Debatt ● Yngve Flo

Kampen for humaniora vert ikkje avgjort i fakultetsstyret

Nedbemanninga på Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen inneber eit fagleg tap, men vi gjer vondt verre om vi prøver løyse problemet ved å forkaste det solide kunnskapsgrunnlaget som er utarbeidd, skriv Yngve Flo.

Om vi «løyser» ressursmangelen på HF ved å kutte i inntektsgenererande fagmiljø, er realiteten at vi må redusere på studentoppfølging og studiekvalitet på desse faga, skriv artikkelforfattaren.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Framlegget til ny bemanningsplan ved Det humanistiske fakultet på UiB vart lagt fram tidlegare i vår, og skulle ha vore avgjort på eit fakultetsstyremøte den 21. mars. Avgjerda er utsett til den 9. mai, etter signal om at rektor kanskje — som uttrykt i Khrono (21.3.) — ville «komme til unnsetning». Bakgrunnen er at fakultetsleiinga har føreslått at 7,5 avgangar ved fakultetet dei neste par åra ikkje skal erstattast. Nedskjeringa råkar i denne omgang sju fagmiljø ved fakultetet, men protestane har vore klårt mest høglydte frå teatervitskap, som ligg an til å tape to av totalt tre faste stillingar.

Reaksjonane frå fagmiljøa på HF og frå støttespelarar utanfor UiB har vore sterke, noko som er naturleg, og som speglar eit verdifullt engasjement på vegner av utsette og sårbare fagfelt. Men mykje av kritikken har etter mitt syn hatt vore urimeleg, og kan i verste fall føre til at problemet vert større enn det allereie er.

Kva handlar så kritikken om? Basert på oppslag i Khrono og andre medium skal eg her prøve å summere opp det eg oppfattar som kjernen: Prosessen fram mot bemanningsplanen har vore udemokratisk, og gjennomført over hovuda på fagmiljøa, vert det hevda. Fakultetsleiinga har gjennom tilnærminga dessutan lagt for dagen teknokratiske haldningar: Økonomi er sett framfor faglege omsyn, og som ei følgje av dette er store fag prioritert framfor dei små. Djupast sett handlar det tilsynelatande om manglande forståing for verdien av einskilde fag, og om mangelfull vilje til å prioritere desse — og dermed òg til å ta inn over seg dei negative konsekvensane av ei nedbemanning.

Skal eg prøve å lese ein strategi ut av denne argumentasjonen, så handlar den fyrst og fremst om å delegitimere heile kunnskapsgrunnlaget for bemanningsplanen. Om dette lukkast, har ein skapt ein situasjon som dels gjer det lettare å argumentere for at HF på eitt eller anna vis bør overstyrast eller overprøvast ovanfrå eller utanfrå, og som dels gjer det lettare å hevde at medlemene av fakultetsstyret trygt kan overlate heile avgjerda til magekjensla.

Kvifor er eg uroa over at ein slik strategi kan vinne fram? Det har mange årsaker, men lat meg vere open på mine eigne motiv: Eg er fagkoordinator for historie, eit fag som etter tilrådinga ikkje får drege inn stillingar i denne omgang, men som i likskap med andre fag i same situasjon står utsett til om kunnskapsgrunnlaget vert forkasta. For fem år sidan skulle fakultetsstyret òg vedta ny bemanningsplan i ei økonomisk pressa stode, og den gong var det nettopp historie som i siste sving og i strid med kunnskapsgrunnlaget og tilrådinga måtte gje opp ei av sine stillingar — til fordel for teatervitskap, som også den gong mobiliserte på ein imponerande måte. Naturlegvis fryktar eg at historie eller andre fag som etter ei grundig vurdering er prioritert — engelsk, digital kultur, religionsvitskap, lingvistikk, nordisk, arkeologi, kulturvitskap og spansk er i same båt som vi — må gje frå seg stillingar under det avgjerande møtet den 9. mai.

For vurderinga er grundig. Påstandar om at prosessen har vore udemokratisk eller svakt forankra er urimelege. Fakultetsleiinga har heile tida vore tydeleg på korleis prosessen var planlagt, korleis rammevilkåra spelte inn, og kva prinsipp og premissar ein ynskte skulle liggje til grunn for den ferdige bemanningsplanen. Prosessen har undervegs vore open for og blitt påverka av innspel frå fagmiljøa, og har vore forankra i eit samrøystes fakultetsstyre. Den faktiske tilrådinga har naturlegvis ikkje vore kjent før i sluttfasen, sidan ho er eit produkt av arbeidet med kartlegging og analyse. Men det har vore rikeleg med rom for protestar om nokon til dømes hadde alvorlege motførestillingar mot det metodiske opplegget.

Prosessen, som starta før jul i 2021, tok nettopp sikte på at fakultetet skulle kunne gjennomføre ein diskusjon om prinsippa, og premissane for arbeidet vart gjort tydeleg overfor fagmiljøa i mai 2022. At det ville bli krevjande, vart aldri lagt skjul på: Frå statleg hald kom pensjonskuttet og tydelege signal om redusert ressurstilførsel, frå UiB sentralt kom like tydelege krav om at fakulteta måtte kvitte seg med gjeld og skape eit robust inntektsgrunnlag. For HF handla det om å auke inntekter — fyrst og fremst ved å rekruttere fleire studentar og auke gjennomstrøyminga — men også om å kutte kostnader og bruke ressursar på ein meir berekraftig måte. Implikasjonane når det gjaldt bemanningsplanen vart utvitydig uttrykt allereie på forsommaren i fjor: Svært få fag ville få auka staben, nokre fag kunne halde oppe storleiken, men mange fagmiljø måtte innstille seg på at kollegaer som gjekk av ikkje vart erstatta.

Hovudtrekka i det metodiske opplegget var klare på om lag same tid. Dekanatet gjorde framlegg om å basere bemanningsplanen på tre kriterium i staden for dei gamle sju, og fekk tilslutnad til dette: Kvalitet, ressursbehov og økonomisk berekraft skulle liggje til grunn for planen, og fagmiljøa fekk høve til å vere med på å forme desse kriteria i større detalj. Frå mitt eige og frå andre institutt kom det mellom anna innspel på korleis kvalitetskriteriet skulle operasjonaliserast når det gjaldt vitskaplege publikasjonar, og fakultetsleiinga viste seg lydhøyr. Dekanatet la vekt på transparens og at den nye modellen skulle synleggjere korleis dei einskilde faga bidrog til resultatinntektene på ein tydelegare måte, og også dette fekk tilslutnad. Alle nøkkeltal har vore ute til institutta for gjennomsyn og kvalitetssikring.

Produktet av dette arbeidet er den faglege bemanningsplanen som vart lagt fram no i mars, der nøkkeltal er samla inn og systematiserte, og analyserte med utgangspunkt i dei vedtekne prinsippa. Og, ja, planen er full av tal, særleg slike som på ulikt vis fangar inn den undervisninga og forskinga som har gått føre seg ute i fagmiljøa dei siste ti åra, og som tydeleggjer rammene for verksemda vår. Men er denne tal-eksersisen eit uttrykk for at økonomiske omsyn er alt som er vektlagt, og at fakultetet manglar forståing for den faglege verksemda der ute i organisasjonen? Nei, definitivt ikkje.

Rett nok legg planen visse grunnleggjande økonomiske realitetar til grunn: Vi kan ikkje bruke ressursar på ein slik måte at vi skubbar problema framfor oss. Samstundes er planen soleklar på at det er langt meir enn økonomi som skal styre ressursfordelinga på fakultetet, og han forsvarar såleis det eksisterande systemet, der einskilde små fag dreg økonomisk nytte av ressursar som vert genererte frå dei større faga. Tala er òg viktige og talande vitnesbyrd nettopp om substansen i den faglege verksemda på fakultetet, og vilkåra både for dei vitskapleg tilsette og for studentane våre.

For oss på historie er det til dømes av stor verdi at planen synleggjer korleis undervisningsressursane på fakultetet faktisk vert fordelte faga imellom, vurdert opp imot den faktiske undervisningsverksemda og kandidatproduksjonen. Oversynet (i tabell 4 og 5 i planen, S 10/23) viser at inntekter som historie genererer finansierer 7—8 stillingar i andre fag på fakultetet. Kva inneber så dette? Tala er på den eine sida gledelege for fagmiljøet: Dei syner at vi leverer eit svært viktig bidrag til undervisninga på heile fakultetet. Historie er eit fag som gjerne får høyre at vi må vere «rause», og det skal vi vere — og det er vi, til overmål! Denne solidaritetspolitikken er vel etablert og har brei oppslutnad. Men solidaritet må vere gjensidig. Ansvaret for å vareta den faglege breidda på fakultetet fordelast på ein rettvis måte. Tala som syner fordeling av undervisningsressursar gjev difor også sterk grunn til uro for fagmiljøet, for vi veit at det har ein pris.

Nokre stordriftsfordelar finst, naturlegvis, men dei er stort sett knytt til førelesingar, og ikkje til aktivitetsbasert læring som krev oppfølging av kvar einskild student. Store delar av stordriftsfordelane forsvinn dessutan i store eksamenskostnader som er vanskelege å redusere ytterlegare. Allereie no går om lag 45 prosent av undervisningsressursane på historie bachelor med til vurdering, og denne delen vil auke endå meir om det må kuttast meir i studentoppfølging. Det er såleis grenser for kor langt ein kan dra denne strikken. Utarming av allereie pressa fagmiljø er ikkje berekraftig, korkje menneskeleg, økonomisk eller med omsyn til studiekvalitet. Som fagkoordinator har eg mange gleder, men blant dei mindre trivelege plikter er det at eg igjen og igjen må gå rundt og be kollegaene om litt meir enn eg eigentleg har samvit til å be dei om: Kan du ta fire nye masterstudentar i tillegg til dei fire du har frå før? Kan du sensurere tjue mappeoppgåver ekstra på dette emnet, i tillegg til dei tjue du har frå før? Kollegaene mine svarar alltid ja, og dei gjer jobben sin samvitsfullt, ikkje minst av lojalitet til studentane. Men det går ut over arbeidsmiljøet og utfordrar grensene for kva som er ansvarleg.

Vi prøver å organisere oss smartare. Historie har til dømes nettopp gjort store endringar i måten vi legg opp studieprogramma våre på, med sikte på å styrkje både vilkåra for forsking og for undervisningskvaliteten i eitt og same grep. Men vi klarar ikkje å organisere oss vekk frå mishøvet mellom storleiken på staben og på studentflokken. Vi klarar ikkje å følgje opp kvar einskild student så tett som på mange andre fag — og vi fryktar at dette mønsteret skal forsterkast. Vi vil at ressursfordelinga skal vere synleg, og vi vil at ressursfordelinga skal ha konsekvensar for bemanningsplanen, for vi ynskjer at studentane våre skal ha likeverdige vilkår med andre studentar på fakultet. Om dette ikkje er viktige faglege omsyn, kva er det då?

Om vi «løyser» ressursmangelen på HF ved å kutte i inntektsgenererande fagmiljø, er realiteten at vi må redusere på studentoppfølging og studiekvalitet på desse faga. Då må ein rekne med at gjennomføringa vert svekka, med inntektsreduksjon som resultat. Å ta opp færre lektor- og masterstudentar, som kunne vere ein alternativ utveg, vil også føre til at inntektene til fakultetet går drastisk ned. Det er ikkje økonomisk berekraftig for HF under eitt.

For dei som les bemanningsplanen og som evnar å sjå realitetane bak dei mange tala, er det allereie nærliggjande å lese ulike konsekvensar ut av ulike alternative disposisjonar. Men burde ikkje konsekvensane vore greidde ut i endå større detalj? Jau, det kunne ein naturlegvis gjere, men det måtte i tilfelle skje på likeverdig basis: Det er sju fagmiljø som vert råka av nedskjeringar, og det er ytterlegare åtte fagmiljø som potensielt vert råka av alternative disposisjonar. For alle desse inneber nedbemanning eit smerteleg tap — og vidareføring ein viktig fagleg gevinst.

Historie ligg i skrivande stund an til å få erstatta ein avgang i 2025. Den faglege prioriteringa frå faget sjølv er eintydig: Vi ynskjer at stillinga skal lysast ut innan feltet kjønnshistorie, og såleis nyttast til å vidareføre ein sentral fagleg tradisjon som bidreg med forskingsbasert kunnskapsproduksjon innan eit felt med svært stor samfunnsrelevans. Det er også eit viktig og populært undervisningstilbod — både for våre eigne program og studietilbod vi samarbeider om. Det vil etter mitt syn vere eit stort fagleg tap om denne ambisjonen ikkje lèt seg realisere. Og sjølv om eg ikkje kjenner detaljane i ambisjonane til dei andre faga som får vidareført stillingar, er eg overtydd om at også dei har viktige faglege omsyn å vareta.

Eg ynskjer å forsvare prioriteringa som fakultetetsleiinga har gjort, så lenge dei økonomiske rammene er som dei er. Naturlegvis kan styringsorgana pressast til å ignorere rammene, og vedta å vidareføre fleire stillingar enn det finst økonomisk grunnlag for, eller til å gjere ei prioritering som er i strid med dei premissane fakultetsstyret samrøystes har slutta opp om. Men det er vanskeleg å sjå at dette kan gjerast utan at den økonomiske berekrafta til fakultetet vert svekka, og at problema kjem tilbake med endå større tyngde på eit seinare tidspunkt — slik at fakultetsleiinga vert tvungen til endå meir inngripande tiltak, til skade både for studentane våre, dei tilsette og ikkje minst sårbare småfag.

Situasjonen er vanskeleg, men det grunnleggjande problemet vert ikkje løyst på fakultetsstyremøtet den 9. mai ved å gå vekk frå den tilrådde bemanningsplanen. Med mindre nokon kjem oss til «unnsetning» i form av varig auka ressursar, er det einaste som realistisk sett då kan skje vere at ein forkastar eit breitt og kvalitetssikra kunnskapsgrunnlag og gjer eit vedtak som fører oss frå vondt til verre. Engasjementet for å verne einskildfag eller humaniora under eitt bør finne stad på politiske arenaer, der ein potensielt kan hjelp til å utvide rammene eller å tydeleggjere det nasjonale ansvaret for å vareta små og utsette fag. Utsiktene er ikkje dei beste, men vi må argumentere høglydd for at humaniora er relevant — og vise det i praksis ved å halde fram med å levere samfunnsnyttig forsking og eit godt undervisningstilbod som appellerer til dagens studentar.

Powered by Labrador CMS