vertskap for kinesisk universitet
UiO blir midtpunkt for norsk kinasamarbeid
Københavns universitet trekte seg ut. No opnar Fudan-universitetet senter i Oslo. — Vi er ikkje naive, seier rektor Svein Stølen, Universitetet i Oslo.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Frå starten i 2013 og fram til brotet i juni 2020 var Københavns universitet base for Fudan-European Centre for China Studies. I august tok Fudan University kontakt med Universitetet i Oslo (UiO) med spørsmål om å ta over vertskapet.
Det passa perfekt inn i UiOs planar om å trappe opp samarbeidet med kinesiske forskingsinstiusjonar.
— Det er ein interessant organisasjon, seier rektor ved UiO, Svein Stølen.
Fudan har lenge vore rekna som eitt av dei mest liberale (og beste) universiteta i Kina med ein viss distanse til makta i Beijing.
Men også ved Fudan-universitetet er den akademiske fridomen no under press, med stadig sterkare politisk kontroll, sensur og overvaking under president Xi Jinpings styre.
Dette er ikkje eit argument for å redusere fagleg samarbeid, meiner UiO-rektoren. I ein seremoni på Zoom i dag, fredag, signerer han avtalen som gjer Blindern til hamn for det europeiske Fudan-senteret.
Med det får Universitetet i Bergen konkurranse om posisjonen som «ledende i Norge på forskningssamarbeid med Kina» (UiBs handlingsplan for kinasamarbeid). I UiOs notat til universitetsstyret, som banka gjennom Fudan-avtalen i desember, skal UiO vere «tyngdepunkt for akademisk Kina-samarbeid» i Noreg.
Fudan til Noreg — og Ungarn
I 2019 fjerna Fudan (og fleire andre universitet i Kina) omgrepet «tankefridom» frå vedtektene sine, noko som førte til protestar frå studentar ved universitetet.
Samstundes med at formuleringa om tankefridom blei fjerna, blei ei anna lagt til. Der erklærer universitetet lojalitet til leiinga i kommunistpartiet «og vil fullt og heilt implementere partiets utdanningspolitikk», slik det var referert i Washington Post.
Ei av historiene som er komne ut i kjølvatnet av endringa tilhøyrer førsteamanuensen i historie ved Fudan, Sun Peidong. Ho arbeider i dag i USA, og fortalte i Los Angeles Times om sensur, overvaking og eit press som til slutt førte henne ut av universitetet og landet.
I desse dagar er Fudan i gang med å etablere sitt første universitet i Europa. Det skal ligge i Budapest, Ungarn, og skjer samstundes med at eit anna universitet - Det sentraleuropeiske universitet - er blitt kasta ut. I oktober 2020 slo EU-domstolen fast at den ungarske lova som tvinga universitetet ut av landet var i strid med EU-lovgivinga.
Den høgrenasjonalistiske regjeringa i Ungarn er blitt skulda for ei lang rekke systematiske overgrep mot den akademiske fridomen i landet.
UiO-rektoren meiner det som hender ved Fudan, og i Ungarn, ikkje er noko hinder for å huse Fudans europeiske senter i Oslo, tvert imot.
— Veldig positive til akademisk fridom
— Vi ser med bekymring på mange innstrammingar i Kina. Men det minskar ikkje behovet for akademisk samarbeid, seier Stølen.
Han viser også til det langvarige samarbeidet nordiske universitet har hatt. Det nordiske senteret i Fudan vart grunnlagt i 1995 og har vore eit senter for studentutveksling og forskarsamarbeid. Dei siste åra har Universitetet i Bergen hatt ansvar for sekretariatet der, no tar Universitetet i Göteborg over.
3 grader og snøsmelting .. ikke tjukk is i brønnen .. og arbeids og vinterferie på hytta - Fredag signeres en samarbeidsavtale digitalt med Fudan University - ikke dress, men hvit skjorte ..
Publisert av Svein Stølen Søndag 21. februar 2021
I avtalen med Fudan heiter det at «senteret er underlagd institusjonelle retningslinjer ved UiO, inkludert norma om akademisk fridom».
— Vi forventar at våre kinesiske partnarar held seg til dette, det er ein klar føresetnad for samarbeidet. Dei har vore veldig positive til dette, seier Stølen.
Han legg til at UiO vil forsikre seg om at akademisk fridom ligg til grunn for alle prosjekt.
Politiets sikkerheitsteneste (PST) har i fleire år åtvara norske universitet mot spionasje frå blant anna Kina. I 2019 uttalte sjef for kontraetterretning i PST, Hanne Blomberg, at «mange miljøer er naive» og «universiteter og forskningsmiljøer er absolutt blant dem».
— Vår generelle policy er å jobbe for akademisk samarbeid, men ikkje på nokon som helst naiv måte, seier Stølen.
Skandalar i Danmark
I Danmark spekulerte avisa Weekendavisen i motiva for at København brått trekte seg ut av den langvarige vertskapsrolla for det europeiske Fudan-senteret. Offsielt var grunnen at det ikkje lenger passa inn i dei strategiske prioriteringane, og at ein ønskte å rette merksemda mot samarbeid andre stader.
Samstundes var kinasamarbeid blitt eit omtalt og omstridd tema i Danmark.
Blant anna avslørte den danske avisa Politiken at to forskarar ved Universitet Aalborg hadde vore involvert i utvikling av teknologi som er blitt brukt i menneskerettstridig overvaking i Kina.
Professor Lars Bo Kaspersen var i seks år leiar for Institutt for statsvitskap ved Københavns universitet der Fudan-senteret var lokalisert. Han trur mangel på interesse for Kina hos den nye leiinga ved universitetet og dei kontroversielle sakene om kinasamarbeid i media førte til bruddet.
Dermed blei det mest komfortabelt å avslutte samarbeidet.
— I Danmark er diskusjonen låst, og står stille. Den som ytrar seg om fortsatt kinasamarbeid, blir frosen ut, dei som er sterkt kritiske styrer debatten. Det er lite rom for nyansert debatt i midten, seier Kaspersen til Khrono.
Kaspersen meiner København burde ha halde på Fudan-senteret. Samstundes er han uroleg over utviklinga i Kina og meir omfattande sensur og kontroll ved kinesiske universitet. Han meiner likevel Fudan fortsatt har ein friare posisjon i kraft av å ligge i Shanghai, enn universiteta som ligg tettare på makta i Beijing.
— Ein bør halde fast ved samarbeid med kinesiske universitet så lenge det er gjensidig og skjer på like vilkår. Det vil seie at ein har gjensidig tilgang til kjelder, data og forskingsmateriale, seier han.
Debatt på lågbluss
Debatten om forskings- og utdanningssamarbeid med Kina har så langt brunne på eit lågare bluss i Oslo enn i Bergen. UiB har også flagga kinasamarbeidet høgare, gjennom sin kinastrategi og ambisjonar om ta føringa blant norske forskings- og utdanningsinstitusjonar på feltet.
Det er særleg UiBs vertskap for Noregs einaste Konfutse-institutt som er blitt utsett for kritikk. I februar vart det kjent at instituttet blir lagt ned.
Også menneskrettsorgansiasjonen Raftostiftelsen har ved fleire høve kritisert UiB, med påstandar om sprik mellom prat og praksis i spørsmålet om akademisk fridom.
Det er særleg overgrepa mot uighurane som er blitt tatt opp i denne samanhengen. Men då leiaren for Den norske uighurforeningen tok til orde for at universitetsleiarar burde ta opp menneskerettsbrot og undertrykking av den etniske minoriteten med samarbeidspartnarane sine, vart dette i Bergen avvist som irrelevant og unødvendig.
Det var nettopp overvaking av uighurane som var tema for avsløringane i dansk presse om forskarar ved Ålborg universitet, som gjennom forskinga si skal ha bidratt til utstyr som blir brukt i strid med menneskrettane mot uighurane.
— Sterkast i Noreg
— Ved UiB er det mellom anna etablert eit eige kompetanseutval for Kina, som ifølgje UiB mellom anna skal gi råd til universitetsleiinga og sørge for diskusjon rundt kinasamarbeidet. Korleis vil UiO gjere dette?
— Vi har dekanmøter der alle desse spørsmåla blir handtert, vi lagar ikkje eit eige utval for Kina. Vi har det sterkaste Kina-miljøet i Noreg. Det brukar vi i alt vi gjer, seier UiO-rektor Stølen.
— Tenker du at det kan vere fare for at Kina kan utnytte samarbeidet på andre måtar enn det reint faglege?
— Så lenge vi held oss til dei faglege samarbeidsflatene og utviklar forsking i verdsklasse, nei. Vi skal alltid vere vakne for korleis vi samarbeider med andre land. Eg vil understreke at dette er ei styrking av eit allereie sterkt samarbeid med eitt av Kinas beste universitet.
Fudans europeiske senter skal flytte inn ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk på Det humanistiske fakultetet i mai. UiO betalar for kontorplassar og administrasjon, Fudan finansierer lønna til den daglege leiaren.
Nyeste artikler
Har varslet behov for å kutte opp imot 100 årsverk. Kun åtte får tilbud om sluttpakke
Tilbake til penn og papir?
Hva vil vi med barnevernspedagogutdanningen?
Risikofylt forskning, pandemier og biovåpen
Åpen forskning muliggjør forskningsnær utdanning
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Juss-nestor mener Kjerkols fuskesak må behandles på nytt
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024