akademia sett utanfrå

I dag skal biskop Kari Veiteberg bera krossen i gatene i Oslo. For henne, som allereie hadde presteutdanning, vart eit mellomfag i teatervitskap heilt avgjerande for vidare karriere.

Biskop Kari Veiteberg er oppteken av det ho kallar undringsfag. Ho har fått fagleg påfyll gjennom heile yrkeslivet, og byrja å studera teologi først og fremst fordi ho nettopp undra.

— Det trengst ei felles forståing i folkevalde organ om at akademia ikkje er noko ein har for å skaffa meir økonomisk vekst

Publisert Oppdatert

Biskop Kari Veiteberg har gjort unna nokre dagar på hytta på Ustaoset. Ho er attende i byen sin — Oslo. Her har ho studert, jobba og levd i mange år, og i dag er ho biskop i Oslo bispedømme. Med seg i bagasjen har ho både presteutdanning, doktorgrad i liturgi, mellomfag i teatervitskap og eit halvvegs fagforfattarstudie.

Fakta

Akademia sett utenfra

— Eg var student ved Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo med sterke røyster som Inge Lønning og Jacob Jervell. Det var nok fakultetet si glanstid, teologane då var ein synleg del av den offentlege samtalen, seier Veiteberg.

— Som biskop har eg ei røyst. Den ønskjer eg å bruka til å seia i frå med, både når menneske og natur vert trakka på. Etikk er del av teologifaget, og eg ser korleis religion og verdiar vert brukt både for det gode og for noko som ikkje er så godt. Då må noko seiast.

No har Khrono bede Veiteberg bruka røysta si til å seia noko om akademia — sett utanfrå.

Jamnt fagleg påfyll

Men utanfrå og utanfrå. Veiteberg seier at ho oppfattar seg sjølv som ein del av akademia. Foreldra hennar var lærarar ved det som den gongen var lærarhøgskulen på Stord, og dottera vaks opp i eit akademisk stimulerande miljø. Då ho sjølv var ferdig med det som heitte gymnas var det aldri snakk om noko anna enn at ho skulle studera.

— Eg byrja med ex.phil på Universitetet i Bergen, og sidan har eg halde fram, seier ho og smiler.

— Då eg byrja på teologi gjorde eg det fordi eg ville vita meir om Gud. Eg var fagleg nyfiken.

Seinare har ho sytt for fagleg påfyll, og ho vert òg brukt som opponent, mellom anna i idehistorie. Å studera gjennom yrkeslivet har vore heilt naudsynt, seier ho, dersom ein skal kunne ha den jobben ho har.

— Då eg studerte teologi på 1980-talet var mest det mellomaldrande menn frå Tyskland som var premissleverandørar. Det kom kvinner på pensum etter kvart og eg håpar eg at eg sjølv fagleg ikkje er den same i dag som eg var som 20-åring.

— Kunne du brukt røysta di på same måte som du gjer no dersom du hadde vorte verande i akademia?

— Eg veit ikkje om eg då hadde fått den plattforma. Sjølv tenkjer eg at truverdet mitt kjem frå faget, men òg frå praksis. Eg kunne halde fram med å forska på liturgi, men eg valde å verta ein del av praksisfeltet, seier Veiteberg.

Ho held fram:

— Med teologi, samfunnsengasjement, teatervitskap og gudstru trur eg eg best er brukt som biskop.

Ho har mellom anna budd i eit mikrohus for å utfordra seg sjølv. Kari Veiteberg brukar røysta si til å seia ifrå når menneske eller natur vert trakka på, og er oppteken av at ho har eit ansvar for det barnebarnet hennar skal overta.

Er det marknaden som styrer?

For nokre veker sidan brukte Veiteberg røysta si for teatervitskap. Som Khrono har skrive, ligg det eit forslag på bordet ved Universitetet i Bergen, den einaste utdanningsinsitusjonen som tilbyr dette faget til topps, som i praksis vil bety at faget vert lagt ned.

