Debatt klaus mohn

Medisinutdanning til UiS må vere ei nasjonal satsing

Medisinutdanning til UiS: Bra for andre universitet, for studentane, for Helse-Noreg og for pasientane, skriv UiS-rektor Klaus Mohn.

Fylkesordfører Marianne Chesak og UiS-rektor Klaus Mohn er samde om at medisinutdanning i Stavanger er ein god ide. UiS har mellom anna fått pengar frå næringslivet i regionen som skal gå til satsinga.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

At UiB-rektor Margareth Hagen slår eit nytt slag for monopolretten til medisinutdanning på Vestlandet er ikkje uventa. Dei privilegerte sitt forsvar av særrettar er eit klassisk fenomen, også når det gjeld medisinutdanning i Noreg. Etablerte universitet har demma opp mot nykomarar heilt sidan etableringa av Det Kongelege Fredriks Universitet i Christiania i 1811, med avtroppande UiB-direktør si avskjedshelsing til Universitetet i Stavanger ved årsskiftet som siste eksempel så langt.

Haldninga lenger sør på Vestlandet er annleis. Her tenker me meir på korleis me sjølv kan bygge kompetanse og kapasitet til å løyse store samfunnsoppdrag, og at ein viss konkurranse er av det gode – både for kvalitet og kostnadar. Her tenker me at aldring og fortsatt velstandsutvikling reiser utfordringar og behov innanfor helse og medisin som er så store, at åra som kjem vil gje rom for fleire gode initiativ enn våre eigne. Her ser me tydeleg at landet treng fleire legar, og at fleire av desse bør bli utdanna i Noreg. Difor har me samla innsatsen frå vår kant om ein respons som er rask, rimeleg og treffsikker – og godt tilpassa spesifikke behov i helsevesenet i dag.

Ved UiS er eit nytt og moderne universitetssjukehus på veg inn på campusområdet vårt. Hos oss har me ledig medisinsk kompetanse til undervisning og rettleiing ved UiS og i primær- og spesialisthelsetenesta. Vår studiemodell i medisin har vore til grundig fagfellevurdering, med særs gode tilbakemeldingar.

Me har infrastruktur, pågangsmot og ein region som sluttar tydeleg opp om ambisjonane ved UiS

Klaus Mohn, rektor UiS

Me har infrastruktur, pågangsmot og ein region som sluttar tydeleg opp om ambisjonane ved UiS, med over 80 millionar kroner i startfinansiering frå regionale kjelder. Støtta frå regionen er motivert av eit ønske om å utvikle helserelatert utdanning, forsking, innovasjon og næringsutvikling, og for å bidra til omstilling av regionen. Akkurat den same argumentasjonen låg i si tid bak avgjerda om å bygge nytt universitetssjukehus på universitetsområdet til UiS.

UiS har allereie eit Helsevitskapleg fakultet med ei rekke utdanningstilbod av høg kvalitet, samt veletablert doktorprogram i helse og medisin. I tillegg kjem Teknisk-naturvitskapleg fakultet med fleire utdanningar og doktorgradsprogram knytt til medisin og helseteknologi. Desse fakulteta er engasjerte i omfattande forsking innan helsefag og medisin, mellom anna i samarbeid med Stavanger universitetssjukehus og primærhelsetenesta.

På det helsefaglege feltet startar me dermed ikkje på bar bakke, og ein styrke er samstundes at me startar med blanke ark når det gjeld medisinutdanning. Dette gjer at me har stått meir fritt til å designe ein nyskapande, fleksibel og framtidsretta studieplan for medisinutdanninga.

Ved UiS er me klare med en akkreditert studieplan, med gode fagfellevurderingar fra inn- og utland. Studiet baserer seg på opptak av norske medisinstudentar som har gjennomført dei tre første åra av studiet ved ein annan lærestad, i utgangspunktet i utlandet. Vårt tilbod vil dermed bidra til ei rask opptrapping av norsk utdanningskapasitet.

Eit tilbod om medisinutdanning ved UiS vil bidra til å styrke utdannings- og forskingskapasiteten ved det 3. største akuttsjukehuset i landet, og samstundes betre legedekninga i og rundt den 3. største byregionen i landet, etter som legestudentane har ein tendens til å etablere seg der dei har studert.

Halve Grimstad-utvalet gikk i si tid inn for ein studiemodell i tråd med vårt forslag som ei mellombels løysing for å legge til rette for ei rask opptrapping av kapasiteten medisinutdanninga Noreg. Halvparten av utvalet meinte og at retten til å tildele graden cand. med. kunne utvidast til å omfatte fleire universitet enn dei fire BOTT-universiteta.

Ei sak var Grimstadutvalet samde om og det var at UiS, UiB, Stavanger universitetssjukehus og primærhelsetenesta burde samarbeide om eit heilskapleg studieløp for medisinutdanning, og særleg om dei siste studieåra.

Ved UiS er me opne for samarbeid med andre universitet, om berre samarbeidet er balansert, med gradsrett og studieplassar til begge partar i samarbeidet. Me ser uansett ikkje logikken i at ei nasjonal satsing med sikte på å utdanne fleire legar burde demme opp for UiS sine ambisjonar om å etablere eit utdanningstilbod på eit fagfelt der Noreg har eit så uttalt behov.

Ved UiS er me overtydde om at eit bidrag frå vår kant til medisinutdanninga i Noreg vil representere eit nyskapande og framtidsretta tilbod, prega av høg kompetanse og låge kostnadar, mykje teknologi og lite byråkrati, til inspirasjon for gamle og nye lærestadar – og til beste for legestudentane, for Helse-Noreg og for pasientane.

Vår bodskap til politikarane er difor at medisinutdanning til UiS i sanning vil representere god utdanningspolitikk, god helsepolitikk og god forvaltning av fellesressursane.

Powered by Labrador CMS