Tvangsflytta Steinnes på veg inn i varmen igjen på NTNU
Omplassering. Dei tilsette ved det tidlegare konfliktherja Institutt for historiske studier ved NTNU har blitt innplasserte i institutt X og Y. Tvangsflytta Kristian Steinnes er også henta tilbake.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
IFredag 15.november fekk fleire tilsette ved det tidlegare Institutt for historiske studier (IHS) ved NTNU brev om kva slags av dei to nyoppretta institutta dei skal høyre heime i.
Dei to nye institutta har førebels fått namna X og Y.
Eg har vore usikker heile vegen på om eg ville få lov til å flytte tilbake. Så eg er positiv til at eg no blir flytta tilbake.
Kristian Steinnes
Kristian Steinnes som vart tvangsflytta frå det tidlegare instituttet i september 2018, er no henta tilbake til institutt Y. Det kjem fram av brevet han har motteke frå leiinga.
Hovudtyngda av dei som er plasserte i institutt Y kjem frå forskargruppa «Fate of Nations», ifølgje brevet som er sendt ut til dei tilsette.
— Eg har vore usikker heile vegen på om eg ville få lov til å flytte tilbake. Så eg er positiv til at eg no blir flytta tilbake, seier Steinnes til Khrono.
Vil gå i dialog med leiinga
Steinnes, som er ein av Noreg sine brexit-ekspertar, har vore del av forskingsmiljøet på Europastudier. Etter det Khrono har grunn til å tru, vil brordelen av dei tilsette ved Europastudier bli plasserte i institutt X.
Brexit-eksperten blir dermed ein del av eit nytt fagmiljø. Etter planen skal den endelege oppdelinga i to institutt vere ferdige gjennomførte 16.desember.
— Eg har framleis ein god del spørsmål. Difor vil eg nytte meg av moglegheita til å gå i dialog med leiinga, seier Steinnes.
Klaga på illegitim maktbruk
Den tidlegare leiaren i Forskerforbundet ved NTNU og historieprofessor Kristian Steinnes blei i september 2018 omplassert mot si vilje, og flytta ut av dåverande Institutt for historiske studier. Grunnen var ifølge NTNU-leiinga ei konflikt med instituttleiar Tor Einar Fagerland, som påverka arbeidsmiljøet i negativ retning. 12 kollegaer protesterte mot tvangsflyttinga i eit felles brev, der dei mellom anna meinte Steinnes blei utsett for illegitim maktbruk.
Sidan den gongen har arbeidsmiljøkonflikten ved instituttet eskalert og ein faktagranskinskommisjon har gått gjennom heile konflikten.
Kan drøfte
Alle dei tilsette som no vert innplasserte i dei ulike institutta, vil alle få moglegheita til å gå i drøftingar med leiinga. I brevet alle har fått står det at «dersom du ønsker et drøftingsmøte om innplasseringen, meld fra innen én uke etter mottak av dette brevet til rådgiver... Drøftingsmøtene skal gjennomføres snarest mulig og senest innen 06.12.19. I drøftingsmøtet har du rett til å ha med deg en tillitsvalgt eller en annen tillitsperson».
NTNU har også laga ei open nettside der all informasjon i saka skal bli lagt ut.
Thomassen til institutt Y
Øyvind Thomassen, som fekk varsel om ordensstraff og tap av professortittel, som til slutt endte med skriftleg advarsel som følgje av konfliktene ved det gamle IHS, har også blitt innplassert i institutt Y.
Det har vore snakk om ei mogleg flytting av Thomassen til ei anna avdeling, ifølgje tidlegare varselbrev frå leiinga. Han fekk likevel fredag stadfesta at han blir verande i eitt av dei to historiske institutta ved universitetet.
— Er du nøgd med plasseringa?
— For meg er det heilt greit. Eg kunne ha blitt plassert både på X og Y, for eg kan jobbe med kven som helst, seier professor Thomassen, som i utgangspunktet jobba ved historieprogrammet ved det gamle IHS.
Håper på likebehandling av leiinga
Hans Otto Frøland, som er leiar for forskingsgruppa «Fate of Nations» er glad for at både Steinnes og Thomassen saman med han sjølv er plasserte i institutt Y.
Han har ikkje oversikt over kven som elles er plasserte inn blant dei han kallar «opponentane» ved institutta.
— Når vedtaket blei som det blei må vi no berre prøve å lage eit fagleg, sosialt og dynamisk fagleg miljø. Det er eg sikker på at vi skal få til, seier Frøland, som i utgangspunktet var i mot ei deling av instituttet.
Han meiner også at mykje vil avhenge av korleis dei nye institutta blir behandla av leiinga, og at det blir ei likebehandling.
— Viss fleire i moderne historie og kulturminneforvalting ønskjer seg over til institutt Y, burde det vere mogleg, meiner Frøland.
Han ser at delinga av instituttet ikkje er enkelt.
— Vi som blir flytta ut skal jo samarbeide med folk som har ønskja oss ut fordi dei ikkje tåler vårt nærvær, minner han om.
Kaldal saknar grunngjeving på plassering
Historieprofessor Ingar Kaldal som har jobba ved NTNU i 34 år er ikkje nøgd med brevet han mottok fredag. Også han er blitt plassert i institutt Y.
— Eg har ikkje vore med i konflikten på denne måten. Eg har difor sendt brev til leiinga og krev at eg får velgje sjølv kvar eg skal plasserast, seier Kaldal til Khrono.
Kaldal saknar ei grunngjeving på kvifor han er plassert i institutt Y.
NTNU-styret vedtok den 31. oktober å splitte det konfliktherja instituttet i to, etter fleire år med konflikter. Konstituert rektor Anne Borg hadde før styremøtet skissert to alternative løysingar for instituttet. Begge alternativa innebar å skilje ut forskargruppa «Fate of Nations», enten i eit eige institutt eller i eit senter.
Til slutt gjekk styret inn for å legge ned det gamle instituttet og opprett to nye og likestilte institutt. Slik såg styretvedtaket ut:
- Styret tek saka til etterretning og sluttar følgande:
- Institutt for historiske studier leggjast ned.
- Styret vedtek at:
- Det blir oppretta to nye institutt, der forskningsgruppa «Fate of Nations» som utgangspunkt utgjer kjerna i det eine instituttet. Det visast for øvrig til beskrivingane i saksframlegget.
- Stillingane som instituttleiarar blir utlyste snarast og fortrinnsvis til 31.7.2025
Styret sitt vedtak blir sett i verk i utgangspunktet 1.11.2019, og elles så raskt som praktisk mogleg. Styret viser til S-sak 34/19 og forlenger perioda kor all verksemd og alle tilsette som tidlegare var ein del av Institutt for historiske studier er direkte underlagt rektor til 16.12.2019. Frå og med 17.12.2019 vert begge dei opprettea institutta ført tilbake til Det humanistiske fakultet.
- Styret ber rektor i samråd med Det humanistiske fakultet ta i vare prosessane med å fastsette:
- Ordning for bidrag til undervisning og rettleiing på studieprogram som går på tvers av dei to institutta.
- Ordning for fordeling av bevillingar mellom institutta.
- Bemanning av dei to institutta etter drøfting med dei tillitsvalte
- Styret ber om å bli jamnleg orientert om gjenopprettingsarbeidet. Styret ber om at ordninga med to institutt vert evaulert. Evalueringa skal særleg legge vekt på arbeidet med forbetring av arbeidsmiljø, medverknad og studiekvalitet.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!