— Eg hadde aldri vorte biskop utan dette faget, skreiv Veiteberg på Facebook.

Meir om teatervitskap seinare. Men først nokre tankar om dei små humaniorafaga — og om danning. For:

— Er det marknaden som styrer akademia, spør Veiteberg, lettare retorisk.

— Kva misser me dersom færre og færre tek fag som teatervitskap, litteratur og teologi?

Ho kallar desse faga undringsfag, og seier at ho sjølv fekk ei parallell danningsreise og ei anna søyle å støtta seg til då ho tok teatervitskap. I yrkeslivet har ho òg gått fram og tilbake mellom praksisfelt og meir administrative leiarstillingar.

— Me treng hermeneutikk. Me treng epistemiologi. Me vert fattige utan dette. Det trengst ei felles forståing i folkevalde organ om at akademia ikkje er noko ein har for å skaffa meir økonomisk vekst.

I påska skal biskopen ha gudsteneste i Oslo domkyrkje. Ho vil gjera døra høg og porten vid, og lata barn vera barn — ikkje hysja, slik ho opplevde at vaksne gjorde då ho sjølv var barn.

Fortetta handling

Å jobba med gudstenester og å jobba med dei ulike livsritene liknar førestellingar, seier biskopen.

— Det sit menneske i eit rom, det er ei ganske fortetta handling. Som prest hadde eg lært å lesa tekstar og eg hadde lært å halda talar, men då eg tok teatervitskap såg eg mange parallellar mellom teaterliv og religiøse ritual, fortel Veiteberg.

Ho søkte stillinga som gateprest, og jobba som det då ho vart utnemd til biskop.

— Har ein ulike roller òg knytt til religiøse hendingar?

— Ja, det har ein, men kva roller? Mi rolle som liturg og prest handlar ofte om å legga til rette for medskaping.

I dag, på langfredag, har biskopen Oslo sentrum som ei scene. Slik ho gjorde som gateprest i hovudstaden skal ho, saman med andre, bera krossen gjennom sentrumsgatene, som eit teikn på Jesu' liding.

Påska er det viktigaste Veiteberg forankrar trua si i. I tillegg til vandring utandørs skal ho halda gudsteneste i Oslo domkyrkje 1. påskedag.

— For meg er påskefeiring smak og lukt, song og handlingar for folk i alle aldrar. Eg vil at me skal vera gode mot kvarandre, og oppmodar meg sjølv og andre til å dela raust brød, marsipan og sjokolade. Og eg vil ikkje at barnebarnet mitt skal verta hysja på under gudstenestene slik mange i min generasjon vart, seier Veiteberg.

Hersketeknikk

Før jul fortalde Khrono om økonomiprofessor Ola Grytten. Han er open om trua si og aktiv i Frelsesarmeen. Det vert han tidvis hetsa for, fortalde Grytten.

— Går det opp å vera vitskapsmenneske og kristen?

— Å påstå at ein ikkje kan kombinera kristentru og vitskapleg forsking, høyrest ut som ein hersketeknikk, seier Veiteberg.

— I dag er det få som vil seia at Big Bang ikkje kan foreinast med dei første sidene i Bibelen. Ein har og innsett at ingen menneske er nøytrale eller driv med objektiv forsking, alle er me situert og forskar utifrå ein ståstad. Og å vera religiøs ser eg på som ein rikdom i eit menneskeliv. Her har dei muslimske vennene våre hjulpe oss gjennom å visa dette tydeleg offentleg.

— Er det noko med å gjera døra høg og porten vid?

— Ja, det ser eg på som ei av mine oppgåver. Ein skal kunne tru og undra seg. Det er den arven eg vil kjempa for: Gjer døra høg og porten vid!

Kari Veiteberg byrja med påskevandring då ho var gateprest. Dette biletet er frå 2022, og også i år skal biskopen vera med og bera krossen gjennom sentrumsgatene i Oslo.
Powered by Labrador CMS