Debatt ● Oddgeir Osland

Forvitrar fundamentet for forsking?

Står vi overfor ei svekking av sjølve grunnmuren i forskingssystemet vårt, forskingsressursane til og i universitets- og høgskulesektoren? Eg trur dessverre det.

Dekan Oddgeir Oslland ved OsloMet, er bekymra for fundamentet for forskings-Noreg.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Khrono har i det siste hatt fleire interessante reportasjar om den økonomiske situasjonen i høgare utdanning. Det begynner å teikne seg eit bilete av korleis mange små, men vedvarande ostehøvelkutt i grunnløyvingane, kombinert med sterkare utdanningsinsentiv i ein marknad med forventa redusert etterspurnad (studenttal), vil slå ut i sektoren. Det vil ta form av utflating nokre stadar, større kutt andre stadar. Verknadane vil variere mellom og innafor høgare utdanningsinstitusjonar som nettopp har varierande økonomiske reservar, varierande marknadspotensial, varierande politisk godvilje og varierande budsjetteringsverktøy og -praksis.

Men det vil vere visse mønster i variasjonen. Og det er eit spørsmål som kan og bør få større merksemd: Står vi overfor ei svekking av sjølve grunnmuren i forskingssystemet vårt, forskingsressursane til og i universitets- og høgskulesektoren? Eg trur dessverre det. 

FoU-løyvingane til/ved UH-sektoren utgjer om lag 1/3 av det samla FoU-budsjettet i Norge, i følgje NIFU sine kalkylar. NIFU Open Access Archive: Statsbudsjettet 2024. Forskning og høyere utdanning i budsjettproposisjonen for 2024 (unit.no)

Like viktig i denne samanhengen er kjenneteikna ved bruken av desse ressursane: Dei fleste høgare utdanningsinstitusjonar held seg med ein pott forskingsstrategiske midlar, men den store potten er arbeidstida til dei tilsette. Det at professorar og førsteamanuensar kan nytte mellom 1/3 og halvdelen av arbeidstida si til forsking, er sjølve berebjelken i det norske forskingssystemet. Det er også ein del av fundamentet for akademisk fridom, fordi den einskilde sjølv langt på veg vel kva problemstillingar hen skal jobbe med. Dette er ikkje avgjerder den einskilde tek heilt utan føringar - ein har til dømes søkt på og vert tilsett i ei fagstilling med ein gitt profil, ein inngår i eit fagfellesskap og i ein sosial samanheng som gjev ein innspel til problemstillingar, det kan vere lurt å følgje problemstillingar som gjev ein større finansiering frå NFR og EU, det er skilnader mellom fagfelta kor mykje tilleggsressursar som trengs utover ein pc og eit godt bibliotek - men det store biletet er at ein vel sine problemstillingar, og metodar, og at ein svarar overfor fagfellar. 

Forvitringstendensar. Stilt ovanfor reduserte rammer kan institusjonane auke inntektene og/eller redusere kostnadane. Vi ser no initiativ til kostnadsreduksjon på to område som vil få kunne få innverknad på forskinga og forskingssystemet i UH-sektoren: 

  • Endra arbeidsvilkår for dei tilsette, med redusert forskingstid. Det er ikkje nytt at vi ved ein del institusjonar opererer med at forskingstidstildeling er avhengig av at ein kan dokumentere at ein faktisk forskar, det som ville vere nytt er om ein brukar redusert forskingstid som nedskjeringsstrategi.

  • Endra samansetning av fagstaben gjennom å rekruttere færre UF-tilsette med forskingsoppgåver og ein større del som har reine undervisingsoppgåver. I klårtekst inneber dette å auke rekruttering til universitetslektor på bekostning av førsteamanuensis. Heller her er det ikkje nytt at vi ved mange institusjonar rekrutterer UF-tilsette utan doktorgrad, fordi vi treng den særeigne kompetansen dei har, noko anna er det om ein skulle føretrekke dei av økonomiske grunnar.

Desse tiltaka er stikk omvendt av det som har prega strategien på mange høgskular og nye universitet dei siste tiåra, der vi systematisk har styrka forskingskompetanse og forskingstid for og i fagstaben. På min institusjon, OsloMet, har dette vore ei nesten ubroten line frå rektorregima til Steinar Stjernø, via Kari Toverud Jensen og fram til Christen Krogh. Og denne strategien har hatt ei viss støtte frå Kunnskapsministrar av ulik politisk valør. 

Men det er ikkje usannsynleg at kombinasjonen av økonomi, politiske signal og lokale styringsregime vil føre til nedprioritering av forsking ved ein del høgare utdanningsinstitusjonar.

Oddgeir Osland

No har vi hatt ein ny type politikarar i statsrådstolen vår i snart tre år. Og resultata begynner å vise seg. I kjølvatnet av Profesjonsmeldinga har ein seinka karakterkrava for opptak til lærar- og sjukepleiarutdanningane, og lagt mindre vekt på krava til forskingskompetanse for fagstaben. Den nye forskrifta for tilsetjing i undervisings-, forskings- og rekrutteringsstillingar revitaliserer karriererevegen universitetslektor-førstelektor-dosent. Desse stillingskategoriane har hatt ei viktig rolle historisk, men for mange av oss er dei i dag primært viktige supplement til forskingsbasert kunnskaps- og karriereutvikling, ikkje det sporet vi byggjer høgare utdanningsinstitusjonar rundt. Alt har si tid. Trudde vi. 

Profesjonsmeldinga og forskriftsendringa vert marknadsført under «større vekt på praksis» og «tydelege karrierevegar», men er nok i mangt livbøyer for distriktsinstitusjonar i rekrutteringskrise. Og kanskje vil det fungere som det. Ei stund. Men i ein breiare, nasjonal samanheng framstår regjeringa her som eit kvalitetsseinkingsministerium. 

Det langsiktige spørsmålet er kva konsekvensar slike endra reguleringar, kombinert med endra økonomiske utsikter, får for forskingsfinansieringa ved UH-institusjonane våre. Det avgjer institusjonane sjølve, som statsråd Hoel og andre ofte iler til og understrekar. Og det gjer vi sjølvsagt, til sjuande og sist gjennom vedtak i universitets- og fakultetsstyra våre. Men det er ikkje usannsynleg at kombinasjonen av økonomi, politiske signal og lokale styringsregime vil føre til nedprioritering av forsking ved ein del høgare utdanningsinstitusjonar.

Forskingssystemet i UH-sektoren er eit fundament i heile forskingssystemet vårt. Departementet arbeider for tida med ei Stortingsmelding om heilskapen i forskingssystemet. Det blir interessant å sjå om – og eventuelt korleis – slike spørsmål vert diskutert der. 

Powered by Labrador CMS