Ein mellombels tilsett vel å ytre seg om kvardagen ved det konfliktherja Institutt for historiske studier, dagen før styret skal fatte vedtak om eventuell omorganisering. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Mellombels tilsett ved konfliktinstitutt ved NTNU: — Eg ligg vaken om natta og tenker på framtida

Konflikt. Svært vanskeleg, belastande og demoraliserande. Det er orda ein mellombels tilsett ved Institutt for historiske studier ved NTNU bruker for å beskrive korleis det er å bli røyrt ved, men ikkje vere direkte involvert i konfliktene ved instituttet.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I morgon skal styret ved NTNU bestemme kva som skal skje med det konfliktfylte Institutt for historiske studier (IHS). Dei to alternativa rektor har skissert inneber begge å skille ut forskergruppa «Fate of Nations» frå instituttet.

FAKTA

Steinnes-saken på NTNU

Ifølge en faktarapport om arbeidsmiljøet ved Institutt for historiske studier ved NTNU har det vært konflikter ved instituttet siden 2013, da man gikk fra valgt til ansatt ledelse ved instituttet.

Konflikten toppet seg i juni 2018 da 12 faglige ansatte reagerte på at deres kollega, og tidligere leder av Forskerforbundet på NTNU, Kristian Steinnes, som hadde varslet ledelsen om arbeidsmiljøproblemene, blir foreslått omplassert til et annet institutt - mot sin vilje.

Begrunnelsen for omplasseringen var blant annet personkonflikt med instituttleder.

En gruppe på 14 ansatte sendte 9.juli 2018 , brev til NTNUs ledelse der de reagerte på brevet til de 12 første brevskriverne.

5.september 2018 måtte Kristian Steinnes si ja til omplassering mot sin vilje.

18. oktober 2018 trakk instituttleder Tor Einar Fagerland seg fra sin stilling med øyeblikkelig virkning. Bakgrunnen var at en epost han hadde sendt til sin coach og lederkonsulent i april 2018 lekket ut til ansatte og mediene. Her omtalte han flere ansatte, blant andre Steinnes, i negative ordelag.

I slutten av januar 2019 meldte Universitetsavisa at NTNU-ledelsen hadde satt igang en faktaundersøkelse om arbeidsmiljøproblemene ved instituttet.

Rapporten fra faktaundersøkelsen ved NTNUs Institutt for historiske studier ble overrakt NTNUs ledelse 12.juni 2019.

13.juni 2019 offentliggjorde NTNU en oppsummering av faktarapporten der det blant annet kom fram at konflikten syntes fastlåst, at NTNU-ledelsen hadde gjort for lite og handlet for sent for å løse konflikten og at medienes dekning av saken, spesielt Khrono og Universitetsavisa, hadde tilspisset konflikten.

21.juni 2019 offentliggjorde NTNU en del av rapporten fra faktagranskerne om mulige tiltak for å løse konflikten. Ett av forslagene er å legge ned hele instituttet.

2.juli 2019 fikk flere medier delvis innsyn i 222 sider av rapporten på nesten 500 sider. (se omtale i artikkel her). Der kommer det blant annet fram at granskerne mener at NTNUs ledelse har brutt arbeidsmiljøloven ved å ikke overholde sin undersøkelsesplikt.

I løpet av august skulle etter planen forslag til omorganisering av instituttet være klart, men dette er nå utsatt.

NTNUs styre vedtok enstemmig den 19. september 2019 at instituttet blir direkte underlagt rektor, blant annet for å kunne omorganisere/legge ned instiuttet og komme med disiplinære reaksjoner overfor enkelte ansatte på instituttet. Dette skal etter planen vedtas i styremøte 31.oktober.

Den 25. september foreslo konstituert rektor ved NTNU, Anne Borg, å skille ut forskergruppen «Fate of Nations» fra det kriserammede instiuttet til et nytt senter lokalisert et annet sted, men på samme campus. De ansatte hadde frist til 7. oktober med å gi tilbakemeldinger til forslaget.

Den 24. oktober ble de endelige forslagene fra rektor klare, etter en høringsprosess: det legges fram to alternativer. I begge skal nåværende institutt legges ned og et nytt etableres. Forskergruppen fate of Natioens skilles ut og blir i det ene alternativet et senter, i det andre alternativet et institutt.

