Min doktorgrad

Reidun Ims har forska på innvandrar og opplevingane deira når dei møter norsk arbeidsliv. Ho seier at disputasdagen vart ein flott dag.

«Å ta doktorgrad har vore ein lang og tung prosess»

Dersom eg hadde visst korleis det skulle verta, er det ikkje sikkert at eg hadde våga å gå i gang, seier Reidun Ims.

Publisert Oppdatert

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

— Det var litt tilfeldig. Eg søkte ikkje spesielt på grunn av denne tematikken, men fordi eg kunne få sjå på dette med sosialt arbeid.

— Kan du kort presentera prosjektet ditt?

— Eg har forska på innvandrarar og opplevingane deira når dei møter norsk arbeidsliv. I dag er ein oppteken av at integrering skal sikrast gjennom arbeid. Men er arbeid så viktig som ein trur? Eg har intervjua ti personar med innvandrarbakgrunn om deira røynsler og opplevingar.

— Kva finn du?

Fakta

Reidun Ims (51)

  • Har levert avhandlinga «Samanhengen mellom arbeid og integrering. Ein kvalitativ studie av innvandrarar sitt møte med norsk arbeidsliv»
  • Disputerte ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Stavanger 14. februar

— Arbeid er faktisk så viktig som ein trur, og det overraska meg litt. Integrering skjer gjennom arbeid, og det betyr at når ein ikkje får jobb vert det veldig vanskeleg. I dag har ein ikkje ordningar som er gode nok, ein tenkjer at «berre ein kjem seg i jobb, ordar det seg». I tillegg til at mange slit med å få seg jobb, er det òg ein del som har ei laus tilknyting til arbeidslivet. Sysselsettingsraten for innvandrar kan vera høg rett etter at dei er ferdige med introduksjonsprogrammet, men så stuper han. Det skuldast at mange tek jobbar som er ustabile, til dømes konjunkturutsette. Nokre av dei som har teke introduksjonsprogrammet kan ikkje lesa eller skriva frå før, andre har doktorgrad. Det burde vore større moglegheiter til å skreddarsy opplegg som passar den enkelte. No vert nokre gåande i praksis etter praksis, og kjem ikkje skikkeleg ut i arbeid. Og me som er vaksne opp i Noreg tenkjer ikkje på kor norsk me lever. Dei eg intervjua seier at det er vanskeleg å få nettverk i Noreg: Ein går på jobb, går heim, har faste aktivitetar, og går heim ifrå dei igjen.

Integrering skjer gjennom arbeid, og det betyr at når ein ikkje får jobb vert det veldig vanskeleg.

Reidun Ims

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva har vore mest krevjande undervegs i doktorgradsperioden?

— Det har vore ein lang og tung prosess, og for å vera ærleg synest eg ikkje det var kjekt. Det handlar om rammene rundt, og om at eg sjølv hadde mykje av ansvaret for framdrifta i prosjektet. Eg kom ikkje i mål til normert tid.

— Har du angra på at du gjekk i gang med eit doktorgradsprosjekt?

— Eg har ikkje angra på at eg gjekk i gang med doktorgrad, det har vore fantastisk! Men på det mest einsame har eg nok angra, og dersom eg hadde visst korleis det skulle verta er det ikkje sikkert at eg hadde våga å gå i gang. Eg hadde ein veldig fin disputasdag, men på vegen dit har eg fått nokre røynsler eg kunne ha tenkt meg å vore utan.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg skal forska og undervisa meir i dei same temaa. Hjarta mitt bankar for det sosiale arbeidet, og eg har ein artikkel i magen om nettopp sosialt arbeid. Det byrja med eit tema eg vart utfordra på disputasdagen. Eg har òg byrja i ny jobb ved Universitetet i Agder, eg fekk ei stilling der etter at åremålet ved Universitetet i Stavanger gjekk ut.



Powered by Labrador CMS