Debatt ● yngve flo

Teatervitskap: Var det ikkje eit spel vi skulle unngå?

Heming Gujord tek avstand frå spel og tilfeldigheiter i prosessen kring den nye bemanningsplanen ved HF på UiB. Diverre risikerer han å gjere seg til talsmann for det han seier å vere imot, skriv Yngve Flo i eit svar.

Studentar ved Det humanistiske fakultetet og Fakultet for kunst, musikk og design rapporterer om dårlegast psykisk helse. HF-dekan Jørgen Sejersted er uroa.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Fredag 14. april skreiv eg ein kronikk i Khrono der eg hevda at kunnskapsgrunnlaget for den nye bemanningsstrategien ved HF er solid, og der eg tok til orde for at fakultetsstyret — gjeven dei dystre økonomiske rammene — bør gjere vedtak i samsvar med tilrådinga. Tysdag 18. april fekk eg tilsvar same stad frå undervisningskoordinator Heming Gujord ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), der han polemiserer imot meg, og samstundes forsvarar ynsket om å endre prioriteringane i bemanningsplanen.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Gujord gjer oss alle ei teneste når han går ut og tydeleggjer si eiga tenking med utgangspunkt i kronikken min. Eg trur eit ope, offentleg ordskifte om desse spørsmåla er sunt, og skulle gjerne ha sett at representantar for endå fleire fag engasjerte seg. I beste fall kan vi i fellesskap få fram viktige avklåringar i framkant av det avgjerande møtet i fakultetsstyret den 9. mai. I denne omgang skal eg kome med nokre merknader til dei delane av tilsvaret frå Gujord der det er tydeleg at han og eg har ulike vurderingar i prinsipielle spørsmål, og eg freistar — vonleg utan å gjere for stor vald på det Gujord skriv — å summere desse opp i tre punkt.

1) Er sjølve formene kring bemanningsarbeidet grunnleggjande urettvise? I tilsvaret konstaterer Gujord at stillingsvernet ved Det humanistiske fakultetet (HF) er sterkt. På den eine sida framhevar han dette som noko bra (der er vi hjartans samde), men på den andre sida meiner han at denne premissen undergrev føresetnadene for å utvikle fornuftige bemanningsplanar. I praksis skjer det berre omdisponering i planen når stillingar av ulike grunnar vert ledige, og dette inneber at ressursar ikkje vert flytta fritt i samsvar med kunnskapsgrunnlaget, skriv han. Underforstått: Det finst fagmiljø ved HF som scorar svært dårleg på kriteria i bemanningsplanen, men som likevel ikkje får inndrege stillingar, fordi UiB ikkje seier opp folk. Av dette dreg Gujord igjen den slutninga at forholdet mellom kunnskapsgrunnlag og bemanningsplan kan bli «eit narrespel» eller «styring etter tilfeldighetsprinsippet», fordi ingen fag i seg sjølv er skuld i avgangane dei har.

Ein kan heilt sikkert påvise paradoksale trekk ved systemet, og det er nok heilt rett at prioriteringane ville ha vore annleis i ein tenkt situasjon der alle stillingar ved HF konstant var i spel. Men er dagens system difor urettvist? Ein kan naturlegvis som fagmiljø vere heldig eller uheldig med timinga, og eg har forståing for at dårleg timing kan gje grobotn for kjensla av å verte uskuldig straffa. Samstundes innhentar avgangane oss alle, og så vidt eg kjenner til, har HF den hjartelause, men fornuftige praksisen at ingen avgangar vert vidareførte på rein automatikk. Dette sikrar, iallfall over tid, så mykje rettferd som vi rimeleg kan forvente i avveginga av ressursfordelinga mellom ulike fag. Eg ser iallfall ingen realistiske, alternative løysingar. Og eg ser heller ikkje at stillingsvernets forrang inneber at kunnskapsgrunnlaget vert eit narrespel. At det ikkje finst full handlefridom er vel ikkje det same som at det ikkje kan lagast eit godt kunnskapsgrunnlag og klåre spelereglar for dei disposisjonane ein faktisk har høve til å gjere?

2) Er det udemokratisk å stille krav til den faglege forankringa for avgjerder i fakultetsstyret? I den delen av tilsvaret der brodden mot underteikna er tydelegast, stemplar Gujord argumentasjonen min som uttrykk for «eit demokratisk dobbeltbokhalderi». Han kostar heldigvis på seg ein liten modifikasjon når han presiserer at vurderingane mine «i verste fall» kan lesast på denne måten. Eg er raus, og tolkar dette som eit teikn på at han er i stand til å avsløre sin eigen stråmannsargumentasjon. Utgangspunktet for karakteristikken er at eg i omtalen av disposisjonar fakultetsstyret i har gjort og skal gjere, har understreka verdien av å ta avgjerder forankra i kunnskapsgrunnlaget. Gujord får, iallfall utan grunnlag i noko eg har skrive eller meint, dette til å høyrest ut som om eg ynskjer å gjere fakultetsstyret til eit sandpåstrøingsorgan.

Det burde vere unødvendig å presisere at eg naturlegvis respekterer den retten fakultetsstyret til liks med alle andre representative forsamlingar har til å gjere sjølvstendige avgjerder ut frå det mandatet ein har. Dette utgangspunktet er naturlegvis ikkje eit stengsel for at eg og alle andre kan uttrykkje både tilslutnad til og kritikk mot dei avgjerdene desse organa gjer, til dømes basert på kor god eller dårleg funderte vi meiner avgjerdene er. Dette er langt ifrå demokratisk dobbeltbokhalderi. Tvert imot er dette noko av kjernen i demokratiet.

