Debatt olaug husabø

Ei student­gruppe har ikkje stemme­rett. Det er eit demokratisk problem

Institusjonane må endra praksis, slik at ph.d.-studentar får stemmerett på lik linje med andre.

— Dei siste åra har det vore over 10.000 ph.d.-studentar ved norske universitet og høgskular. At dei ikkje har dei same demokratiske rettane som andre studentar, er eit demokratisk problem, skriv Olaug Husabø.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Studentane skal som hovudregel vera representerte med minst 20 prosent i alle kollegiale organ ved lærestaden som har fullmakt til å gjera vedtak. Dette er fastslått generelt i universitets- og høgskulelova § 4-4.

Som eit lite unntak har studentane to representantar i universitets- og høgskulestyra (§ 9-3), sjølv om styret har elleve medlemmer. Studentane er med på å velja studentrepresentantar, og dei er også med på å velja rektor (§ 10-2).

Studentrepresentasjon i institusjonane sine organ er ein sentral del av demokratiet i universitets- og høgskulesektoren. Det er viktig med studentdeltaking når institusjonane sin politikk skal utformast og det blir tatt avgjerder som vil påverka studiekvardagen.

Men det er ei gruppe som ikkje er inkludert i demokratiet, og det er ph.d.-studentane. (Eg legg til grunn at det no er endeleg fastslått at ph.d.-studentar er studentar. Sjå samanhengen i dette oppslaget i Khrono i august.)

Dei siste åra har det vore over 10.000 ph.d.-studentar ved norske universitet og høgskular. At dei ikkje har dei same demokratiske rettane som andre studentar, er eit demokratisk problem.

No er det kanskje mange som tenkjer: «Men dei har jo stemmerett som mellombels tilsett.» Men det er ikkje alle som er tilsett, og dei som ikkje er det, har ikkje stemmerett. Dette gjeld for ph.d.-studentar som

  1. har ein annan arbeidsgivar enn den institusjonen dei er tatt opp ved,
  2. har anna form for finansiering, eller
  3. ikkje lenger er tilsett ved lærestaden, men framleis har studierett.

Merknad til punkt 1. og 2.: I 2019 var det 11.360 ph.d.-studentar (SSB). 3.767 av dei hadde anna finansiering enn kategoriane eiga budsjettramme og Forskingsrådet. Truleg er det dei færraste av desse som har lærestaden som arbeidsgivar – dei er tilsett ved sjukehus, forskingsinstitutt, andre uh-institusjonar, advokatkontor, i forvaltninga m.v.

Dermed har dei ikkje stemmerett ved lærestaden. Og dersom nokon vil peika på at desse sikkert har stemmerett der dei er tilsette, er svaret at det ikkje er tilsetjinga som gir rett til å levera ei avhandling til vurdering for doktorgraden, men studieplassen.

Det er styret ved lærestaden, og ikkje ein eventuell arbeidsgivar som har ansvar for at den faglige virksomheten holder høy kvalitet og for at institusjonene drives effektivt… (§ 9-1).

Merknad til punkt 3.: Mange ph.d.-studentar arbeider med avhandlinga si i eitt eller fleire semester etter at finansieringa har gått ut. Dei er ikkje tilsette lenger, men dei er framleis studentar. Studentar utan stemmerett.

Denne svikten i demokratiet ved universitet og høgskular oppstod truleg den gongen ph.d.-studentane – dessverre – ikkje lenger fekk vera med i studentsamskipnadane. Det skjedde gjennom ei endring i ei tidlegare forskrift om studentsamskipnadar.

I teorien skulle ikkje ei endring i forskrift om samskipnadar kunna ha noko innverknad på studentar sine rettar etter universitets- og høgskulekova, men dessverre fekk ho det. Det var nemleg ein innarbeidd praksis at berre studentar som hadde betalt semesteravgift fekk stemma ved val ved universitet og høgskular.

Uheldigvis vart det ikkje gjort noko med denne praksisen, sjølv om det ikkje lenger var fullt samanfall mellom studentomgrepet ved universitet og høgskular og ved studentsamskipnadane. Dermed vart ph.d.-studentane utestengde frå det lovfesta demokratiet ved universitet og høgskular.

Det var nok ikkje meininga at ei endring i forskrift om studentsamskipnadar skulle ta frå studentar lovbestemde rettar, men det blei altså slik i praksis. Er det ikkje på tide at dette vert retta opp no? Er det ikkje på tide at ph.d.-studentar får stemmerett slik dei har krav på?

Les også:

Les flere debattinnlegg på Khronos debattside

Powered by Labrador CMS