Debatt ● olaug husabø
Bør ph.d.-graden normerast i samsvar med verkelegheita?
Kvifor er det nesten meir vanleg at studiegjennomføringa av ph.d.-graden vert målt etter seks år enn etter normert tid, spør Olaug Husabø.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«Andelen stipendiater som fullfører sin ph.d. innen seks år har økt betydelig i løpet av de siste tiårene; fra 34 prosent i 1980 til 57 prosent i 1990 og 66 prosent i 2000.»
Sitatet er henta frå Forskingsrådet sin Rapport fra utvalget for forskerlinjepiloter frå oktober 2017 (side 2). Det er ei god innleiing til temaet for dette innlegget: Kvifor ser ein eigentleg på studiegjennomføringa etter seks år?
For det er nesten meir vanleg at studiegjennomføringa av ph.d.-graden vert målt etter seks år enn etter normert tid. Mellom anna er det ein av styringsparametrane departementet har valt å bruka i samband med budsjettet. Det går ikkje fram oversikta kva som er grunnen til dette valet. Der står det berre «Andelen ph.d.-kandidater som gjennomfører innen seks år». Gjennomføring på master- og bachelorstudiet blir derimot målt etter normert tid.
Kvifor vert ikkje også gjennomføringa på ph.d.-studiet målt etter normert tid – eller rettare sagt: etter fire år? Fire år burde ha vore eit naturleg val, sidan mange ph.d.-studentar har finansiering for fire år. Eller, som det står i den nemnde forskingsrådsrapporten: «Normert tid for ph.d.-utdanningen er fire år (inkludert ett års pliktarbeid)». Med måling etter fire år, tek ein høgd for at enkelte studentar er tatt opp for seks år på halv tid, og enkelte, t.d. dei med finansiering frå Forskingsrådet, er tatt opp for tre år.
Last ned Khrono-appen og få varsel om den viktig debatt og nyheter.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-

Ei forklaring eg har høyrt, er at seks år er valt fordi mange ph.d.-studentar vert forseinka på grunn av sjukdom, svangerskap, problem med laboratoriet mv. Dersom det er forklaringa, er det vanskeleg å forstå kvifor det ikkje er lagt til ekstra tid for gjennomføring av master- og bachelorstudiet, for dei blir jo også forseinka. Dessutan er det truleg fleire på master- og bachelornivå som skiftar studieretning enn det er på ph.d.-nivå, og fleire som blir forseinka fordi dei må ta seg arbeid i løpet av semesteret.
Men uansett kva grunnen er til at studiegjennomføringa vert målt etter seks år, så er det ikkje ei god ordning:
- For det første kan det gi eit uheldig signal til institusjonane om at seks år er godt nok. (Sidan dette har med budsjettet å gjera, gir det vonleg ikkje uheldig signal til studentane.)
- For det andre kan ein ikkje samanlikna resultatet på dei ulike utdanningsnivåa no. Med gjeldande parametrar, kan ei overflatisk lesing få ein til å tru at institusjonane har betre gjennomføring på ph.d.-nivå (70 prosent i 2020) enn på master- og bachelornivå (høvesvis 52 og 51 prosent).
- Og sist, men ikkje minst: Eit tal som angir gjennomføringsgraden i løpet av ein periode som er nesten dobbelt så lang som normert studietid, er lite opplysande.
Konklusjon: Studiegjennomføringa på ph.d.-studiet bør målast etter fire år, som er tilnærma normert studietid. Dersom det er slik at det er umogeleg å få god nok studiegjennomføring, kan det vera gode grunnar til å vurdera om krava er rett dimensjonerte. Eit anna alternativ kunne vera å endra normeringa slik at ho kjem i samsvar med røynda.
Nyeste artikler
Krever at regjeringen rydder opp i visumkrøll: — Må være mulig å bruke skjønn
Viten-TV hadde bare 15.000 avspillinger på seks måneder
Regjeringen vil ha mer praksis og en mer fleksibel lærerutdanning
UiT skrev under på Trump-avtale om mindre mangfold
Trump truer Harvard med kutt på nesten 100 milliarder
Mest lest
Trump truer Harvard med kutt på nesten 100 milliarder
116 studenter felt for KI-fusk i fjor. Særlig én ting avslørte dem
Norsk mangfoldsopprør sprer seg til hele Norden
To uker før masteren skulle leveres, fikk hun tilbud om å ta doktorgrad
Margareth Hagen vant valget: Får fire nye år som rektor