Årets namn i akademia
— Dette er ein kamp vi på Nesna tar for alle studentar
Studentane på Nesna har sett universitets- og høgskulepolitikk på den storpolitiske dagsorden, meiner juryen. No kan dei bli årets namn i akademia.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Fantastisk, er Katrine Dishington Johnsens første reaksjon på nyhenda om finaleplass.
Ho er ein av dei sentrale i studentaksjonen på Nesna på Helgeland som er mellom dei tre kandidatane i Khronos kåring av Årets namn i akademia. Saman med tre andre nesnastudentar er ho blitt nominert til prisen: Wanja Skog Hermansen, Aurora Hoff-Blyseth og Fay-Renée Olsen.
Prisen, som er ny av året og initiert av Khrono, skal gå til ein eller fleire personar som i kraft av sine meiningar eller handlingar har reist eller forma viktige debattar i og utanfor akademia, eller på anna vis har hatt betydning for akademia som ein del av storsamfunnet.
— Eg trur kanskje leiinga ved Nord universitet undervurderte motstanden dei skulle få frå ein liten gjeng studentar på Nesna, seier Johnsen.
Jury: «Løftet viktig debatt»
Styret ved Nord universitet bestemte i juni 2019 at studiestaden på Nesna, som har hatt lærarutdanning i over 100 år, skulle leggast ned som del av ei større omstrukturering. Lærarhøgskulen blei fusjonert inn i universitetet i 2016.
- Les også: Regjeringssplid om Nord-saken
Nedlegginga, og prosessen fram mot nedleggingsvedtaket, utløyste heftige protestar og aksjonar på Helgeland. Studentane stod sentralt i mobiliseringa av lokalsamfunnet og regionen – men også noko endå større:
Ifølgje juryen «har nesnastudentene satt universitets- og høgskolepolitikk på den storpolitiske dagsorden. Denne striden handler ikke bare om studiesteder ved Nord universitet, den griper inn i en større sentrum/periferi-diskusjon». Og vidare har «studentene og deres allierte løftet en viktig debatt med betydning langt utover Campus Nesna».
Dei fire nominerte studentane vurderer no å gå til søksmål mot Nord universitet. Denne veka blei det også kjent at Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite samrøystes skal sjå på om intensjonen i stortingsvedtaket i samband med regjeringas store strukturreform, er følgd i saka. Diskusjonane om prinsippa rundt kven som kan legge ned studiestader held fram.
Staten vs. studentane
Johnsen seier kampen heretter handlar om grunnleggande og lovfesta studentrettar, som dei opplever ikkje blir ivaretatt i situasjonen dei er i. Ifølgje Nord universitet skal dørene på Nesna stenge i 2022, då vil mange studentar fortsatt vere i studieløpet. Allereie skaper stillingskutt og den belastande arbeidsmiljøsituasjonen i kjølvatnet av nedleggingsvedtaket store problem for undervisninga og studiekvaliteten, ifølgje Johnsen.
- Les også: Spillet om Nord universitet
— Som student har ein mange rettar. Ein av dei er retten til å fullføre studiet med tilfredsstillande studiekvalitet, – og den retten blir ikkje oppfylt i dag. Vi har sendt mange brev til Nord universitet, og til studentombod, utan å få svar. Ingenting har skjedd for sikre at vi studentar blir tatt vare på i denne prosessen, hevdar ho.
Det er derfor neste steg i kampen kan bli søksmål. Nord har tidlegare avvist påstandar i brev frå advokaten til studentane om at dei ikkje oppfyller krava i universitets- og høyskoleloven.
— Vi er klare over at vi blir små i ei rettssak mot staten. Derfor jobbar vi med å sikre at vi kan ha fleire med oss. Dette er ikkje berre vår kamp. Det er ein kamp som vi på Nesna vil ta for alle studentar i Noreg. Vi meiner ingen studentar skal måtte uroe seg for å hamne i same situasjon som vi har, der det blir opp til oss å måtte sikre kvaliteten på utdanninga vår. Kampen handlar no om studentane sine rettar, seier Johnsen.
Fekk plass — blei lagt ned
Fay-Renée Olsen, tillitsvald på 2019-kullet for dei som går lærarutdanninga for 5.-10-trinn, har brukt store delar av det første studieåret til politikk. Omtrent parallelt med at ho fekk studieplass, kom nedleggingsvedtaket frå Nord universitet.
— Situasjonen har ført til mange møte og ekstra påkjenningar. Dette er jo eit deltidsstudium med samlingar, mange av studentane må planlegge, og skal samstundes følgje opp familie og deltidsjobbar, seier Olsen.
Ho seier fleire av studentane på kullet vurderer å søke seg til andre utdanningsinstitusjonar, og at det råder uvisse om korleis – og kvar – dei skal fullføre studiet.
— Det er ei belastning i seg sjølv, seier ho.
Finaleplassen i kåringa om å bli Årets namn i akademia er ei diger vitaminpille, og vi har ikkje høyrt det siste frå nesnastudentane, ifølgje Olsen.
— Dette er viktig for oss, det betyr utruleg mykje at våre stemmer blir høyrde.
— Dramatisk og kaotisk
Katrine Johnsen begynte på lærarstudiet i 2017 med ein ambisjon om halde seg unna studentpolitikk, ho skulle «berre kose seg med å vere student».
Det skulle raskt endre seg.
— Dei siste par åra har vore dramatiske og kaotiske. Det er vanskeleg å setje ord på opplevinga av å bli svikta av sitt eige universitet. Eg har tapt nokre illusjonar undervegs. Det har kosta å stå i det. Men eg har også lært mykje, møtt mange fantastiske menneske, blitt kjent med politikarar, folk på Nesna. Derfor er eg ikkje sliten, eg blir berre meir og meir motivert.
Vinnaren av Årets namn i akademia blir offentleggjord 15. desember.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut