Debatt ● Fire rektorar i Vinst-alliansen
Fagleg kvalitet i by og bygd
Krava i høgare utdanning er dei same for alle studentar med studiekompetanse frå vidaregåande skule. For fleircampus-institusjonar er oppdraget å tilby forskingsbasert utdanning av høg kvalitet i både bygd og by.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Opptaksmeldinga og profesjonsmeldinga er til høyring og debatt både i utdannings- og forskingskomitéen, i spaltene til Khrono og andre medium. Omtrent samstundes som meldingane blei lansert sende regjeringa ut forslag til endringar i opptaksforskrifta.
I løpet av dei komande vekene skal viktige vedtak gjerast. Slutthandsaminga av stortingsmeldingane finn stad i Stortinget tidleg i juni. Høyringsfristen for opptaksforskrifta har frist på same tid. Innspurten fortener eit opplyst ordskifte.
Framlegga frå regjeringa om å ta vekk særkrava i sjukepleie-utdanninga, og å laga opning for dispensasjon for særkrav ved opptak til grunnskulelærarutdanninga, er eit stort skifte. Samanhengen mellom kva eit ungt menneske har utretta på vidaregåande skule og kva som seinare reelt er mogleg for dette mennesket å lukkast med i høgare utdanning og i arbeidslivet fortener merksemd.
Rektorane i Vinst-alliansen representerer fire institusjonar — universitet og høgskular — med 27 studiestader geografisk spreidde over store delar av Noreg. Me har ei omfattande verksemd knytt til utdanning og forsking innan blant anna sjukepleie-, barnehagelærar-, og grunnskulelærarutdanning. Årleg utdannar me fleire tusen kandidatar. Det er ettertrakta kandidatar som me legg store menneskelege og økonomiske ressursar i å utdanna på beste vis.
Våre kandidatar er utøvarar av kunnskapar og ferdigheiter som er avgjerande for velferdsstaten i heile landet. Rekrutteringssvikten til desse samfunnsberande utdanningane gjer det naudsynt med grep for å fylla studieplassar og forsyna arbeidslivet med kompetanse. Fleire av oss har arbeidd aktivt for å få dispensasjon frå særkrava og for å gjera utdanningane meir tilgjengelege for eit breiare spekter av godt eigna og motiverte søkjarar. I høyringsinnspela til både opptaksmelding og profesjonsmelding har me vore tydelege på at ei forenkling av opptakssystemet er velkome.
Generell studiekompetanse bør vera inngangsbilletten til norsk høgare utdanning. Opptaksutvalet tilrådde i sin rapport frå desember 2002 å fjerna særkrav. Dermed etablerer ein ei tydleg samanhengande linje mellom vidaregåande skule og høgare utdanning, ein samanheng som avklarer forventingane til dei unge for åra som kjem. Linja gir samanheng, styrke og berekraft til utdanningssystemet frå grunnskule via vidaregåande og til høgare utdanning.
Inntakskvalitet er viktig, men den definerer på ingen måte åleine kvaliteten på dei ferdige kandidatane våre.
Yttri, Bing-Jonsson, Svenkerud og Hansen
I debatten om å fjerna særkrava har einskilde lagt til grunn at det vil kunna innebera å senka dei faglege krava til studentane og å svekka utdanningane. I framhald av dette kan ein også kunna tenka at studiestadar der studentane har lågare karaktersnitt frå vidaregåande skule set lågare faglege krav til studentane, enn studiestadar med høgare snittkarakter blant studentane.
Å tilby utdanning og forsking av høg kvalitet og beste merke er samfunnsoppdraget og forpliktinga ved alle våre studiestadar uansett om dei er lokalisert på små eller store stader. Me sørgjer for høg kvalitet i utdanningane og senkar ikkje kvalitetskrava nokon stad.
Det kan hevdast at studentane må ha særleg gode karakterar i einskilde fag frå vidaregåande skule og at dette er avgjerande for gjennomstrøyming og kvalitet på kandidatar, og for framtidige profesjonsutøvarar. Inntakskvalitet er viktig, men den definerer på ingen måte åleine kvaliteten på dei ferdige kandidatane våre.
Me meiner det er eit langt viktigare haldepunkt for politikkutforming å ha merksemda retta mot kva studentane skal kunna når dei er ferdig utdanna profesjonsutøvarar, enn å setja absolutte særkrav utover studiekompetanse til dei utdanningssøkande. Som det til dømes er vist til i debatten, ligg det ikkje føre dokumentasjon for å hevda at sjukepleiarar utdanna før særkrava vart innført i 2019, ikkje er høgt kvalifisert helsepersonell.
Me dannar og utdannar. Viktig for fagleg utvikling og vekst for den einskilde studenten er gjennomføring av fleirårige studieprogram. Krava til gjennomføring i undervisning, praksis og eksamen er dei same, uavhengig av kva karakterar den einskilde hadde med seg frå vidaregåande skule. Veksten og utviklinga til kvart einskild menneske som gjennomfører høgare utdanning, er noko av det mest meiningsfulle i arbeidet ved universitet og høgskular.
Fleircampusinstitusjonar har rik dokumentasjon på at geografisk lokalisering av utdanning spelar ei avgjerande rolle for samfunns- og arbeidsliv i det aktuelle området. Tilgangen på kompetent arbeidskraft vert i mykje bestemt av kvar utdanningstilbodet er lokalisert. Dette gjeld jamvel når universitet og høgskular ligg i den digitale frontlinja.
Veksten og utviklinga til kvart einskild menneske som gjennomfører høgare utdanning, er noko av det mest meiningsfulle i arbeidet ved universitet og høgskular.
Yttri, Bing-Jonsson, Svenkerud og Hansen
Det geografiske sambandet mellom lokalisering av utdanning og samfunnet sin tilgang på kandidatar gir retning for samfunnsoppdraget og krafta i våre fleircampusinstitusjonar. Difor samspelar dei ulike campusane våre, difor tilbyr me forskingsbasert utdanning ved alle våre 27 studiestader. Det har me sterk tradisjon for å gjera og tydeleg ambisjon for å halda fram med.
Ambisjonen fordrar høge krav til våre lærarar og forskarar, det fordrar godt samspel med studentane, og det fordrar omfattande samarbeid med arbeidslivet — vårt praksisfelt. Difor utviklar me både våre ordinære studieopplegg og dei særskilde tiltak og løysingar det måtte vera behov og opningar for. Me har vore, er og vil halda fram med å vera faglege garantistar for høg kvalitet i utdanning og forsking i by og bygd.