Rapport: Mangel på akademisk fridom truar kinasamarbeid
Kina. Sensur, overvaking, internering og andre overgrep mot akademisk fridom kan stikke kjeppar i hula for internasjonalt samarbeid og Kinas globale ambisjonar.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Ein rapport frå Scholars at Risk konkluderer med at kinesiske styresmakters manglande evne til ta vare på den akademiske fridomen kan undergrave ambisjonane om å vere verdsleiande innan forsking og utdanning.
Rapporten, som blei lagt fram tysdag, peikar også på utfordringane for samarbeidande institusjonar frå andre land.
Både statlege styresmakter og leiinga på universiteta i Kina har tatt eit breitt spekter av verkemiddel i bruk for å intimidere, stilne og straffe akademikarar og studentar, heiter det i rapporten. På den lange lista av verkemiddel står redusert tilgang til internett, bibliotek og publikasjonar, i tillegg til forbod mot diskusjon og forsking på emne det kinesiske kommunistpartiet oppfattar som kontroversielt.
Den omfattande rapporten baserer seg mellom anna på intervju med kinesiske og internasjonale kjelder tett på høgare utdanning i Kina og dokumentasjon frå menneskerettsorganisasjonar, akademia og media.
Alvorleg fare for omdømme
Kina har etter fleire tiårs satsing og investeringar etablert seg om ein av dei viktigaste og raskast veksande forskingsnasjonane i verda med eit omfattande internasjonalt samarbeid.
I Noreg har ei rad institusjonar og forskarar etablert og utvida samarbeid med kinesiske partnarar, etter at det diplomatiske forholdet mellom dei to landa vart normalisert i 2016. Kina boikotta Noreg etter at Liu Xiaobo vart tildelt Nobels fredspris i 2010.
Ifølgje rapporten frå Scholars at Risk kan kinesiske styresmakters manglande evne til ta vare på den akademiske fridomen undergrave ambisjonane om å vere verdsleiande innan forsking og utdanning.
— Dette fører til stor personleg og profesjonell risiko for kinesiske forskarar og studentar og utgjer ein alvorleg fare for omdømme og økonomi for utanlandske akademiske institusjonar i partnarskap med kinesiske institusjonar, i Kina eller andre land, seier Scholars at Risks direktør, Robert Quinn i ei pressemelding.
Bør støtte direkte
I Noreg har særleg Universitetet i Bergen (UiB) markert seg med satsing på kinasamarbeid. UiB har som mål å være det leiande universitetet i Noreg når det gjeld kinasamarbeid. I UiBs handlingsplan heiter det at «akademisk frihet skal være et grunnleggende premiss». UiB er likevel blitt kritisert for ikkje å vise i praksis at universitetet tar den akademiske fridomen på alvor.
Scholars at Risk oppmodar i sin rapport leiarar i høgare utdanning og sivilsamfunnet utanfor Kina til å direkte støtte til kinesiske forskarar og studentar som er blitt trua eller straffa av kinesiske styresmakter.
I tillegg peikar rapporten på behov for å skape dialog og setje akademisk fridom på dagsorden på konferansar, seminar og leiarmøter.
Kritisk i Xinjiang, press på Hong Kong
Spaning og overvaking er blant metodane som i neste omgang har ført til sjølvsensur og tilfelle der akademikarar har mist stillingane sine, ifølgje rapporten. Også reiserestriksjonar, arrestasjonar og internering er blant metodane styresmaktene tar i bruk for å halde kritiske stemmer i sjakk.
Særleg er akademikarar og studentar i minoritetsregionar som Tibet, indre Mongolia og Xinjiang-regionen utsette for overvaking, sensur og truslar om fengsling og internering, ifølgje Scholars at Risk.
I analysen skriv forfattarane av rapporten om eit auka press på den akademiske fridomen også i Hong Kong. Hong Kongs forskings- og utdanningsinstitusjonar har hatt ei langt friare stilling enn dei på fastlanda. Men også denne situasjonen er under endring med rapportar om veksande uro for at autonomien er i ferd med å smuldre.
Rapporten frå Scholars at Risk, som er titulert «Obstacles to Excellence», legg fram dokumentasjon på at kinesiske styresmakter hindrar den akademiske fridomen til kinesiske studentar og forskarar som er i andre land.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!