Debatt johan roppen

Korleis skal Høgskulen i Volda styrast i framtida?

Sjølv meiner eg – framleis – at Høgskulen i Volda bør halde fram med ordninga med vald rektor, skriv rektor Johann Roppen.

Eg lurer jo på om det å gå over til tilsett rektor er svar på eit spørsmål som ikkje eigentleg er stilt, eller ei løysing på jakt etter problem, skiv rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Neste møte i Høgskulestyret i Volda går 16. juni 2022. På dagsorden står blant anna ei sak som handlar om framtidig leiingsmodell ved Høgskulen. Det er to klare alternativ til vedtak: Rektor vald av studentar og tilsette – som i dag. Eller at rektor skal tilsettast av styret.

Direktør har lagt fram ei balansert innstilling der dei to alternativa vert sett opp mot kvarandre, men direktøren har avstått frå å tilrå det eine eller andre alternativet.

I førre styremøte hadde vi også opp denne saka, og eg oppmoda der styremedlemmene om å vere nyfikne på kvarandre sine argument. Det vart etter mi vurdering ei grei og opa drøfting, og eg er sikker på at styret også i komande møte vil få ein god diskusjon av saka.

Høgskulestyret har tidlegare bede rektor og direktør om å vere tydelege når dei er usamde i sak. I denne saka er eg samd med direktør i at det er rettast å legge fram dei to alternativa, sidan det er delte meiningar om dette spørsmålet i styret.

Men sjølv meiner eg – framleis – at Høgskulen i Volda bør halde fram med ordninga med vald rektor. Det er ikkje fordi det er ei perfekt ordning – det er ingen ordningar som er perfekte, heller ikkje alternativet med tilsett rektor.

Men viktigare er det at vi veit eigentleg ikkje veit kva alternativet med tilsett rektor får for konsekvensar før lenge etter at vedtaket er gjort. Og det handlar ikkje om at saksbehandlinga er mangelfull – men at det rett og slett at det er mykje som er uvisst, det er mykje som skal diskuterast og forhandlast om.

Sjølv legg eg mest vekt på demokratiske perspektiv når eg ønsker å behalde dagens ordning. Med ei ordning med vald rektor har tilsette og studentar direkte innverknad på val av leiar, og den eller dei som stiller opp til val må formidle kva dei står for.

Vald rektor oppfattar eg som ei betre ordning i eit demokratisk perspektiv; alternativet med tilsett rektor gjer Høgskulen i Volda meir komplisert ved at det blir fleire ledd i ein meir hierarkisk organisasjon.

Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda

Den valde rektoren og dermed styreleiaren har dermed til dagleg adresse på høgskulen. Dette vert av somme løfta fram som ein ulempe – men eg meiner det er ein fordel med nærleik mellom leiing, tilsette og studentar. Vi vil ha opne dører som eg har sagt i andre samanhengar.

Eitt problem med å gå over til tilsett rektor er at det gir eitt eller to nye trinn i det interne hierarkiet. Dermed blir det også større avstand mellom den einskilde tilsette eller student og høgskuleleiinga. Dette går fram av universitets- og høgskulelova: Med tilsett rektor vil vi få ein styreleiar utpeika av Kunnskapsdepartementet – ein såkalla ekstern styreleiar. Det er den eine ekstra trinnet.

Av lova følgjer det også at ein tilsett rektor tek over oppgåvene direktøren har i dag. Dermed får vi eit ekstra administrativt ledd sidan det truleg må kome ein administrasjonssjef under rektor. Det er det andre ekstra trinnet.

Det er ikkje berre i Volda dette spørsmålet er aktuelt – igjen. Nettavisa Khrono formidlar frå Universitetet i Agder no i juni 202 at 112 tilsette og studentar har skrive under på eit opprop der dei spør kvifor debatten om leiingsmodellen kjem opp på nytt?

Dei kallar dette ein «unødvendig omkamp om eigne vedtak» og seier at saka har kome på dagsorden utan grunngjeving i «interne behov».

Kva er meint med «interne behov»? Då er vi inne på spørsmålet om kva slags problem ein eventuell ny leiingsmodell skal løyse. På generelt grunnlag må ein krevje av ei organisasjonsendring at den både har ein definisjon av problem og eit framlegg til løysing som gjer det sannsynleg kvifor den føreslåtte organisasjonsendringa vil løyse problema.