Ledelsen snudde også i saken om ordensstraff mot én ansatt knyttet til konflikten. Ordensstraffen ble redusert til advarsel.

Forslagene til omorganisering skal behandles i styremøte 31. oktober 2019.

I det eine forslaget (Alternativ 1) skal forskargruppa bli eit eige senter underlagt dekanen, i det andre forslaget (Alternativ 2) skal det bli eit eige institutt, som framleis skal vere del av Det humanistiske fakultet.

Styret kan i teorien også avvise begge alternativa.

Eg ligg mykje vaken om natta og tenker på framtida. Korleis blir dette sjåande ut når ein skal søke seg til nye jobbar og ein komande arbeidsgjevar søker oss opp på Google?

Mellombels tilsett

— Ligg vaken om natta og tenker på framtida

Konfliktene ved instituttet har tilspissa seg over fleire år, nokre har uttalt seg offentleg om konflikta, medan andre har valt å la vere. No ynskjer likevel ein mellombels tilsett i forskargruppa «Fate of Nations» (FoN), som ikkje opplever at hen er direkte involvert i konflikta, å uttale seg om korleis konflikta har uttarta seg.

— Vi mellombels tilsette er meir utsette og eg syns konflikta, slik den har utvikla seg, har blitt svært vanskeleg. Eg ligg mykje vaken om natta og tenker på framtida. Korleis blir dette sjåande ut når ein skal søke seg til nye jobbar og ein komande arbeidsgjevar søker oss opp på Google? spør den mellombels tilsette. Hen held fram:

— Omsynet til oss som blir røyrt ved, men som ikkje er ein direkte del av konfliktene, veg ikkje like tungt.

Hen er oppteken av å understreke at hen ikkje kan uttale seg for alle dei 11 mellombels tilsette ved FoN eller dei andre 20 som er mellombels tilsette ved IHS. Dei mellombels tilsette har samla hatt to møter med rektoratet for å drøfte sine tankar og utfordringar kring konfliktene ved IHS.

Eit møte like etter rektor først foreslo å skille ut FoN den 26. september, og seinare den 18. oktober, dagen etter at Adresseavisa publiserte om lag 20 varsel dei hadde fått innsyn i ved IHS.

Plassering av skuld

Det er spesielt diskusjonane kring plassering av skuld, i kombinasjon med rektoratet si mediahandtering, som den mellombels tilsette trekk fram som svært belastande. Sjølv om konstituert rektor Anne Borg understreker i sitt notat til styret at det ikkje ligg noko straffeelement i ei omorganisering, er det likevel fleire som opplever at det blir slik i praksis, ifølgje den mellombels tilsette.

Dette fordi settedekan Geir Øien i si anbefaling til rektor meinte at ei løysing kunne vere å skilje ut den parten som hadde eit objektivt større ansvar for konfliktene i eit senter.

— I det første møtet reagerte vi på at i vår forskingsgruppe, så er det fire som signerte brevet om å reverse tvangsflyttinga av professor Kristian Steinnes, og to av dei fire vart i faktaundersøkinga teikna som «part» i konflikta. Vi er totalt 19 personar ved FoN. Sjølv om det ikkje handlar om plassering av skuld, så blir vi likevel peika ut som dei som må skiljast ut. Det er merkeleg og vi har klaga på at vi har blitt utsette for dette, seier den mellombels tilsette.

I tillegg opplever den mellombels tilsette at rektoratet er selektive på når dei kommenterer saker i media.

— Då leiar for FoN, Hans Otto Frøland i førre veke uttalte at styret ikkje var tilstrekkeleg opplyste til å ta ei avgjerd kring instituttet, var rektoratet på ballen med det same, seier den mellombels tilsette.

Men slik var det ikkje då Adresseavisa både fekk innsyn og fekk publisere om lag 20 varsel, ifølgje den mellombels tilsette. Då valte rektoratet å ikkje uttale seg i saka. Dette vart det diskusjon kring i det andre møtet med rektoratet.

