Debatt Bjørn Henning Østenstad

Studentane blir for hardhendt behandla i saker om «selvplagiat»

Når det ikkje blir oppfatta å vere nemneverdige skilnader mellom gjenbruk og plagiat (av andre), blir lova sin strengaste reaksjon nesten alltid brukt.

Det er stor skilnad mellom gjenbruk og typiske fuskehandlingar – synleggjort ved at gjenbruk ikkje ligg i kjernen av universitets- og høgskuleloven sitt fuskeomgrep, skriv Bjørn Henning Østenstad.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det er sterke grunnar for å sjå mildare på gjenbruk av eigen tekst («selvplagiat») enn typiske fuskehandlingar. I Felles klagenemnd har eg utgjort mindretalet, men gjer her greie for mine vurderingar etter nyleg å ha gått av som nestleiar.

Fusk må det normalt reagerast strengt mot for å sikre tilliten til institusjonane. Dette heng saman med lovkravet om at «kunnskaper og ferdigheter» skal prøvast på ein «faglig betryggende måte», jf. universitets- og høgskuleloven (UHL.) § 3-9 (1). Høgsterett omtaler dét som føremålet med eksamen.

Bruk av ulovlege hjelpemiddel, ulovleg samarbeid og plagiat (av andre) blir då naturleg å omtale som kjernen i lova sitt fuskeomgrep.

Ved gjenbruk av eigen tekst utan å opplyse om det («selvplagiat»), er problemstillinga nødvendigvis ei anna. Her er det ikkje tvil om at studenten har den kunnskap og dei ferdigheiter oppgåvesvaret gjev uttrykk for. Tillitsomsynet kjem då ikkje inn med same styrke.

Kva som er «fusk» på eksamen, er ikkje definert i lova. Institusjonane er i § 3-9 (7) gjeve rom for å bestemme dette gjennom lokale reglar. Men fridomen er ikkje total. Høgsterett har peikt på at det er «en viss frihet» institusjonane har, og har aldri vurdert problemstillinga med gjenbruk særskilt.

Lovførearbeida er lite til hjelp. Fuskeomgrepet er ikkje drøfta der, knapt nemnt. Det gjeld også om vi utvidar søket til eldre lovgjeving som dagens lov er meint å byggje vidare på. Spesifikt om gjenbruk finst ingen haldepunkt om kva lovgjevar har meint.

Det har blitt hevda at ein streng reaksjonspraksis i saker om gjenbruk er nødvendig for å sikre tilliten til institusjonane. Eg er ikkje samd i det.

Bjørn Henning Østenstad, jussprofessor ved Universitetet i Bergen og tidlegare nestleiar i Felles klagenemd

Eg avviser ikkje at også gjenbruk tidvis kan kvalifisere til fusk etter lova. Men institusjonane må gå forsiktig fram. Vi har alt sett at føremålet med eksamen peikar i den retning, og lova gjev ytterlegare argument for ei forsiktig linje.

Forsking og undervisning er uløyseleg knytt saman. Dette blir mellom anna spegla i Universitets- og høgskuleloven, § 1-1 bokstav c. Eit føremål er å «utbre forståelse for […] anvendelse av vitenskapelige […] metoder […] i undervisningen av studenter».

Kva som er den vitskaplege standarden for tilvising og sitatmarkering, må difor takast omsyn til i saker om gjenbruk.

At gjenbruk av eige arbeid, utan å opplyse om det, reiser forskingsetiske spørsmål er det ikkje tvil om. Samstundes synest det å vere brei semje i fagmiljøa om at gjenbruk – alt anna likt – er mindre alvorleg enn plagiat (av andre).

I det ligg at forskaren har eit vesentleg større slingringsmonn her før det blir rekna som problematisk fagfeller imellom. Mykje taler då for at denne meir tolerante haldninga til gjenbruk også må kome studentane til gode.

Det vil vere ein presumsjon for at lokale reglar med krav om tilvising til eige arbeid, må tolkast i lys av den vitskaplege standarden på feltet. Forskrifter kan ikkje praktiserast slavisk etter sin ordlyd når føremål med lova gjer nettopp det problematisk.

Dersom institusjonane ønskjer å stille strengare krav til studentane enn det den vitskaplege standarden på feltet krev, må ønsket om eit slikt avvik i alle fall kommuniserast klart og grunngjevast godt. Eg har sjølv aldri sett noko døme på at det er gjort.

Ved plagiat (av andre) er spørsmålet om studenten har framstilt andre sitt arbeid som sitt eige, med frådrag for det bagatellmessige. Ved gjenbruk er problemstillinga om oppgåvesvaret likevel utgjer eit sjølvstendig arbeid i prøvingssituasjonen. Spørsmålsstillinga er altså ei heilt anna.

Både ut frå dette og ut frå dei synspunkt som er gjort greie for ovanfor, meiner eg at det skal vesentleg meir til for at gjenbruk kan reknast som fusk, samanlikna med plagiat (av andre).

Særleg vil eg åtvare mot at gjenbruk av primærkjelder blir rekna som fusk – altså situasjonen der studenten siterer den same litteraturen og brukar dei same forklarande formuleringane i den samanheng, som i tidlegare arbeid.

Eg vil vidare åtvare mot å rekne gjenbruk av tekst produsert innanfor same emnegjennomføring som ledd i obligatoriske arbeidskrav, som fusk når formuleringar dukkar opp att på eksamen.

Dette siste handlar mellom anna om å ikkje øydeleggje føresetnadene for eit godt læringsmiljø. (Synspunktet er utdjupa i to likelydande dissensar frå januar 2022, sjå t.d. klagesak 17/2022.)

I Felles klagenemnd har eg kome i mindretal. Fleirtalet har vurdert at det ikkje er nemneverdige skilnader mellom gjenbruk og plagiat (av andre). Det betyr at lova sin strengaste reaksjon nesten alltid blir brukt, også ved gjenbruk: annullering av eksamen og utestenging i eitt år.

Dei ulike posisjonane i nemnda er kort omtalt i årsmeldinga for 2020 på s. 20–21 (punktet «særleg om gjenbruk av eige arbeid»). Og eit samandrag av dei klagesakene som der er vist til finn ein i det publiserte saksvedlegget.

Som det går fram har eg stort sett innretta meg etter fleirtalet etter å ha kome i mindretal. Dette av omsyn til ei føreseieleg forvaltning.

Det har blitt hevda at ein streng reaksjonspraksis i saker om gjenbruk er nødvendig for å sikre tilliten til institusjonane. Eg er ikkje samd i det. Som vist ovanfor er skilnaden stor mellom gjenbruk og typiske fuskehandlingar – synleggjort ved at gjenbruk ikkje ligg i kjernen av lova sitt fuskeomgrep.

Faren ligg difor på den andre kanten: At dagens harde linje kan gje sektoren eit omdømmeproblem til dømes utløyst av ein ekstern revisjon, slik andre deler av forvaltninga har måtte tole. For å unngå dette, må vi – noko forenkla sagt – klare å skilje mellom tjuveri frå andre (plagiat) og det å gjenbruke eigen tekst. Det gjeld både med omsyn til kva som er fusk og – der vi er over grensa – i reaksjonsutmålinga.

Kva bør så institusjonane gjere? For det første: Dersom ein vurderer å bruke fuskesporet ved gjenbruk, bør ein involvere lærarsida grundig. Det blir ikkje alltid gjort i dag. Der den emneansvarlege sjølv ikkje har forskarkompetanse, bør også andre trekkjast inn på grunn av koplinga til den vitskaplege standarden.

For det andre: Institusjonane bør vurdere om det er andre måtar å handtere gjenbruk på som er meir hensiktsmessige enn fuskesporet. Det skjer alt i dag fleire stader, til dømes ved at eit for omfattande gjenbruk er gjort til spørsmål om godkjenning av oppgåvesvaret, ikkje fusk.

Å løfte gjenbrukssakene ut av fuskesporet på denne måten, kan enkelt gjerast lokalt, og er uproblematisk fordi gjenbruk som vist, ikkje ligg i kjernen av lova sitt fuskeomgrep.

For det tredje: Institusjonane bør vurdere å slutte å bruke ordet «selvplagiat» i studentsaker. Omgrepet inviterer til forenkla slutningar av typen «plagiat er plagiat». Og det gjev eit skeivt inntrykk.

Ordet «gjenbruk» er i hovudsak eit fullgodt alternativ.

Les også:

Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS