Debatt Olaug Husabø

Ph.d.-graden skulle vera eit studium på tre år, men tala for gjennomføring viser eit anna bilde

Ph.d.-studiet er vel strengt tatt ikkje eit studium på tre år enno – anna enn i gradsforskrifta og i studieplanane

Biletet er frå ei doktorkreering i universitetet sin aula ved Universitetet i Oslo.

Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

NIFU sin doktorgradsstatistikk for 2020 vart offentleggjort i mars. Han viser at kandidatane sin gjennomsnittsalder var 38 år - det same som på 1990-talet. Gjennomsnittleg tid frå oppstart av studiet til levering av avhandlinga var på mellom 4,5 og 5,5 år, avhengig av fagfelt. Sidan ph.d.-studiet er normert til tre år, er det freistande å føreslå at det bør vurderast om det er ein systemfeil her.

Det var i alle fall ikkje dette som var planen då institusjonane tok til med organisert doktorgradsutdanning for 30 – 40 år sidan. Til då var doktorgradane; dr.philos., dr.med. mv., frie gradar utan organisert opplæring. Planen med endringa var at det skulle bli vanleg å ta til med doktorgradsstudiet like etter oppnådd høgare grad, og at ein skulle kunna gjennomføra studiet i løpet av stipendperioden. Dei første gradane i doktorgradsutdanninga var fagspesifikke; dr.art., dr.philos., dr.scient. mfl. I samband med kvalitetsreforma tidleg på 2000-talet vart dei slått saman til ein grad; graden ph.d. (Graden dr.philos. vart behalden som fri grad.)

NIFU sin statistikk for gjennomføringstid omfattar både dei som har hatt avbrot i studiet på grunn av sjukdom, omsorgsarbeid, uhell i laboratoriet mv., og dei som er reelt forseinka i studiet. Tala viser likevel etter mi meining at institusjonane ikkje har innretta seg godt nok på at dette er eit studium på tre år. Ein grunn til dette kan vera at dei umedvite tok med seg krava som vart stilte til omfang på avhandlinga frå graden dr.philos. mv. - den gongen det ikkje var uvanleg at ein kandidat hadde brukt 8 -10 år på avhandlinga. (Krav som munna ut i tidkrevjande seremoniar med institusjonsbehandling av komitéinnstillinga både etter skriftleg sensur og etter disputas som vart avslutta med høgtideleg kreering i institusjonsstyret).

Dei første åra etter at den organiserte doktorutdanninga vart etablert, fastsette departementet reglement for dei nye gradane, og departementet følgde lojalt intensjonane og gav enkle reglar om krav til opptak, rettleiing, opplæringsdel og disputas og karakterar mv. Stort sett var same terminologi brukt for reglane om alle nivåa, både cand.mag., hovudfag og doktorgrad. (Dette var før overgangen til bachelor- og mastergrad i kvalitetsreforma.)

Men institusjonane endra dette då dei fekk fullmakt til å fastsetja forskrift for doktorgraden sjølv. Etter oppmoding frå institusjonane laga Universitets- og høgskulerådet (UHR) ein nasjonal mal for forskrift der det – medvite eller umedvite – vart sett bort frå departementet sine reglement og eigentleg også frå universitetslova. Mellom anna kopierte dei langt på veg reglane om levering, vurdering, disputas og kreering i dr.philos.-forskriftene.

Så ph.d.-studiet er vel strengt tatt ikkje eit studium på tre år enno – anna enn i gradsforskrifta og i studieplanane. Dette bør det gjerast noko med, først og fremst av omsyn til studentane.

Olaug Husabø

Terminologien i den nasjonale malen for ph.d.-forskrift er såleis henta frå forskriftene om dei frie doktorgradane, og er ein heilt annan enn for høgare utdanning elles. Dette gir også inntrykk av at overgangen frå frie gradar til doktorgradstudium i realiteten ikkje skulle innebera store endringar.

Den nasjonale malen førde til at det vart utydeleg kva som var endra i høve til gammal ordning, men dei fleste institusjonane – kanskje alle – brukte likevel malen i staden for å vidareføra departementet sine reglar for doktorgradsstudiet. Dette førde til usikkerheit om krava. Som leiar for eit doktorgradsutval (programstyre) ved UiT sa midt på 90-talet: «Rettleiarane er ikkje sikre på at bedømmelseskomitéeane kan dei nye reglane, så dei anbefaler gjerne studenten å venta med å levera, og arbeida nokre månadar til på avhandlinga.»

Slike tankar, og andre moment, t.d. at dei aktuelle fagfelta har behalde forventninga om at i artikkelbaserte avhandlingar skal i alle fall ein eller to artiklar vera publiserte, kan fort føra til forlenging av studiet.

I denne samanhengen kan også departementet sine styringsparameter i statsbudsjettet nemnast. Departementet brukar som styringsparameter delen av ph.d.-kandidatar som gjennomfører innan seks år, altså to eller tre år ut over normert tid, avhengig av om finansieringa er på tre eller fire år.

Når det derimot gjeld bachelor- og masterkandidatar ser departementet på delen som gjennomfører på normert tid. («blått hefte» side 10/11). Kan det vera tvil om at denne ulikebehandlinga mellom utdanningsnivå gir eit uheldig signal om kva som er venta av institusjonane når det gjeld studiegjennomføringa?

Så ph.d.-studiet er vel strengt tatt ikkje eit studium på tre år enno – anna enn i gradsforskrifta og i studieplanane. Dette bør det gjerast noko med, først og fremst av omsyn til studentane, som må kunna stola på at studiet er lagt opp slik at det er mogeleg å fullføra det i løpet av normert tid, altså i finansieringsperioden.

Powered by Labrador CMS