— Det vart tema kven som hadde tatt den avgjerda om at dette skulle delast og kvifor. Men kvifor lét dei varsela berre bli ståande slik, utan at dei blir kommenterte? Det skaper rom for å danne seg eit inntrykk av at her er det nokon som er frykteleg vanskelege, som truar med vald og den slags. Det er mildt sagt belastande, seier den mellombels tilsette. Hen held fram:

— Når ein møter folk i den verkelege verda, så blir ein sett på som ein av dei grusomme folka som truar folk, er xenofob og homofob. Men no blir dei jo flytta, så det blir greit, tenker folk. Då må eg stoppe opp og seie: Det er meg det her er snakk om og det er ikkje slik det fungerer. Men det er dette inntrykket som dannar seg blant folk som ikkje har direkte med konflikta å gjere, og det er demoraliserande. Kva slags grunn skal ein framtidig arbeidsgjevar har til å danne seg eit anna inntrykk? Dette går hardt utover meg og dei andre mellombels tilsette ved FoN, seier den mellombels tilsette.

Uromoment kring mogleg omorganisering

Dersom styret går inn for å splitte opp instuttet, vil dei mellombels tilsette sjølve kunne få velje kor dei skal bli plasserte. I styrenotatet til konstituert rektor Borg står det at: «For stipendiatane og postdoktorane sin del er det viktig at dei ikkje blir «pressa» til å velgje lojalitet». Det er likevel ikkje så enkelt i realiteteten, ifølgje den mellombels tilsette:

— Ein blir stilt i eit vanskeleg dilemma og sjølv om forsikringa om at eit val om kor ein ender ikkje skal bli tolka som ei ytring av lojalitet, er det vanskeleg å kome vekk i frå. Trass i dette, er det godt vi har moglegheita til å velje, og vi ved FoN har blitt samde om at vi følgjer med dei fast tilsette, dersom dei blir flytta ut.

Sjølv om hen kan sjå for seg ein lettare kvardag ved ei eventuell oppsplitting, slik konfliktene no har utvikla seg, så vil det vere heilt avhengig av kva slags form ei oppsplitting vil ta. Hen peiker på fleire uromoment kring korleis ei eventuell ny organisering vil utarte seg.

— Kva slags form vil eit eventuelt senter ta? Vil vi bli definert som eit snevert økonomisk historie-institutt, og dermed få avgrensa vekst og undervisningsoppgåver? Blir det ein ressurskamp mellom senter og institutt? Blir det eit «svelt i hjel-senter», der vi blir sittande attende etter at alle eksterne midlar er brukte opp? spør den mellombels tilsette.

Men det største uromomenter i samband med omorganiseringa, er dei tilsette si moglegheit til å velje kvar dei skal bli plasserte.

— I møtet i oktober vart vi fortalt av rektoratet at valfridom skulle vere hovudregelen for fast tilsette som ikkje var del av konflikta, men i styrenotatet frå rektor er formuleringa ei annan, seier den mellombels tilsette.

I styrenotatet står det: «Ved omorganisering som røyrer ved tilsette vil eit hovudprinsipp vere at medarbeidarane vert fordelte i samsvar med fagleg tilhøyrsle og arbeidsoppgåver. For mange vil dette gi seg sjølv, for andre kan det vere aktuelt med valfridom, medan for nokon vil det vere arbeidsgjevar som avgjer innplassering.»

— Med andre ord, er ikkje frivilligheit hovudregelen, men fagleg tilhøyrsle. Kven definerer den? Dette medfører stor usikkerheit. Vil faste tilsette utanfor FoN som kan tenke seg å flytte ved ei oppsplitting, bli hindra frå å flytte til senteret? spør den mellombels tilsette.

Fleire synspunkt før styremøtet

Hen seier at fleire har prøvd å nå både styret og rektor for å drøfte sine tankar kring vedtaket som skal gjerast på styremøtet i morgon, men at det har blitt avvist kontant.

— Det er vanskeleg å vite kva som eigentleg er planen ved ei eventuell omorganisering. Eg er redd for at det blir tatt ei avgjerd og at det då er for seint å gjere endringar, seier hen.

53 noverande og tidlegare studentar ved det konfliktherja instituttet har kome med sine synspunkt til styret, dagen før vedtak kring instituttet si framtid skal fattast. Universitetsavisa skriv at studentane i eit brev har kome med klar tale om at studiekvaliteten er råka av konfliktene mellom dei tilsette.

Dei reagerer på at rektor i sitt notat til styret skriv at ho førebels ikkje kjenner til «indikasjonar på at konflikta ved IHS i særleg grad har råka studietilbodet».

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS