Nils Rune Langeland på veg inn i rettssalen. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Rettssak måndag: Ulikt syn på «yrkesforbod» for Langeland

Rettssak. Avskjediga professor Nils Rune Langeland har i realiteten fått eit yrkesforbod som kan bli livsvarig, meiner jusprofessor Ørnulf Rasmussen. Moglegheit for framtidig jobb «veit vi lite om», hevdar regjeringsadvokaten.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I dag, måndag 10.desember, startar rettssaka Nils Rune Langeland har anlagt mot staten v/ Kunnskapsdepartementet. Han vil at avskjeden av han skal kjennast ulovleg.

Berre to gongar tidlegare har avskjed mot ein statleg tilsett professor vore oppe i rettssystemet. Ein professor ved Universitetet i Bergen fekk avskjed på grunn av seksuell trakassering og UiO-professor Arnved Nedkvitne. Ei annan sak ved Universitetet i Oslo endte med forlik. Etter at Langeland-saka blei kjent har det kome enno ei avskjedssak, denne gongen ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Livsvarig yrkesforbod

Fakta

Langeland-saken

Nils Rune Langeland (54) var professor i historie ved Universitetet i Stavanger.

Langeland har doktorgrad fra Universitetet i Bergen i 1997 med avhandlingen «Myten om det politiske herredømet». Han har gitt ut flere faglitterære bøker, og var i årene 1998–2002 redaktør for tidsskriftet Syn og Segn.

30. juni 2017 mottok han en skriftlig advarsel fra sin arbeidsgiver som omhandlet en rekke forhold og hendelser gjennom flere år.

3. juli 2017 omtalte Khrono som første avis at Langeland hadde sendt flere grove meldinger med seksuelt innhold til flere kvinner. Flere medier omtalte saken etterhvert i løpet av sommeren 2017.

Universitetsledelsen så alvorlig på meldingene, og kalte Langeland inn til samtale.

8.juli 2017 beklaget Langeland saken, uten forbehold, via en sms til NRK.

12.juli 2017 bekreftet UiS at de hadde mottatt en klage fra en av Langelands studenter.

25. oktober 2017 skrev Langelands advokat Kjell M. Brygfjeld et innlegg i Khrono under tittelen: Det er ingen Langelandsak ved UiS.

19.november 2017 meldte Khrono at UiS planla å gå til avskjed av Langeland .

21.november 2017: Langelands advokat mener UiS bryter AKAN-avtale ved å avskjedige han og mener avskjeden handler om Langelands alkoholproblemer

24. november 2017 vedtok Universitetet i Stavanger å avskjedige Langeland.

24.februar 2018 blir Langeland intervjuet over 8 sider i VG Helg og mener han er Norges første metoo-offer

21. mars 2018 avslår Kunnskapsdepartementet (KD) Langelands klage på avskjed og opprettholder vedtaket til UiS. Saken kan ikke ankes videre. Og Langeland er ikke lenger ansatt ved Universitetet i Stavanger.

14. mai 2018 saksøker Langeland staten fordi han mener at avskjedigelsen av ham er ulovlig.

16.mai 2018 omtaler Khrono stevningen der det også kommer fram at UiS og Kunnskapsdepartementet mener at Langeland har opptrådt kritikkverdig også i perioden mens KD behandlet ankesaken hans.

10.-14. desember 2018: Rettssak i Oslo tingrett Langeland vil ha kjent avskjeden ulovlig.

Professoren som blei avskjediga frå Universitetet i Stavanger for snart eit år sidan, Nils Rune Langeland, kan ha fått livsvarig yrkesforbod, meiner jusprofessor Ørnulf Rasmussen ved Universitetet i Bergen, ifølge NRK.

Khrono har tidlegare omtalt at Langeland har søkt fire ulike jobbar, ved høvesvis Høgskulen i Volda, NTNU, Universitetet i Agder og UiT Norges arktiske universitet i 2018, og ikkje fått nokon av dei. Ved UiT blei stillinga trekt attende fordi det berre var fire søkarar - ein av dei var Langeland.

Ein fagleg høgt kvalifisert historikar, med professorkompetanse, vil ha ein begrensa arbeidsmarknad.

Ørnulf Rasmussen

Langeland har også sjølv sagt til Khrono at han meiner det er god grunn til å seie at han har fått yrkesforbod.

— Dokumentasjonen på eit reelt yrkesforbod er no ganske handfast, særleg gjeld dette i Volda, sa Langeland til Khrono etter at han hadde vore på intervju til ei stilling ved Høgskulen i Volda.

Intervjuet i Volda minna ifølge Langeland mest om ein «inkvisisjon». Langeland var av sakkunnigkomiteen i Volda rangert som den best vitskaplege kvalifiserte søkaren.

Ingen rettskraftig dom

Ifølge NRK meiner jusprofessor Rasmussen i Bergen at det er svært uvanleg at den som er sett på som best fagleg kvalifisert ikkje får ein jobb i det offentlege. Rasmussen minner også om at Langeland ikkje har nokon rettskraftig dom mot seg.

— Grunna tidlegare åtferd – noko han ikkje er straffa for – seier institusjonen at dei i realiteten ikkje vil ha noko med han å gjere. Då har han i realiteten fått eit yrkesforbod, seier Rasmussen.

Han legg til at yrkesforbodet også kan bli livsvarig. For blir du ute av fagmiljøet for lenge, så blir du fagleg distansert, og då kan du tape konkurransar om jobbar på faglege kriterium seinare, meiner jusprofessoren.

Begrensa arbeidsmarknad for historikarar

Yrkesforbod er definert som at ein arbeidstakar ikkje blir tilsett, eller avskjediga, på grunn av sitt politiske eller kulturelle syn.

Ovanfor Khrono presiserar Rasmussen på epost kva han meiner med Langelands moglege yrkesforbod:

Det kan vel opplevast som eit yrkesforbod for den det gjeld, men då har ein jo skapt yrkesforbodet sjølv.

Fredrik Lund Skyberg

— Ein fagleg høgt kvalifisert historikar, med professorkompetanse, vil ha ein begrensa arbeidsmarknad. Det vil i hovudsak gjelde universitet og høgskolar. Viss desse ikkje vil tilsette henne, til trass for dokumentert klare faglege fortrinn, er det neppe nokon arena å praktisere faget sitt på. Då blir effekten som ved eit yrkesforbod, meiner Rasmussen.

Han seier at det er avgjerslene ved desse institusjonane som skapar denne effekten. Rasmussen meiner det vil kunne vere annleis med f.eks. ein medisinar eller ein jurist, med tilsvarande kompetansenivå.

— Dei vil ha ein betydeleg alternativ marknad å forhalde seg til, skriv Ørnulf Rasmussen.

Advokat Skyberg: Ein person må vere eigna

Fredrik Lund Skyberg er senioradvokat med arbeidsrett som spesialområde hos Codex advokat Oslo.

Han understrekar at han uttalar seg på generelt grunnlag, og peiker på at å vere rangert som best fagleg kvalifisert ikkje nødvendigvis betyr at man er best kvalifisert, totalt sett. Ved tilsetting i statlege verksemder er det den best kvalifiserte kandidaten som skal velgast.

— Ein kjem ikkje unna at det har betydning om ein er personleg eigna. Viss ein person har hatt ei profilert stilling som har endt med avskjed etter uakseptabel åtferd, blir det vanskeleg å kome vekk frå at andre moglege arbeidsgivarar kan finne det relevant å legge vekt på dette. Det kan vel opplevast som eit yrkesforbod for den det gjeld, men då har ein jo skapt yrkesforbodet sjølv, seier advokat Lund Skyberg.

Må vurdere kva som er relevant

Advokat Vidar Strømme representerte ein annan avskjediga professor, Arnved Nedkvitne, i lagmannsretten og i ei anke til Høgsterett i 2010 og 2011.

Han seier til Khrono at det sentrale spørsmålet for ein eventuell ny arbeidsgivar er kva som er sakleg og relevant å leggje vekt på.

I den grad han sjølv har fortalt kva han har gjort, skulle man vel ikkje ha behov for ein rettskraftig dom for å leggje vekt på det.

Vidar Strømme

Paragrafen om kvalifikasjonsprinsippet i statsansattelova seier at «den best kvalifiserte søkeren skal ansettes eller utnevnes», men nemner óg at det ved sida av kvalifikasjonskrava i utlysinga skal bli lagt vekt på utdanning, erfaring og om søkaren er personleg eigna til stillinga.

— Eg veit ikkje i detalj kor mykje Langeland sjølv har sagt om si åtferd, men i den grad han sjølv har fortalt kva han har gjort, skulle ein vel ikkje ha behov for ein rettskraftig dom for å legge vekt på det. Spørsmålet er om det er relevant å legge vekt på, seier Strømme.

Strømme avviser ikkje Rasmussen sin bruk av omgrepet «yrkesforbod».

— Effekten av avskjeden er jo at han ikkje får den type jobbar, og den effekten kan man vel kalle eit yrkesforbod, seier Strømme.

Brygfjeld krev erstatta framtidig tapt erverv

Langelands advokat, Kjell Brygfjeld, skriv noko av det same i sitt prosesskriv og sluttinnlegg til Oslo tingrett 27.november. Der varslar han at Langeland i tillegg til å få kjent avskjeden ulovleg også vil krevje erstatning for tap av inntekt, oppreising og tap at framtidig erverv.

Brygfjeld skriv:

Kjell M. Brygfjeld er Nils Rune Langelands advokat.

«Når det gjelder erstatningskravet så vil dette bli utarbeidet i detalj fram til hovedforhandlingen. Elementene i kravet er tapt lønn fra avskjeden ble effektiv, tap i framtidig erverv og oppreisning. Det synes vel dokumentert at Langeland ikke har utsikter til å komme seg i nytt arbeid etter avskjeden i uoverskuelig framtid.»

Staten og retten seier nei

Men regjeringsadvokat Hilde Lund bad på vegner av Kunnskapsdepartementet tingretten om å seie nei til at Brygfjeld kunne fremje krav om økonomisk erstatning for tap av «framtidig erverv» for Langeland. Ho meinte at kravet var fremja for seint, og skriv også:

«Et slikt krav vil også utløse spørsmål om hvorvidt Langeland i framtiden vil få problemer med å komme seg i nytt arbeid i en situasjon hvor avskjedsvedtaket er kjent ugyldig. Det vet vi lite om.»

Tingretten gav i si kjenning 4.desember departementet medhald, og Langeland kan dermed ikkje fremje krav om økonomisk erstatning for tap av framtidig erverv i denne saka. Men han får fremje påstand om erstatning for tapt inntekt etter at avskjeden var eit faktum, og for sakskostnadar.

Langeland har gått til søksmål mot staten ved Kunnskapsdepartementet for å få avskjeden kjent ulovleg. Rettssaka startar i Oslo tingrett måndag 10.desember.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS