Debatt kristin bakken

Ulike føresetnader for forskings­finansiering

I arbeidet med den nye langtidsplanen forventar eg at dei negative konsekvensane av konkurranseutsetting av forskingsmidlar blir adressert.

— Søknadsskriving er ei kritisk viktig, men òg stor utgift til ganske usikker «inntekts ervervelse». Eg må telje på knappane for å sjå kor mange søknader mitt institutt har råd til å utarbeide pr år, skriv Kristin Bakken i Niku.
— Søknadsskriving er ei kritisk viktig, men òg stor utgift til ganske usikker «inntekts ervervelse». Eg må telje på knappane for å sjå kor mange søknader mitt institutt har råd til å utarbeide pr år, skriv Kristin Bakken i Niku.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

LANGTIDSPLANEN| Når regjeringa no skal revidere Langtidsplan for forsking og høgare utdanning, bør eit opplagt tema være å sjå på systemet for tildeling og fordeling av forskingsmidlar, der konkurranseutsetting lenge har vore eit viktig verkemiddel.

Premissen for å konkurranseutsette forskingsmidlar er sjølvsagt å fremje høg kvalitet på forskinga. Ein annan premiss er truleg at ein skal gje alle aktørar og institusjonar like vilkår for å få forskingsfinansiering. Dette er prisverdige omsyn. Men ettersom idealet om konkurranseutsetting i stadig større grad blir gjennomført og etterlevd, og no nærast er blitt eit mantra i politikkdokument, ser ein også tydelegare dei negative utslaga av systemet.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Dei negative ressursmessige konsekvensane av søknadsregimet er påpeikt av fleire; dette er altså ei velkjend nedside av systemet med stor grad av konkurranseutsetting av forskingsmidlar. I pressemeldinga etter sommarens tildelingar i Forskingsrådet går det fram at 260 forskarar (prosjekt) fekk støtte, medan over 2000 forskarar søkte om midlar på dei ulike programma.

Kva slags bruk av forskarårsverk representerer eigenleg denne søknadsaktiviteten? Bak kvar av dei ca 1800 prosjektsøkjarane som ikkje fekk støtte, står det forskargrupper som har lagt ned betydeleg tid og innsats på å utforme prosjekt som dei trur på, og som skal svare på alle Forskingsrådets føringar. Desse årsverka har ein pris, og for den prisen kunne ein faktisk ha fått forsking, og ikkje berre skisser til forsking som mest truleg aldri blir realisert. I eit kost-nytte-perspektiv burde nokon rekne på kva denne kostnaden er – opp mot den nytten ein får av konkurransesystemet.

For ein instituttleiar som meg, er det like interessant å stille spørsmålet om kven som betaler for kostnaden dette utgjer. Dei som stiller aller svakast er jo dei utan relevant institusjonstilknyting, som må gjere søknadsjobben på fritida. Men i dei fleste tilfella er det forskingsinstitusjonane som betaler for søknadsskrivinga. Og her er det viktig å peike på at institusjonane ikkje stiller likt.

Forskingsinstituttsektoren har eksterne bidragsinntekter som del av sin forretningsmodell, og er heilt avhengige av å få tilslag på søknader for å sikre budsjetta frå år til år. Søknadsskriving er slik ei kritisk viktig, men òg stor utgift til ganske usikker «inntekts ervervelse». Eg må telje på knappane for å sjå kor mange søknader mitt institutt har råd til å utarbeide pr år. For vi har jo ikkje høve til å bruke den avgrensa grunnfinansieringa vår til dette. Universiteta har betre vilkår, for dei får i utgangspunktet fullfinansiert sine stillingar gjennom offentlege løyvingar, og søknadsskriving er slik sett finansiert – om tida rekk til!

Når det no i UH-sektoren er stadig større krav og forventningar om å skaffe eksterne forskingsinntekter, er følgja at stadig fleire søkjer om dei same midlane. Og tendensen er at UH-sektoren får ein større og større andel av tildelte prosjekt (Sjå fasiten over årets tildelingar fordelte på institusjon: UiB håver inn kroner og OsloMet går kraftig tilbake). Grunnane kan vere mange, men det er klart at i UH-sektoren er forskingsadministrasjonane større, det same er budsjetta til søknadskonsulentar, og dessutan er vilkåra for å merittere seg som eksellent forskar truleg betre i universitetssektoren enn i instituttsektoren, der fokus alltid har lege tungt på oppdragsforsking.

Når ein i tillegg veit at sjølve søknadsarbeidet alt er betalt av offentlege kroner i UH-sektoren, er det heilt opplagt at den likeverdige konkurransesituasjonen ikkje er reell. I den eine enden står søkjarar som har lag som disponerer «høgdehus», i den andre enden står søkjarar som ikkje har plass på laget i det heile tatt. Forskingsmidlane er konkurranseutsett, blant anna for å sikre breiast mogleg tilgang til midlane, men søkjarane har ikkje dei same konkurransevilkåra.

I idrettsverda er kriteria for å lukkast ganske absolutte, den som hoppar høgast, spring raskast eller skorar flest mål, vinn. Etter fjorårets tildelingar frå Forskingsrådet blei det utløyst ein stor frustrert debatt der hovudbodskapen var at konkurransen korkje var føreseieleg eller forståeleg. Kritikken er gjentatt i sommar. Dette undergrev også sjølve konkurranseutsettinga. For om konkurransereglane ikkje ligg fast, ikkje er forståelege eller blir følgde på ein måte som inngir tillit, er det sjølvsagt mykje vanskelegare å delta i sjølve konkurransen.

Forskingsmidlane er konkurranseutsett, blant anna for å sikre breiast mogleg tilgang til midlane, men søkjarane har ikkje dei same konkurransevilkåra.

Kristin Bakken, adm.dir i Niku

Dette pregar mange forskarar i kvardagen, og systemet har grunnleggjande følger for dei. For våre forskarar handlar det faktisk om levebrød, arbeidsvilkår og i siste instans livsvilkår. I Khrono 3. juli kunne vi lese om en svensk rapport som har kartlagt forskarkvardagen. Den skildrar primært arbeidsforholda ved universiteta, men dette er forhold som det er lett å kjenne seg igjen i Noreg, ikkje minst i instituttsektoren.

Forskarstillingane her er «faste», men berre så lenge faggruppene får tilslag på eksterne forskingssøknader. Vi kjenner alle flinke forskarar som lever frå prosjekt til prosjekt, og det er ikkje til å kome frå at det ofte ligg ei implisitt forventning om at noko av jobben kanskje helst burde gjerast utanfor ordinær arbeidstid (t.d søknadsarbeid). Stikkord er høg grad av stress og utryggheit slik den svenske rapporten dokumenterer. Resultatet er arbeidsvilkår som får ungdomar til å vende seg bort frå forskarkarrieren.

På denne bakgrunnen meiner eg at konkurranseutsetting av forskingsmidlane no bør evaluerast i eit større kost-nytte-perspektiv. Kor mykje kvalitet vinn ein? Kor rettferdige og «like» er konkurransevilkåra? Kva gjer konkurransesituasjonen med balansen mellom store og små forskingsinstitusjonar, og ikkje minst mellom UH-sektoren og instituttsektoren? Er verknadene her tilsikta? Og korleis kunne ein vri den store mengda forskarårsverk som blir brukt på søknadsskriving over på substansiell forsking?

Eg har forventningar om at det i arbeidet med den nye langtidsplanen blir gjort ei grundig evaluering av sjølve forskingsfinansieringssystemet, der også dei negative konsekvensane av konkurranseutsetting av forskingsmidlar blir adressert.

Les flere innlegg om Langtidsplanen her

Powered by Labrador CMS