Debatt ● Kåre S. Fuglseth, Nuno Marques, Elin Ørjasæter og Reidar Aasgaard
Til forsvar for Senterpartiet sin kunnskapspolitikk
Det er faktisk nokon i akademia som synest avgangen til Senterpartiet er trist. Det er fleire grunnar til det.


Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
«Det er et ingen sorg å spore i akademia over at Senterpartiet har forlatt regjeringen», skriv redaktør Tove Lie i Khrono (31.1.) i ei vurdering av dei tre åra partiet hadde statsråden for forsking og høgare utdanning i Kunnskapsdepartementet. I ei underleg samanblanding av politikk og person skriv redaktøren i Forskning.no Aksel Kjær Vidnes (31.1.) jamvel at «[n]å er det slutt på Senterpartiets kaotiske styring av norsk forskning».
Det verkar som om dei begge trur at akademia har felt ein felles dom over innsatsen frå Senterpartiet i kunnskapspolitikken dei siste tre åra. Så enkelt er det sjølvsagt ikkje. Domen er i alle fall ikkje svart-kvit.
Det er faktisk nokon som synest avgangen er trist. Det er fleire grunnar til det.
Når Senterpartiet gjekk til val på å gjenopprette utdanninga på Nesna, så er det ikkje så rart at dette var noko av det første statsråden frå Senterpartiet tok tak i etter valet. Å leggje ned Nesna var ikkje berre å leggje ned ein studiestad; det truga med å leggje ned eit heilt lokalsamfunn.
Her var det Nord universitet som ikkje var medviten om samfunnsansvaret sitt. Det er ein tendens til at leiarar ved dei største universiteta – i iveren etter eigen vekst? – ikkje er medvitne nok om den sterke nasjonalt sentraliserande effekten institusjonane deira har: Der unge må reise for å ta utdanninga si, blir særs ofte staden dei òg etablerer seg med familie og jobb. Eit eksempel på ei slik haldning er UiS-rektor Klaus Mohn sin kritikk av fleircampus-ordningar og desentraliserte tilbod i Klassekampen (4.2.).
Ein viktig del av distriktssatsinga er nettopp at vi legg til rette for profesjons- og andre utdanningar i distrikta. Distriktsatsinga har vore det mest vellukka som Støre 1-regjeringa gjorde i kunnskapspolitikken. Dette bør ikkje endrast framover, men heller bli styrkt.
Distriktsatsinga har vore det mest vellukka som Støre 1-regjeringa gjorde i kunnskapspolitikken. Dette bør ikkje endrast framover, men heller bli styrkt.
Fuglseth, Marques, Ørjasæter og Aasgaard
Vidare har Senterpartiet i regjeringa kjempa for å styrkje ordningane som gir studielånslette til folk i distrikta. Alle som jobbar og bur i ein av dei 189 kommunane som frå 1. januar 2025 er på sentralitetsnivå 5 og 6 i SSB si inndeling, eller som flyttar dit etter denne datoen, kan etter eitt år få redusert studielånet sitt med 25 000 kroner per år.
For dei som bur i innsatsområdet, altså ein av dei 25 kommunane i Finnmark og Nord-Troms, aukar Regjeringa summen som kan slettast frå 30 000 til 60 000 kroner årleg for alle som startar oppteningsperioden frå 1. januar 2025.
Likeins løfta statsrådane opp norsk språk i akademia. Utdanning og forsking må stå på to bein, ein må vere både nasjonal og internasjonal. Vi treng forskarar som kan norsk, som kan utvikle norsk som fagspråk og formidle på norsk. Slik dannar vi oss sjølve som nasjon og demokrati.
Dette vonar vi òg ikkje nokon vil endre på. Det er fint å registrere at UiO i sin nett vedtekne, nye språkpolitikk (Uniforum 4.2.) legg meir vekt på bruk og styrking av norsk fagspråk, sjølv om ein her kunne ha vore endå tydelegare.
Det er mange, og særleg rektorar, som klagar over finansieringa. Sjølvsagt er det viktig at sektoren ikkje sakkar etter. Men økonomien i sektoren står ikkje isolert.
Rektorane må kanskje «kjempe» for sine institusjonar, men det går an å sjå litt ut over eigen sektor og leggje bort utestemma når ein drøftar finansieringa. Det gjer alt ovanfor nemnde Mohn, som ikkje vil svartmale, og UiT-rektoren Dag Rune Olsen, som seier at dei kom godt ut av perioden (Khrono 31.1.).
Koplinga mellom publikasjonspoeng og pengar eller incentivmidlar er òg borte, ei ordning som hadde overlevd seg sjølv.
Vi tykkjer det var synd at Oddmund Hoel ikkje fekk fullføre dei to planlagde stortingsmeldingane om forskingssystemet og høgare yrkesfagleg utdanning, og vi vonar at den nye statsråden ikkje endrar den kursen som forgjengaren hennar sette på alle desse områda som vi her har trekt fram.
Vi gjer merksam på at tre av dei fire forfattarane av dette innlegget, Kåre S. Fuglseth, Nuno Marques og Reidar Aasgaard, er medlem av Senterpartiet.