nye universitet

No blir det universitet på «kvart nes». — Vi berre justerer kartet etter terrenget

Ti universitet i Oslo. Tre i Bergen. Universitetsbyen Molde. No går nye og  enklare krav for å få vere universitet ut på høyring.

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel møtte sist veke rektor ved NHH, Øystein Thøgersen. Hoel er klar for mange nye universitet. Thøgersen er klar for å leie eitt av dei.
Publisert Oppdatert

— I vårt DNA liknar vi på dei etablerte universiteta. Med unntak av at vi er mykje spissare, slår rektor Øystein Thøgersen ved Norges Handelshøgskole (NHH) fast.

Noregs handelsuniversitet? NHU? Bergen School of Economics? BSE?

Den siste forkortinga har truleg for sterke assosiasjonar til bovin spongiform encefalopati, BSE, det medisinske namnet for kugalskap. Dessutan har det «skule» i namnet.

Utfordringa er ikkje kvantum produsert forsking. Derimot kan det bli eit arbeid å finne eit namn som fungerer — som ikkje kastar den sterke «merkevara» — NHH — ut med badevatnet. Utover dette er det berre snakk om litt papirarbeid før høgskolen i Sandviken kan bli universitet.

På andre sida av det romslege styreromsbordet på Noregs handelshøgskole, since 1936 NHH, sit statsråd Oddmund Hoel (Sp). Han er på bergensbesøk, og ser innom utdanningsinstitusjonen han som ungdom søkte på, og kom inn på, men takka nei til. 

Tema er mellom anna universitetsframtida for NHH og for alle andre, nesten.

— Vi berre justerer kartet etter terrenget, seier statsråden til Khrono.

Om ikkje noko heilt uventa skjer, vil vi ein gong etter 2027 ikkje lenger berre ha ti universitet, som i dag. Eller fire, som i 2004. Eller eitt, som vi hadde fram til 1946.

Vi vil ha minst tjue universitet i Noreg.

Rosenes universitet

I dag, tysdag, sender Hoel eit enklare regelverk ut på høyring, med justerte krav for å kunne bli universitet — og for å kunne halde fram med å vere universitet. 

Eitt av Noregs yngste universitet, Nord universitetet streva på kanten av stupet i fleire år etter at det oppstod i 2016. Det var tungt å nå opp til kravet om til ei kvar tid å ha fire doktorgradsprogram gåande.

Øystein Thøgersen tar imot Oddmund Hoel og hans vesle entourage ppå det som kan bli ... ja, kva skal det bli? Det einaste som er rimeleg klart er at NHH kjem til å bli universitet.

No skal det halde med eitt doktorgradsprogram. I tillegg vil regjeringa gjere det lettare for vitskapelege høgskular å bli universitet. Dei har for lenge sidan stilt seg opp i køen.

På det nye kartet, og truleg i terrenget, ligg det an til at Oslo kan bli ein hovudstad med opptil ti av desse universiteta. 

Fakta

Nye universitetsreglar

  •  Frå neste år skal Noreg få nye reglar for kva som skal til for å bli universitet.
  • Målet er ifølgje regjeringa mindre byråkrati og universitetskrav som passar betre med landskapet for høgare utdanning.
  • I dag er det krav om fire doktorgradsprogram for å bli universitet. Regjeringa vil endre dette, og foreslår at det skal vere krav om minst eitt doktorgradsprogram.
  • Institusjonen må hadoktorgradsutdanning som dekker det vesentlege av fagtilbodet. Dette gjer at institusjonar med eit breitt fagtilbod i praksis må ha meir enn éi doktorgradsutdanning.
  • Regjeringa foreslår å vidareføre kravet om stabil forskarutdanning innanfor det vesentlege av fagområda. Det inneber at institusjonen minst må uteksaminere fem doktorgradskandidatar per år over ein treårsperiode og ha tatt opp minst 15 doktorgradsstudentar per år i snitt over ein periode på fem år. 
  • Dagens vitskapelege høgskular kan bli universitet etter ein forenkla prosedyre.

Byen mest kjend som rosenes, Molde, blir truleg universitetsby på Nordvestlandet.

I Bergen kjem det til å bli tre, med Høgskulen på Vestlandet og NHH, kanskje fire, dersom ein skal rekne med VID Vitenskapelige høgskoles campus byen.

Oddmund Hoel, den tredje forskings- og høgare utdanningsministeren i dagens regjering som handterer regelendringane, ventar seg ikkje dei store utropa i høyringsrunden. Han peikar på at hovudtrekka allereie er sikra fleirtal i Stortinget via profesjonsmeldinga.

Venter ingen protest

— Eg ventar ingen store innvendingar, sidan dette er blitt veldig godt mottatt i sektoren. Ei ekspertgruppe greidde ut endringane og kom med framlegg som vi langt på veg følgjer. Då den var ute på høyring, var mottakinga i sektoren veldig god, seier Hoel.

Noreg har seks statlege og tre private vitskapelege høgskolar. Med nokre små spørsmålsteikn knytt til BI, Arkitekt- og designhøgskolen i Oslo (AHO) og Noregs idrettshøgskole, er det sannsynleg at alle desse etter kvart vil ta steget opp, eller bort frå høgskolestatus, og bli universitet, slik Khrono tolkar det.

— Vi er i utgangspunktet positivt innstilte til å sjå på moglegheitene det kan gi oss å bli universitet, seier rektor ved AHO, Irene Alma Lønne.

Rektor ved Noregs idrettshøgskole, Lars Tore Ronglan, seier dei enno ikkje har tatt den interne diskusjonen.