Ein kan ikkje overlate avgjerda til eit «kunnskapsgrunnlag», skriv Gujord, og det har han sjølvsagt rett i. Samstundes kan vi stille heilt legitime krav til at avgjerdsorganet tek utgreiinga og tilrådinga på alvor, særleg i dette tilfellet. Eg minner om at den solide saksutgreiinga er forankra nettopp i fakultetsstyret, og at dette styret aktivt har gjeve tilslutnad til — og har hatt rikeleg med høve til å forme — kriteriesystemet, som i praksis også er eit sett av spelereglar for korleis prosessen skal gjennomførast. Fakultetsstyret har dermed som eit demokratisk organ allereie avgjort kva som skal vere relevant og kva som ikkje skal vere relevant ved avvegingane. Ved å verte samde om prinsippa i ein prosess som var open og gjennomsiktig, sikra ein seg — det var iallfall tanken! — eit solid grunnlag for å einast også om dei tyngste avgjerdene.

Det er altså ikkje slik at framlegget til bemanningsplan er eit reint administrativt produkt, som fakultetsstyret fyrst no i sluttfasen vert presentert for og skal ta stilling til på politisk og demokratisk vis. Framlegget er i seg sjølv eit produkt av politiske føringar frå fakultetsstyret. Av respekt for dei demokratisk fatta avgjerdene fakultetsstyret allereie har teke — og dessutan av respekt for alle dei som dette organet representerer — er det høgst rimeleg å forvente at fakultetsstyret legg stor vekt på å sikre konsistens i måten det handterer denne saka på.

3) Er kunnskapsgrunnlaget tilstrekkeleg for å ta ei avgjerd?

I innlegget mitt i Khrono roste eg prosessen kring, og det faglege arbeidet med, å utvikle bemanningsplanen, samstundes som eg åtvara mot dei tendensane eg såg til å ville delegitimere heile kunnskapsgrunnlaget for bemanningsplanen. Eg oppfattar diverre at Gujord gjev uttrykk for den sistnemnte strategien. Framstillinga av «narrespelet» dreg i denne retninga, og det same gjer freistnaden på å differensiere mellom «kunnskapsgrunnlaget» på den eine sida (Gujord set talande nok omgrepet i hermeteikn) og konsekvensane av vedtaket på den andre sida.

Men med dette unnslår han at bemanningsplanen i realiteten er ei konsekvensutgreiing. Planen diskuterer gjennomgåande korleis ein bør gå fram for å oppnå positive konsekvensar og å unngå negative konsekvensar. For å blinke ut dei relevante konsekvensvurderingane er det — demokratisk forankra i fakultetsstyret, og etter ein solid prosess der alle fagmiljø har hatt rikeleg med høve til å kome med innspel — utforma eit kriteriesystem og eit metodisk opplegg som, basert på dei erfaringar vi har, søkjer å identifisere dei rette handlingsvala. Difor speglar bemanningsplanen mellom anna ambisjonen om å styre dei faglege ressursane på ein slik måte at dei sikrar størst mogleg økonomisk berekraft for fakultetet sett under eitt, og at dei kjem flest mogleg studentar til gode gjennom undervisning, rettleiing og anna oppfølging. Konsekvensane av å ta ei avgjerd i strid med denne tilrådinga er då logisk sett at ein undergrev desse viktige måla.

Når Gujord kritiserer manglande merksemd kring «konsekvensar», og viser til at det finst «verdiar som ikkje kjem fram i det gjeldande kunnskapsgrunnlaget» er det vanskeleg å lese dette som noko anna enn ei slags misnøye over at visse kriterium ikkje var innarbeidde i bemanningsplanen frå starten av. Eg les vel to eller tre potensielle nye kriterium (i tillegg til dei vedtekne tre) ut refleksjonane til Gujord: Han ville ha hatt ein slags premiss om ei fagleg minimumsbemanning knytt til einskildfag, og eitt eller to kriterium som på eitt eller anna vis fangar opp den praktiske nytteverdien eller kulturelle meirverdien kvart einskild fag har for samfunnet i stort.

Eg er av grunnar eg ikkje skal utbrodere her usamd i at slike kriterium burde ha vore innarbeidde, men det sentrale i denne samanheng er at framlegg om slike premissar for arbeidet burde ha vore spelte inn for lengst. Ut frå kunnskapen vi hadde for eitt år sidan — og ut frå erfaringar til dømes frå bemanningsplanen som vart vedteken i 2018 — kan det umogleg ha kome som ei overrasking for nokon at det kunne kome kuttforslag med negative konsekvensar for mange fag, både store og små. Om nokon i fakultetsstyret eller kor som helst på HF prinsipielt meinte at det var viktig å gje dei minste faga eit særskild vern mot kutt, er det merkverdig at dette ikkje vart tydeleg artikulert i fjor vår. Det er definitivt ikkje opplagt at eit slikt initiativ ville ha ført fram, men det ville iallfall ha gjeve den naudsynte prinsipielle avklåringa før bemanningsplanen og tilrådinga vart utarbeidd. Då ville ein sleppe at kravet om fagleg nedleggingsvern dukka opp som ein heilt ny speleregel i siste sekund, knytt til heilt spesifikke avvegingar.

For spel og tilfeldigheiter — var det ikkje det vi skulle unngå?

Powered by Labrador CMS