akselberg, meiner det er ekstra trist at universitetet hans taper terreng.
— Det gir ikkje nokon god signaleffekt når til og med Bergen sviktar. Det er synd at UiB ikkje held dette oppe, seier han.
På Twitter har UiBs rektor, Dag Rune Olsen, slått fast at dette ikkje er godt nok og hinta om at det bør føre til sak i universitetsstyret.
Akselberg, som er kjent frå Eides språksjov på NRK, synest likevel det er minst like trist at vårt eldste universitet, Universitetet i Oslo, sviktar fundamentalt. Nynorsken er heilt marginal ved hovudstadsuniversitetet, som er blant dei med minst bruk av målforma.
— Vi bør ikkje gløyme at universitetet har studentar og tilsette frå heile landet. I og med at UiO, UiB og NTNU er sentrale intellektuelle, sosiale og kunnskapsmessige maktinstitusjonar, vil språkpraksisen deira ha status og vere førebilete. Derfor er det avgjerande at dei gir nynorsken dei minimumsvilkåra dei er forplikta til, seier Akselberg.
Khrono har kontakta UiO-leiinga for å høyre korleis dei stiller seg til nettopp dette. «Vi erkjenner at vi ikke klarer å oppfylle målkravet. Vi skal fortsette arbeidet med å få mer nynorsk i alle våre kanaler», er e-postsvaret frå fungerande universitetsdirektør Kristel Skorge, via kommunikasjonsavdelinga.
Akselberg meiner institusjonane må påleggast å gi nokon ansvar og bli gitt ressursar lokalt for å følgje opp språkbruken, elles kan det lett flyte ut og forsvinne. Samstundes ønsker han seg ein skule som i mindre grad fokuserer på grammatikk og plikt når sidemål står på planen, for å unngå at fordommar etablerer seg frå starten.
— Og så er det viktig at vi nynorskbrukarar viser at språket vårt ikkje handlar om raude strekar og reglar, men i staden viser språkglede, seier Akselberg.
Bør dreie seg om engelsk
På NTNU meiner leiinga at den viktigaste språkdebatten bør dreie seg om engelsk i akademia.
«Mykje av undervisninga på masternivå skjer på engelsk knytt til internasjonale masterprogram og studentutveksling, som er del av vårt internasjonaliseringsarbeid», ifølgje organisasjonsdirektør Munkeby.
Ho legg til at det derfor er viktig at norsk fagspråk også blir sett på dagsorden, og at det her blir gjort mykje godt arbeid på NTNU: «Vi prioriterer språkopplæring av utanlandske tilsette og studentar høgt. Mange fagmiljø oppmuntrar også tilsette til å skrive fagbøker og lage ordlister på norsk».
NTNU er fleire gonger blitt utropt til «versting», når det gjeld språkleg likestilling. I 2019 fekk leiinga kritikk frå Språkrådet, som hadde venta seg «ei anna haldning til språkarbeidet ved universitetet frå leiinga si side», ifølgje Universitetsavisa.
NTNU har klaga over at det er komplisert å samle og rapportere inn tal til Språkrådet. Språkrådet opplyser til Khrono at dei arbeider saman med Nasjonalbiblioteket om å utvikle eit nytt verktøy for å måle bruken av nynorsk og bokmål på institusjonane sine nettsider. Det vil truleg bidra til å gi eit meir nøyaktig bilde i neste års statistikk.