Med NHH, Noregs musikkhøgskole, Kunsthøgskolen i Oslo, VID vitenskapelige høgskole (som også har campusar i Bergen og Stavanger), MF vitenskapelig høyskole — i tillegg til Universitet i Oslo og OsloMet — kan det det til slutt bli ti nye universitet å velje mellom i hovudstaden. Også Høyskolen Kristiania, ein privat høgskole har signalisert universitetsambisjonar. 

Dei såkalla krav til volum per doktorgrad blir dei same, men sidan kravet om doktorgradar blir senka frå fire til ein, blir volumkrava tilsvarande lågare. For å vere universitet, skal det uansett forskast, og då må institusjonen få fram minst fem doktorgradskandidatar innan ein treårsperiode.

For NHH, som har hatt 80 stipendiatar til ei kvar tid dei siste åra, er terskelen låg. For andre kan nettopp dette vere terskelen.

Også høgskulestudentane fekk vere med på møte med statsråden. Dei var meir opptatt av studentøkonomi enn status som universitet eller ikkje universitet.

Det er 30 år sidan ein annan statsråd, Gudmund Hernes får Arbeidarpartiet, justerte sitt kart til terrenget. I 1994 kom høgskolereforma som reduserte og fusjonerte heile 98 høgskolar til 26.

Det høge talet på høgskolar sprang ut av eit anna reformarbeid, basert på Ottosen-komiteen (1965-70). Opptrappinga og utbygginga av utdanningssystemet, i distriktspolitikkens namn, gav opphav til det stadig repeterte uttrykket «høgskole på kvart nes», som sjeldan er positivt meint.

«Kvart nes» på nytt

«Høgskolereforma av 1994 gikk jo bort fra «høgskole på kvart nes» — nå har vi fått en master i hver krok», sa Gudmund Hernes i eit Khrono-intervju i 2020, der han såg tilbake på reformgjerninga si.

— Får vi no endeleg eit universitet «på kvart nes», Oddmund Hoel?

— Det som har skjedd dei siste 30 åra, er at vi dels har fått ei lang rad fusjonar, og dels har vi fått ei lang rekke nye universitet. Vi har i dag ikkje eit eigentleg og tydeleg skilje mellom kva som er eit universitet og kva som er ein høgskole. Vi lagar eit nytt kart, som no stemmer betre med det terrenget vi har ute i institusjonslandskapet.

— Det dreier seg altså meir eller mindre om formalitetar?

— Dette blir berre ei fornuftig tilpassing til situasjonen vi faktisk har i dag, som tar sikte på å avbyråkratisere altfor omstendelege prosessar rundt det å bli universitet. Verken samfunnet eller akademia har nytte av å bygge opp ei rekke doktorgradsprogram berre for å møte formalkrav. Politisk er hovudtrekka allereie avklart, men der er mange detaljar som vi ønsker at høyringsrunden skal bidra til å opplyse.

— Er det eit element av stas i å heller vere universitet enn høgskole, som gjer at så mange i sektoren blir glade, trur du?

— Det som kjenneteiknar eit universitet, og som skil det frå ein skule, er at det ikkje berre føregår utdanning der, men også forsking og forskarutdanning. Og det gjer det de facto på alle våre høgskular. Og så har vi laga nokre minstekrav som skal oppfyllast. Det er særleg to grunnar til at institusjonar vil bli universitet. Det eine er at dei får fleire faglege fullmakter, altså ein kan på eigen kjøl opprette alle typar studium, framfor å måtte søke Nokut, godkjenningsorganet, om godkjenning. Det andre er at det gjer det mykje lettare å samarbeide internasjonalt, seier Hoel.

Skule, skal ikkje?

I løpet av sommaren og hausten kjem altså spørsmålet til å trenge seg på med full styrke på mange «nes» — å vere eller ikkje vere eit universitet?

Kva med Samisk høgskole? Blir berre Høgskolen i Østfold og Høgskulen i Volda ståande igjen på perrongen, av dei statlege høgskolane? 

— Vi har så vidt diskutert det i styret. Om det ikkje blir endringar i forskrifta har vi ikkje moglegheit. Blir det for eksempel krav om éin doktorgrad, så er dette ein mykje meir spennande diskusjon for oss, seier rektor ved Høgskulen i Volda, Odd Helge Mjellem Tonheim.

Ved Høgskolen i Østfold formidlar informasjonssjef Tore Petter Engen følgjande melding:

— Høgskolen i Østfold har ingen uttalt ambisjon om universitetsstatus på noverande tidspunkt. Dersom akkrediteringsreglar blir endra vil likevel spørsmålet vere naturleg å drøfte i starten av neste styre- og åremålsperiode.

Kan BI vere «skule» når NHH blir universitet?

NHH-rektor Thøgersen er i alle fall heilt klar. Det var berre det med namnet, det sterke merkenamnet. 

— Dette trur eg skal vere ei overkomeleg utfordring for oss, seier han.

Oddmund Hoel seier han har tenkte til å vere statsråd lenge.

Statsråd Hoel, som er professor i historie i Sogndal, ved Høgskulen på Vestlandet, vil ikkje seie om det vil gjere nokon forskjell for han — den dagen han eventuelt vender tilbake til jobben der — som universitetsprofessor.

— Eg trur ikkje eg skal gå inn på noko som helst om livet etter at eg er statsråd. For det har eg tenkt til å vere veldig lenge, seier han.

Endringslogg 11.6. 2024 kl 9.24: Høyskolen Kristiania var opphavleg ikkje nemnt i teksten, men er tatt med. Høyskolen Kristiania er ein privat høgskole som har signalisert universitetsambisjonar. Det betyr at det kan bli ti universitet i Oslo. Det stod også at Nord universitet er Noregs nest yngste universitet. Det er ikkje rett. Noregs nest yngste er OsloMet.

Powered by Labrador CMS