Debatt ● Heming H. Gujord

Teatervitskap, kunnskapsgrunnlag og demokrati

Yngve Flo argumenterer i Khrono for at fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen, bør følgje innstillinga til bemanningsplan. Denne innstillinga medfører at teatervitskap vil miste to av tre stillingar.

Vi seier ikkje opp folk i eit fag for å flytte stillinga til eit anna og meir inntektsgenererande fag, skriver artikkelforfatteren.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Flo er fagkoordinator for historie og er heilt tydeleg på kva hatt han har på hovudet. Om ikkje stillingane i ein nødvendig nedbemanningsprosess blir tatt frå til dømes teatervitskap, kan andre fag – også hans eige – bli ramma. Nett no står teatervitskap lageleg til for hogg. Ikkje fordi dei kjem dårlegast ut i kunnskapsgrunnlaget for avgjerda, men fordi to av dei tre stillingane nett no er og blir ledige. Den eine stillinga er ledig fordi ein nytilsett fekk tilbod om ei prestisjetung toppstilling i Tyskland. Den andre stillinga er ledig fordi ein av dei tilsette skal gå av med pensjon.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Dette illustrerer eit prinsipielt problem. Ein skaper seg eit kunnskapsgrunnlag basert på prinsipp om tydelege kriterium og transparens. Samstundes er universitetssektoren trygga av regulerte arbeidsforhold som gjer at indikatorane i kunnskapsgrunnlaget ikkje fører fram til at vi fritt kan flytte på ressurar i tråd med kunnskapsgrunnlaget. Enkelt sagt: Vi seier ikkje opp folk i eit fag for å flytte stillinga til eit anna og meir inntektsgenererande fag.

Eg er glad for at vi har regulerte vilkår i sektoren. Men det gjer også at forholdet mellom kunnskapsgrunnlag og bemanningsplan i verste fall kan bli eit narrespel. Ein klok kollega kalla det for «management by accident», altså styring etter tilfeldigheitsprinsippet. Teatervitskap har ikkje noko skuld for at dei trekkjer til seg så sterke folk at dei får tilbod om toppstillingar i Tyskland. Dei har heller ikkje noko skuld for at dei nett no har ein kollega som går av for aldersgrensa. Heile saka illustrerer at marginalkostnaden ved ei stilling er langt større i eit lite fag enn i eit stort fag. I eit lite fag kan ei – og i alle høve to – stillingar handle om eit vere eller ikkje vere. I eit stort fag kan det handle om omorganisering, færre valmoglegheiter og innføring av andre vurderingsformer.

Eg har også ein hatt på hovudet. Eg er undervisningskoordinator på instituttet der teatervitskap er lokalisert. Teatervitskap er slik sett eitt av «mine» fag. Som lektorutdannar og vitskapleg tilsett i nordisk språk og litteratur har eg ein annan hatt på hovudet. Nordisk har også interesser i denne saka, og avgangar i tida som kjem. Nettopp derfor er det så viktig at vi evnar å vere prinsipielle, og å løfte blikket over våre mest opplagte eigeninteresser. Eg er usamd med Flo når han gjer spørsmålet om bemanningsplanen til ein konflikt mellom transparens og ansvarlegheit på den eine sida og «magekjensle» på den andre. Endå meir usamd blir eg når Flo viser mistillit til eit vedtak som blei gjort i fakultetsstyrert i førre periode. «Den gong var det nettopp historie», Flo sitt eige fag, «som i siste sving og i strid med kunnskapsgrunnlaget og tilrådinga måtte gje opp ei av sine stillingar.»

I verste fall kan ein lese dette som eit demokratisk dobbeltbokhalderi der ein i demokratiet sitt namn forsøker å leggje bindingar på vårt øvste demokratiske organ. Fakultetsstyret er det øvste organet på vårt fakultet, med mandat og legitimitet frå dei tilsette. Dette fakultetsstyret kan no velje å følgje – eller ikkje følgje – innstillinga som blir lagt fram frå leiinga. Det er då det vedtaket som fakultetsstyret fattar som til ei kvar tid vil ha status som rett. Ein kan ikkje overlate avgjerda til eit «kunnskapsgrunnlag», i så fall ville styret berre ha som oppgåve å strø sand på innstillinga frå leiinga. Og når fakultetsstyret skal gjere sitt vedtak, må det også ope ta omsyn til konsekvensane av vedtaket, til dømes om det vil føre til nedlegging av fag. Slike konsekvensar har kostnader ikkje berre for faget det gjeld, men for heile fakultetet og også for heile Universitetet i Bergen. Dei støtteerklæringane som no har komme til teatervitskap, handlar ikkje om tilfeldige gåver i ei nådetid, men vitnar om godt og langvarig arbeid i kulturfeltet. Dette er verdiar som ikkje kjem fram i det gjeldande kunnskapsgrunnlaget med sine definerte parameter, men som likevel dokumenterer faget sin verdi i eit breiare perspektiv. Statusen for Det humanistiske fakultet ved UiB handlar slik sett ikkje minst om korleis vi til ei kvar tid forvaltar vår kulturelle kapital. Truleg har då dei fleste av oss mykje å lære av eit fag som teatervitskap. At vi må syte for å halde oss innanfor rammene av dei ressursane vi har til rådvelde, er då elles eit uomgjengeleg vilkår.

No er det ikkje så lenge sidan den ansvarlege statsråden føreslo å omdanne historiefaget i skulen til eit «framtidsfag». Eg har enno til gode å høyre nokon av mine eigne kollegaer i humaniora gi støtte til framlegget som, uklokt og tradisjonslaust som det var, heldigvis fall dødt til jorda. Om noko viser dette at vi som forskarar i humaniora er om bord i den same båten, og at det er meir enn optimistisk å tru at høgare politiske makter vil komme oss til unnsetning. Eg vil då takke mine kollegaer på teatervitskap som ikkje har falle for freistinga til å kaste seg inn i spelet om kven som skal ut. Det må det vere opp til fakultetsstyret å avgjere, etter opne drøftingar som tillitsvalde med demokratisk forankring. Denne krevjande prosessen er no også ein lakmustest på styrken i vårt eige universitetsdemokrati. Heilt uavhengig av resultat ønsker eg å ha eit like godt forhold til mine kollegaer på tvers av grensene mellom fag og institutt også etter at vedtaket er fatta. Eg er takksam for at vi har gode folk som har tatt på seg ansvaret å representere oss i fakultetsstyret. Og eg er trygg på at dei vil fatte sitt vedtak på bakgrunn av både kunnskapsgrunnlaget og Universitetet i Bergen sine interesser i ein vidare samanheng.

Powered by Labrador CMS