Debatt ● anne kalvig og marianne brattgjerd
Ytringsfridomsutval, lovverk og ei utfordring til Kierulf-utvalet
Innleggsforfattarane reagerer på korleis innspill til Kierulf-utvalet blir handsama som offentlege ytringar.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
5. oktober bad leiar for akademisk ytringsfridomsutval, Anine Kierulf, om snarleg hjelp frå akademikarar: «Vi har bare tiden og veien. Vil du hjelpe oss?». Ho etterlyste innsending av «virkelighetsbeskrivelser og problemhistorier», så vel som løysningsforslag, kring ytringsfridom i akademia.
1. november spurte me korleis Kierulf-utvalet kjem til å handtera personlege opplysningar og historier om hets og trakassering?
Frå Kierulf sitt tilsvar 3. november forstår me to ting: for det fyrste, at utvalet ikkje kjem til å verna om innsendarane og deira historier. For det andre, at spørsmålet i seg sjølv ikkje er/har vore av interesse for utvalsleiaren.
Kierulf skriv: «personopplysninger utleveres etter nasjonale regler om offentlig innsyn. Det er da offentleglova – med dens hovedregler og unntak – som regulerer eventuelle innsynskrav.»
Me forskarar er vande med å henta inn og handsama data, inkludert personlege historier, røyndomsoppfatningar og anna sensitivt materiale. Politiske, filosofiske og religiøse oppfatningar, og opplysningar om fagforeiningsmedlemskap, er særskilte kategoriar av personopplysningar, underlagt eige vern i Personopplysningslova. Dette sett rammene for vårt arbeid.
At berre Offentleglova gjeld for Kierulf-utvalet, og at Offentleglova trumfar Personopplysningslova og GDPR, er ikkje opplagt.
Likevel er det altså slik, at sender du materiale til utvalet, bør du formulera deg som om du skulle publisera innspelet i ei avis eller som eit offentleg innlegg på Facebook.
Det synast som mykje er prega av hastverk i Kierulf-utvalet sitt arbeid. Verken i etterlysinga 5. oktober eller andre stader opplys dei om korleis dei handsamar personsensitive data.
Ytringsfrihetskommisjonen, Ykom, leia av Kjersti Stavrum, har til samanlikning personvernerklæring lenka til sine sider, og kontaktopplysningar for dei som har spørsmål om dette. Det forundrar oss at eit akademisk utval med liknande mandat har mindre informasjon og lågare refleksjonsnivå kring personvernspørsmål.
Innsikta i korleis Kierulf-utvalet handsamar innspel, har me fått stykkevis og tilfeldig. Me har stykkevis fått innsikt gjennom tolking av knappe svar frå utvalsleiaren i offentlegheita, etter spørsmål frå oss. Informasjon har også kome til oss via utvalssekretariatet, som tok kontakt fordi nokon har kravd innsyn i materialet me har sendt inn.
Sekretariatet fortel at me ikkje har høve til å nekta innsyn, og me har heller ikkje høve til å trekka innspelet vårt. Og me har, overraskande, ikkje rett til innsyn i kven som ber om innsyn! Altså: Våre innspel er offentlege, mens kven som ber om innsyn er konfidensielt?
Korleis materialet me har sendt inn blir lagra og handsama i framtida, er framleis uklart. Det einaste me har fått, er ei tilvising til Arkivlova med forskrifter og at Kunnskapsdepartementet kan kontaktast.
Når me i kommunikasjon med utvalssekretariatet framheld at informasjonen burde vore betre, er svaret lett overberande: «Me har nok overvurdert dykk akademikarar kva gjeld kjennskap til Offentleglova».
Det kan henda utvalssekretariatet har rett i at akademikarar burde vore betre innsett i lover og forskrifter. Men høyr kva me tre akademikarar erfarte tidlegare i år. I mars posta Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) ei sak på si opne Facebook-side. Etter nokre dagar valde dei å sletta heile posten, med hundrevis av kommentarar, mellom anna våre.
LDO påstod, både offentleg og i private meldingar til oss, at kommentarane var eksempel på «ulovelg transhat», og at dette var årsaka til at posten blei sletta. Me var ueinige i dette og bad om å få posten og ordskiftet oversendt for dokumentasjon. LDO svarte at dei ikkje hadde plikt til å arkivera eller gje ut informasjon, verken den dei sjølv hadde lagt ut eller dei offentlege kommentarane dei hadde fått inn.
Så kanskje det i direktorat, departement og hos ulike offentlege ombod heller ikkje herskar full semje om og kjennskap til korleis Offentleglova skal tolkast og handhevast?
Den nemnte saka med LDO er døme på korleis Straffelova nå blir brukt av våre styresmakter til å knebla debattar, etter at «kjønnsidentitet» 1. januar 2021 blei innlemma i strl. §185 («hatparagrafen») og §186. Den viser også at det særleg er kvinners ytringsrom som blir innskrenka av lova.
Det er med strl. §185 og §186 i handa at Likestillingsombodet tør gå ut og seia at dei som meiner at kvinners toalett, garderobar, idrett, krisesenter, fengslar, lesbiske barar, klubbar osv. skal forbehaldast jenter og kvinner, uttrykker «ulovleg transhat».
Me veit, mellom anna frå Twitter, at utvalsleiar Kierulf er ein varm tilhengar av innlemminga av «kjønnsidentitet» i strl. §185. Likevel, eller nettopp derfor, har me dette innspelet til utvalet hennar:
Me utfordrar Kierulf-utvalet til å undersøka
- korleis strl. §185 blei brukt av LDO til å stempla kvinnelege akademikarar som «hatefulle», og dermed kriminelle, i den aktuelle saka der LDO først publiserte, og så sletta, ein FB-post om personar av hankjønn på eit kvinnetoalett.
- kva nedkjølande effekt det har på ordskiftet i akademia, at ordinære synspunkt som at «kvinneidrett er for kvinner» no blir stempla som kriminelle.
- om Offentleglova blei brukt rett då LDO sletta posten med våre kommentarar, og unnlét å arkivere dette ordskiftet for seinare innsyn frå politikarar, påtalemakter, forskarar og publikum.
Med dette innspelet får utvalet både «virkelighetsbeskrivelse og problemhistorie» og løysningsforslag frå oss. Røyndomsskildringa og problemhistoria har me allereie presentert.
Løysingsforslaget er som følger: Slette «kjønnsidentitet» frå strl. §185 og §186, og undersøk korleis den illiberale tankegangen som ligg bak innlemminga kneblar akademisk ytringsfridom og den faglege debatten om kjønn.
Ein tredje medforfattar på innlegget ynskjer å vere anonym
Les også:
Les flere debattinnlegg på Khronos debattside
Nyeste artikler
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Nøttesteik — på godt og vondt
Distriktsløft krever mer enn flere studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut