Debatt ● Tarald Seldal
Krise for det grøne skiftet
Om ikkje Norge og norsk næringsliv skal kome heilt i bakleksa, er det på høg tid å sjå utafor landegrensene for å finne finansieringsmodellar som betre sikrar framtida for fagmiljø og utdanningstilbod innafor MNT-faga.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Neste år er det Stortingsval og viktigare enn nokon gong å rope varsku om vilkåra for forsking og høgare utdanning i Norge. Signala frå styresmaktene er ikkje til å ta feil av. Kutta i sektoren vil fortsette og fleire tusen stillingar skal bort. I kjølvatnet følgjer nedlegging av studietilbod og nedbygging av fagmiljø som er sentrale i det grøne skiftet.
Svak økonomi i sektoren vil føre til at studietilbod med krav om fordjuping i matematikk, naturvitskap og teknologi, dei sokalla MNT-faga, vil bli ofra for å oppretthalde meir populære tilbod som sikrar god inntening til institusjonane. Slik fungerer marknadskreftene.
Universitet- og høgskulesektoren, NHO og næringslivet ser med stor uro på utviklinga innafor MNT-faga i ei tid der slik kompetanse er viktigare enn nokon gong for å lukkast med det grøne skiftet. Politikarane må svare på korleis kutta rimar med måla som Regjeringa presenterer i Stortingsmelding 31 (2023—2024) (Perspektivmeldinga).
Perspektivmeldinga peikar på mangel på arbeidskraft, internasjonal uro, klimaendringar, tap av natur, og omstilling frå ein petroleumsøkonomi til grøn økonomi, som dei største utfordringane vi må handtere i åra framover. Meir enn nokon gong treng vi motiverte og kreative studentar frå heile verda, med solid bakgrunn i realfag, til å delta i utdanning og forsking. Om vi ikkje klarer å prioritere utdanningar som er viktige i det grøne skiftet, vil målet til regjeringa om å bli verdsleiande innan grøn industri, maritime næringar og havvind, bli fjernare enn nokon gong.
Slik finansieringsmodellen fungerer vil sektoren i tunge økonomiske tider prioritere utdanningstilbod med gode søkartal som gir god inntening uavhengig av behova i arbeidsmarknaden. Særleg synleg blir dette i ei tid der regjeringa gjennomfører store kutt i sektoren. Om ikkje Norge og norsk næringsliv skal kome heilt i bakleksa, er det på høg tid å sjå utafor landegrensene for å finne finansieringsmodellar som betre sikrar framtida for fagmiljø og utdanningstilbod innafor MNT-faga.
Å bruke ledige studieplassar innafor MNT-faga på ungdom frå heile verda som ønskjer å ta høgare teknologiske, eller naturvitskaplege utdanningar i Norge er ei smart investering som vil gje store gevinstar i form av betre kvalitet i utdanning og forsking, og auka innovasjonskraft og verdiskaping. Politikken med å innføre betaling for søkarar frå land utafor EU/EØS, mange med solid bakgrunn i realfag, rammar forskinga, og fører til at studietilbod som er sentrale i det grøne skiftet står i fare for å bli lagt ned.
Politikken med å innføre betaling for søkarar frå land utafor EU/EØS, mange med solid bakgrunn i realfag, rammar forskinga, og fører til at studietilbod som er sentrale i det grøne skiftet står i fare for å bli lagt ned.
Tarald Seldal
Eit døme er masteprogrammet i Climate Change Management ved HVL som vart etablert i 2016 i samarbeid med NVE og Miljødirektoratet og som regjeringa presenterte på sine nettsider. Programmet har sidan starten produsert 120 kandidatar frå heile verda med spisskompetanse på energi- og klimaomstilling. Fleire av kandidatane har blitt tilsett i ph.d.-stillingar og forskar på problemstillingar som er sentrale for det grøne skifte.
Tyskland er i dag eitt av få land i Europa som framleis tilbyr gratis universitetsutdanning for ungdom frå heile verda. Ei slik investering, bidreg til innovasjon og økonomisk vekst. Samtidig får studentar frå land utafor EU/EØS innsikt i vestlege verdiar og samfunnsmodellar, noko som kan bidra til ei positiv demokratiutvikling i eige heimland.
Etnisk og kulturelt mangfald er viktig for å oppnå høg kvalitet i forsking og utdanning. Til dømes er Bronx High School of Science i New York kjent for sitt kulturelle og etniske mangfald. Skulen er blant dei fire beste vidaregåande skulane i USA innafor naturvitskap, teknologi og matematikk, og har fostra flest nobelprisvinnarar i verda.
Aldri tidlegare har det vore viktigare å delta i den globale kunnskapsdugnaden for å løyse problem som utfordrar våre verdiar og haldningar. Eksempla er natur- og klimakrisa, pandemiar, migrasjonar, integrering, sosial uro, krig, og demokratiutvikling. Koronapandemien viste oss kor effektfullt forskingssamarbeid på tvers av nasjonar var for å utvikle ein effektiv vaksine. Norge har økonomisk ryggrad til å bidra sterkare i den globale kunnskapsdugnaden. Gevinstane vil komande generasjonar kunne hente ut når avkastningane frå Oljefondet vert mindre.
I våre naboland og elles i Europa finn vi ein akademisk tradisjon som er godt forankra i samfunnet. Difor finn vi nokre av verdas eldste og mest anerkjente universitet her. Som eksempel har Tyskland hatt imponerande 78 Nobelprisvinnarar, 67 av desse innafor naturvitskap og medisin.
Max-Planck-Gesellschaft (MPG) i Tyskland er den leiande tyske institusjonen for grunnforsking, og vert rekna som ein av verdas beste forskingsinstitusjonar. MPG driv 80 forskingsinstitutt innafor fagområde som naturvitskap, samfunnsvitskap og humaniora. Mellom 30 og 50 prosent av dei vitskaplege tilsette er rekruttert frå universitet over heile verda.
Om ein skal lukkas med å vri søkartala mot utdanningar det er stort behov for i samfunnet, bør ein vurdere om gratisprinsippet skal gjelde for alle typar utdanningar uavhengig av etterspurnad i arbeidsmarknaden.
Tarald Seldal
I rapporten «Economic Benefits and Losses from Foreign STEM Talent in the United States» frå IDA Science and Technology Policy Institute, finn vi at internasjonale studentar i USA bidreg med verdiskaping på mellom 367 og 409 milliardar dollar årleg, noko som tilsvara 1,7-1,9 prosent av USA sitt BNP.
Studien viser også at gründere født utafor USA, årleg skapar verdiar på mellom 260 og 394 milliardar dollar, eller 1,2 til 1,8 prosent av USA sitt BNP. Det samla bidraget frå internasjonale studentar til amerikansk økonomi svarar altså årleg til mellom 6270 og 8030 milliardar norske kroner, eller nesten femti prosent av verdiane i Oljefondet. På toppen av dette kjem økonomisk utteljing frå postdoc. stillingar, gjesteforskarar og doktorkandidatar.
I Universitets- og høyskoleloven § 7—1 første ledd slår regjeringa fast at statlege universitet og høgskular ikkje kan krevje eigenbetaling frå studentar for ordinære utdanningar som fører fram til ei grad eller yrkesutdanning.
Om ein skal lukkas med å vri søkartala mot utdanningar det er stort behov for i samfunnet, bør ein vurdere om gratisprinsippet skal gjelde for alle typar utdanningar uavhengig av etterspurnad i arbeidsmarknaden. I så fall er dette ein merkeleg bruk av samfunnet sine midlar i ei tid der ein verkeleg bør satse på å styrke samfunnskritiske utdanningar som ingeniør, lærar, helse, IT, og utdanningar som er viktige for å lukkast med det grøne skiftet.
Studentar sitt bidrag i forsking og innovasjon kan skape nye eksportmoglegheiter for eit samfunn som baserer mykje av sine framtidige inntekter på avkastningar Oljefondet gjer i utlandet. Investering i kunnskap er klok politikk om Norge skal kunne tilby god velferd og framtidstru også for komande generasjonar. Vi får håpe at dei politiske partia i valkampen løftar fram vilkåra for forsking og framtidig verdiskaping i Norge.