Endelig mandag. åsne høgetveit

Tre år etter disputasen kan eg enno bli overvelda av stress

«Eg må innrømme at på sjølve disputasdagen var eg så nervøs at eg nesten ikkje visste kvar eg skulle gjera av meg. Under sjølve disputasen stod eg og fylgde med på klokka for når det skulle ta slutt.»

Fyrstebibliotekar, UiT Norges arktiske universitet

I e-postloggen min frå våren 2019 ser eg at eg hadde sendt ut invitasjonar til disputasen og ikkje minst disputasfesten min. Det får meg til å reflektere både over tida mi som stipendiat – i ljos av aktuelle diskusjonar om arbeidstilhøve og psykisk helse, og over tida etter – min noverande arbeidssituasjon og dei langvarige effektane som, for meg, var den mest ekstreme arbeidssituasjonen eg har vore i.

Eg hadde ei fireårig stipendiatstilling tilknytt forskingsgruppa Russian Space: Practices, Concepts, and Representations, ved Institutt for språk og kultur ved UiT NAU. Eg veit ikkje kor interessant det er å fortelje om min personlege kamp for å bli ferdig. Om eg samanliknar med andre som har skrive godt, mellom anna i Khrono, om sine opplevingar av å vera stipendiat, så vil eg seie at eg kom greitt ut.

Det var til tider knalltøft, og gjekk utover både fysisk og mental helse, men eg hadde jamt over god støtte og vart ferdig. I tillegg hadde eg litt flaks: eg opplevde mellom anna ingen dramatiske endringar i eigen familie- eller livssituasjon.

Av tinga eg nedprioriterte det siste året var å tenke på kva eg skulle gjera etter avhandlinga. Framfor å arbeide med jobb- eller prosjektsøknadar la eg alt inn på avhandlinga. Det var sikkert lurt for å bli ferdig med avhandlinga, men det kjentest ikkje godt ut å etterpå ikkje ha noko å gå til. Dei økonomiske konsekvensane av arbeidsløyse på ubestemt tid gjorde ikkje innspurten av avhandlinga mindre stressande.

Heldigvis løyste det seg etter om lag ein måndag på dagpengar frå NAV – fyrst ei rådgjevarstilling i ein fakultetsadministrasjon, og så i byrjinga av mai fekk eg stillinga eg har i dag som fyrstebibliotekar.

Men eg gløymer ikkje kor kjipt eg syns det var å vera arbeidslaus og ikkje ane når eg kunne koma meg vidare – for det var eit ganske stilleståande og uføreseieleg tilvære. Men samanlikna med mange kollegaer var eg heldig nok til i det heile å få tilgang på dagpengar!

Eg må innrømme at sjølve disputasdagen var eg så nervøs at eg nesten ikkje visste kvar eg skulle gjera av meg. Under sjølve disputasen stod eg og fylgde med på klokka for når det skulle ta slutt. Dei som var der sa at eg greidde meg fint, og at eg ikkje verka nemneverdig nervøs. Eg må nesten berre lite på dei, for eg har ikkje særleg mykje minne av diskusjonen eller prestasjonen sjølv.

Eg sleit med å få kontakt med eigne kjensler rett etterpå. Derfor var det godt å ha ein skikkeleg fest, med kollegaer, vener og familie som liksom guida kjenslene mine dit dei burde vera. Det var ein bra fest.

Eg kan framleis, tre år seinare, kjenne på at eg kan bli uforholdsmessig overvelda av stress. Det er litt som at eg ikkje har ein skala, men berre ein av og på-brytar for stress. Når stresset tek overhand må eg bruke tid på å sortere og finne ut at litt stress er greitt, men at eg ikkje treng å gå heilt i korkje taket eller kjellaren. Akkurat dette trur eg er ein seinverknad av avhandlingsarbeidet, av å ha vore i ein tilstand av tilnærma maksimalt stress over ganske lang tid.

Eg synest sjølv at eg har bruk for erfaringane mine i min noverande jobb. Eg har mykje kontakt med studentar på alle nivå, og mange lengre rettleiingssamtalar ein-til-ein med master- og ph.d.-studentar. Det er noko av det kjekkaste eg gjer på arbeid.

Å ta ein doktorgrad er risikabelt på mange vis – òg på det personlege planet. Både dei kortsiktige og langsiktige resultata og konsekvensane er vanskelege å føreseie.

Åsne Høgetveit, fyrstebibliotekar ved UiT Norges arktiske universitet

Og sjølv om mine eigne erfaringar er viktig for meg i desse møta, betyr det ikkje at måten eg valte å løyse ting på, eller korleis eg opplevde ditt eller datt, er overførbart til andre.

Me er oss sjølve nærast, og på seg sjølv kjenner ein ingen andre.

Det er særleg to tema eg kjem attende til når eg underviser og rettleier: tidsfaktoren i arbeidet studentane skal gjera, og det å laga seg gode arbeidsvanar. At det er akkurat desse tema eg vel å bruke tid på har utgangspunkt i eigne og tidlegare medstudentars og kollegaers erfaringar, og at eg har inntrykk av at dette er ting dei ofte ikkje høyrer frå andre.

Jauda, studentane er fullstendig klar over at dei har ein frist dei skal levere til, eller har finansiering som gjeng ut. Men utover det blir ikkje nødvendigvis tidsfaktoren snakka mykje om som ein sentral faktor for korleis oppgåva eller avhandlinga til slutt endar opp.

Sluttresultatet må bli vurdert ut ifrå tida det er meint at ein skal ha arbeidd. Så må ein sjølvsagt ha eit medvite forhold til alt ein har valt vekk av omsyn til tid (lese den eller den teksten; søkt i den og den databasen, osb.). Det vil vera eit naturleg tema å drøfte tidsbruk på mange munnlege eksamenar eller disputasar.

Mitt inntrykk er at mange senkar akslene av å tenke at arbeidet deira skal spegle tida dei har bruka, og at sluttresultatet ikkje skal vera perfekt uavhengig av arbeidstimane som er lagt ned. I praksis er det samstundes slik at det i byrjinga er vanskeleg å vita kor lang tid prosjektet vil ta, særleg eit doktorgradsarbeid.

Derfor er det òg viktig at rettleiarar og forskingsgrupper hjelper studentane å justere prosjektet undervegs – og ikkje let studentane køyre seg fast i uhandterlege prosjekt.

Det er kanskje ikkje heller heilt rett å påstå at studentar ikkje har fått høyre at dei treng gode arbeidsvanar. Men det blir gjerne ikkje konkretisert eller sett ord på kva gode arbeidsvanar er, eller korleis ein kan laga seg slike. Dessutan er det ikkje sikkert vanane som har fungert greitt til no er dei ein treng i arbeidet framover.

Då er det viktig å ha eit språk for å snakke om vanar, uvanar, vanskar, styrkar og behov. Eg brukar mest tid på å snakke om skrivevanar, og korleis det å delta i ulike formar for skrivegrupper (t.d. Shut Up and Write) gjev stort utbytte for mange.

For min eigen del var det under eit fem månadar lagt opphald i London som doktorgradsstudent at eg byrja å bruke skriveseminar. Det var delvis fordi det var nokså einsamt å vera der og delvis fordi det verka som eit godt opplegg for å skrive betre.

Det å nytte meg av universitetets ulike skrivetilbod vart ein viktig sosial møteplass for meg. Då eg kom att til Tromsø etterpå deltok eg nesten i alt eg kom over av liknande seminar, og var med å laga eit eige lågterskeltilbod på instituttet eg var tilknytt.

I min noverande jobb har eg sett meg meir inn i forsking på og undersøkingar av effekten av ulike typar skriveseminar, og arbeider med å utvikle eit tilbod ved universitetsbiblioteket.

Framfor å skulle arrangere eigne seminar satsar eg på å hjelpe andre å utvikle eksisterande eller laga eigne nye skriveseminar og -grupper. I tillegg oppmodar eg omtrent alle eg snakkar med til å teste ut ulike typar skriveseminar. For sjølv om det ikkje er like utbytterikt for alle, så vil nok dei fleste bli meir medvitne på eige arbeid av å teste ut ein ny arbeidsmetode.

Å ta ein doktorgrad er risikabelt på mange vis – òg på det personlege planet. Både dei kortsiktige og langsiktige resultata og konsekvensane er vanskelege å føreseie.

Les også:

Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS