Debatt klaus mohn, rektor ved universitetet i stavanger

Medisinutdanning: Plass til ei til

Ved UiS er me opne for samarbeid med andre universitet om medisinutdanning. For oss er føresetnaden at samarbeidet er balansert, med gradsrett og studieplassar til begge partar i samarbeidet, skriv UiS-rektor Klaus Mohn i dette tilsvaret til rektorkollega ved UiB, Margareth Hagen.

Ved UiS er me overtydde om at eit bidrag frå vår kant til medisinutdanninga i Noreg vil representere eit nyskapande og framtidsretta tilbod, prega av høg kompetanse og låge kostnadar, mykje teknologi og lite byråkrati, til inspirasjon for gamle og nye lærestadar – og til beste for legestudentane, for Helse-Noreg og for pasientane, skriv Klaus Mohn.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Debatten om auke i kapasitet og vidareutvikling av medisinutdanninga i Noreg toppar seg i påvente av endeleg tilbakemelding frå Regjeringa på tilrådingane frå det Grimstad-utvalet. Rektorar ved dei såkalla ‘nye’ universiteta engasjerer seg for avskaffing av den såkalla gradsforskrifta, medan rektorar frå dei etablerte universiteta allierer seg i forsvar for historiske privilegium.

Samtaler om samarbeid mellom UiS og UiB stranda for om lag to år sidan, og i fellesmøte på toppleiarnivå initiert av leiinga ved Helse Vest gjennom dei siste par månadane har invitasjonar til samarbeid frå UiS si side blitt blankt avvist frå UiB-leiinga. I staden har altså fungerande rektor valt å løfte diskusjonen til debattspaltene på Khrono.

I mellomtida har dei to universiteta utvikla kvar si løysing som respons på Grimstad-utvalet si utgreiing. UiB er i ferd med å utvikle den såkalla Vestlandslegen som strategisk respons mot ambisjonane ved UiS. UiS sin studieplan har vore til grundig fagfellevurdering, med særs gode tilbakemeldingar, og ligg no til grunn for ein utdanningsmodell som er rask, rimeleg og treffsikker.

Ved UiS er me opne for samarbeid med andre universitet om medisinutdanning. For oss er føresetnaden at samarbeidet er balansert, med gradsrett og studieplassar til begge partar i samarbeidet. Denne posisjonen har klar støtte frå styre og leiing ved Stavanger Universitetssjukehus. Men for dei fire universiteta som kan utdanne legar i dag gjer dette UiS til ein trugsel.

I smått raljerande ordelag krev no Margareth Hagen at eg svarer på kor mange medisinutdanningar Noreg skal ha. Ved UiS er me innforstått med at utdanning av legar har faste kostnadar, og at ein dermed treng en viss skala for at aktiviteten skal bli rekningssvarande. Men om stordrift skulle være det einaste argumentet så kunne ein ha samla all medisinutdanning til eitt universitet. Heldigvis er det fleire omsyn som må vegast inn, og difor har ein i dag fordelt utdanninga av legar til fire universitet. At fire er eit fasitsvar er likevel langt frå opplagt.

Blant dei nye universiteta i Noreg er det berre UiS som har uttalte ambisjonar om medisinutdanning, og hos oss meinar me altså at både Utdannings-Norge og Helse-Noreg vil ha godt av ein utdanningsstad til. Vår overtyding er nemleg at eit visst mangfald og variasjon er til inspirasjon for vidareutvikling av alle typar utdanning. Difor har me vanskar med å forstå at ei offensiv oppdemming mot fleire medisinske utdanningsmiljø kan vere eit svar på det store nasjonale behovet for å utdanne fleire legar.

Eit tilbod om medisinutdanning ved UiS vil bidra til å styrke utdannings- og forskingskapasiteten ved det tredje største akuttsjukehuset i landet, og samstundes betre legedekninga både i og rundt den tredje største byregionen i landet, etter som legestudentane har ein tendens til å etablere seg der dei har studert.

Ved UiS er me overtydde om at eit bidrag frå vår kant til medisinutdanninga i Noreg vil representere eit nyskapande og framtidsretta tilbod, prega av høg kompetanse og låge kostnadar, mykje teknologi og lite byråkrati, til inspirasjon for gamle og nye lærestadar – og til beste for legestudentane, for Helse-Noreg og for pasientane.

Ved UiS vil me gjerne samtale, men då om eit trepartssamarbeid mellom UiB, UiS og Stavanger Universitetssjukehus, der begge universiteta har gradsrett (fellesgrad), slik styre og leiing ved Helse Stavanger og går inn for. Med på laget vil me og ha den viktige fjerdeparten, som er våre vener i kommunehelsetenesta, i tillegg til ein energisk og støttande region.

Powered by Labrador CMS