Når det gjeld leiingsmodell ved Høgskulen i Volda er begge deler noko uklart for meg. Det kan virke som at ordninga med tilsett rektor er enklare og tydelegare enn ordninga med vald rektor – men forskinga som direktøren refererer til i saksutgreiinga tyder ikkje på at det er klare gevinstar ved ei ordning med tilsett rektor.

Så eg lurer jo på om det å gå over til tilsett rektor er svar på eit spørsmål som ikkje eigentleg er stilt, eller ei løysing på jakt etter problem.

Blir det ny leiingsmodell så blir det naturlegvis også endra oppgåver og mynde på dei som skal utgjere i leiinga. I saksutgreiinga skriv direktøren at Høgskulen i Volda må bruke hausten 2022 på endringar som følgje av ny leiingsmodell. Ideelt sett burde den framtidige leiingsstrukturen vore klar alt i dag slik at ein hadde klarare alternativ å velje mellom. Men det er i praksis uråd å få til.

I saksutgreiinga skisserer direktør fleire moglege modellar og konsekvensar av ei ny ordning. Fleire leiarar, oppdeling av administrasjonen, eventuell ny vurdering av avdelingsstruktur, eventuell gjeninnføring av avdelingsstyre er nokre moglege konsekvensar.

Ei løysing med å halde fram mest mogleg likt dagens struktur er også nemnt, og då må ein i så fall spørje kva som er poenget med ei endring.

Også for rektorar må det lagast ei stillingsutlysing – og ideelt sett burde styret kanskje hatt eit framlegg til stillingsutlysing også – igjen for at det skulle bli lettare å samanlikne dei to alternativa med kvarandre. Det har eg også kommentert i saksutgreiinga.

Når det gjeld formelle kompetansekrav til eventuell tilsett rektor er det stort spelerom. Universitets- og høgskulelova seier berre:

«Styret sjølv set i verk utlysing og tilsetjing av rektor. Tilsetjingsprosessen skal sikre at rektor har fagleg og ledelsesmessig legitimitet, og at studentane og de tilsette blir høyrt.»

Her har vi sett mange ulike prosessar som skal sikre at «studentane og de tilsette blir høyrt» når rektor skal tilsettast. Til dømes har Oslomet ei ordning som Khrono har omtala som «eksperimentell», med heile 80 personar involvert i tilsettingsprosessen.

Saka kjem opp på Høgskulen i Volda no fordi styremedlemmer undervegs i styreperioden har ønska å ta opp denne saka. Så vart saka ekstra aktuell fordi høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen sluttar no i sommar. For om vi skiftar til tilsett rektor, ja så skal vi ikkje tilsette høgskuledirektør. Men truleg ein annan administrativ leiar.

Utlysing av fast stilling som høgskuledirektør står også på dagsorden i møtet, men vil naturlegvis ikkje bli aktuelt om det blir vedtatt å gå over til tilsett rektor.

Så kort summert opp – for min eigen del: Vald rektor oppfattar eg som ei betre ordning i eit demokratisk perspektiv; alternativet med tilsett rektor gjer Høgskulen i Volda meir komplisert ved at det blir fleire ledd i ein meir hierarkisk organisasjon.

Vi veit ikkje kva endringar i leiinga eller HVO samla sett som vil kome av eit vedtak om tilsett rektor; vi veit ikkje kva krav styret ønsker å stille til ein eventuelt framtidig tilsett rektor.

Her har eg altså lagt for dagen ei klar meining i eit spørsmål der styret kanskje er delt på midten. Uansett utfall av saka håper og trur eg at vi får ein god diskusjon der vi respekterer kvarandres synspunkt, og at uansett kva som blir utfallet så vil vi få med oss verdifulle argument i det vidare arbeidet i styret med å gjere Høgskulen i Volda stadig betre.

(For ordens skuld så er eg sjølv ikkje aktuell som rektor frå 1. august 2023. Held vi fram med vald rektor så kan eg ikkje veljast på nytt. Og går vi over til ei ordning med tilsett rektor så er eg heller ikkje aktuell som søkar.)

(Innlegget vart først publisert på Johan Roppens rektorblogg)

Les også:

Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS