Debatt Anne kalvig og marianne brattgjerd

Personvern og posisjonering i akademisk ytringsfridoms­utvalet

— Kvinnelege akademikarar har fått innskrenka sin akademiske ytringsfridom grunna kjønnsidentitetsideologiens hegemoni og mangelen på støtte til vår rett og plikt til å ytra oss i kjønnsdebatten, skriv Kalvig og Brattgjerd.

Innleggsforfattarane meiner manglande opplysningar om personvern og utvalsleiar Anine Kierulf sin «antipati mot kvinner som ytrar visse meiningar», har senka tilliten til ytringsfridomutvalet.
Innleggsforfattarane meiner manglande opplysningar om personvern og utvalsleiar Anine Kierulf sin «antipati mot kvinner som ytrar visse meiningar», har senka tilliten til ytringsfridomutvalet.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Leiar for utvalet om akademisk ytringsfridom, Anine Kierulf, etterlyser innspel frå akademikarar til utvalet til bruk i arbeidet deira. Både løysningsforslag så vel som problemskildringar knyta til akademisk ytringsfridom blir etterspurt, mellom anna i eit innlegg i Khrono 5. oktober.

Tre veker etter å ha sendt innspel til utvalet si epostadresse [email protected], fekk Kalvig svar frå sekretariatet. Dette var etter at Kalvig hadde etterlyst slikt svar i ei offentleg utveksling med Kierulf på Facebook. Svaret var som følgjer:

«Takk for din innspel til ekspertgruppa for akademisk friheit. Vi bekreftar at innspelet er motteke, og vil bli journalført hos ekspertgruppa. Vi kan dessverre ikkje love svar til alle, men innspelet ditt vil bli lagt fram for ekspertgruppa til drøfting. Eventuelle innsynskrav vil bli behandla i samsvar med regelverket i offentleglova».

Offentleglova blir nemnt, men kva med GDPR-regelverket og Personopplysningslova, som regulerer handsaming av personopplysningar sidan 2018? Me har sjølve funne fram til Kunnskapsdepartementet si Personvernerklæring frå 2019 på nettsidene deira, men denne burde utvalet ha lenka til i sine svar til innsendarar, slik at me er orienterte om våre rettar som registrerte, ikkje minst adressa til personvernombodet.

Kva slags plikter er utvalet underlagt, kva gjeld det akademikarar formidlar til dei av sensitive opplysningar? Dette står det ingenting om i Kierulfs Khrono-tekst eller i anna materiale som omtalar utvalet, mandatet og samansetninga, som på Kunnskapsdepartementet sine sider om utvalet.

Kalvig tok opp spørsmål om personvern då Kierulf engasjerte seg i eit offentleg innlegg på professor Benedikte Moltemyr Høgbergs Facebookside laurdag 23. oktober. I innlegget posta Høgberg ein tekst ho hadde i Morgenbladet, meint som eit innspel til ytringsfridomsutvalet. Kierulf responderte prompte og lova – på Facebook – å ta innspelet med inn i utvalet sitt arbeid, og opptrådte slik som utvalsleiar i tråden. Kalvig sitt spørsmål om personvern blei ikkje svart på, utvalsleiar hadde inkje å melda om dette vesentlege forholdet. Kalvig fekk beskjed av Kierulf om å venda seg til KD i staden.

Kierulf hadde likevel tid til å skriva mange svarord knyta til at Kalvig hadde opplyst om at Kierulf ved fleire høve i sosiale media har slutta opp om kjønnsidentitetsideologi. Kierulf har mellom anna samanstilt feministar som er kritiske til kjønnsidentitetsideologi med «mørkemenn», der me kjem dårlegast ut, ho retvitrar artiklar om at det finst ei rekkje kjønn, artiklar som heng ut «Terf-feministar» og meme som kommentar til kor hysterisk og latterleg kravet om kjønnsdelte toalett er.

Alt dette må Kierulf sjølvsagt gjerne meina og gjera. Som menneskerettsekspert har Kierulf etter kva me har registrert i liten grad engasjert seg for kvinnelege akademikarar som er blitt råka av Terf-stempel, Shinigami Eyes-brennemerking, knebling frå likestillingsombodet, og svertekampanjar på nett fordi me er kritiske til kjønnsidentitetsideologi.

Sjølvsagt kan ikkje Kierulf engasjera seg i alle spørsmål, men transaktivistane sine kneblings-strategiar har vore så langt framme i offentlegheita det siste året, at tagnad er talande. Såleis er det ein tydeleg posisjonert jurist som skal leia arbeidet med å vurdera korleis det står til med ytringsfridomen i norsk akademia.

Me ønsker å gjera merksam på at kvinnelege akademikarar har fått innskrenka sin akademiske ytringsfridom grunna kjønnsidentitetsideologiens hegemoni og mangelen på støtte til vår rett og plikt til å ytra oss i kjønnsdebatten. Talet på dei som på ein eller anna måte har møtt grov trakassering, mobbing og forsøk på å få bli avsette er kanskje ikkje høgt i seg sjølv.

På den andre sida har faktisk samlege av dei kvinnelege akademikarane som har ytra seg kritisk i til kjønnsidentitetsideologi, blitt målskive for transaktivistane sine svertekampanjar. Nedkjølingseffekten av dette kan ikkje undervurderast, og me som faktisk ytrar oss ser dette i innboksane våre kvar gong me skriv offentleg. Kollegaer som takkar oss men ikkje torer stå fram i redsle for å miste jobben, eller dei med mellombelse stillingar som er redde for ikkje å få jobb i framtida.

Frå akademia internasjonalt veit vi at dette er ei heilt reell problemstilling. Då er det eit prinsipielt problem som bør drøftast, at utvalsleiar sjølv latterleggjer og stigmatiserer dei som tar til orde mot meningstyranni og tvungen tale.

Me som skriv erfarer at situasjonen for særleg kvinners akademiske ytringsfridom er prekær. Me helsar derfor velkomen eit utval som vi sjå på ytringsfridom i akademia. Kierulf skriv på FB at det er frivillig å sende inn bidrag. Dette veit sjølvsagt alle, men manglande opplysningar om personvern og utvalsleiars tydelege antipati mot kvinner som ytrar visse meiningar, har diverre senka tilliten til utvalet.

Me er i kontakt med akademikarar som gjerne vil komma med innspel, men som nøler med å senda inn på grunn av desse uklarheitene. Me håpar utvalsleiar vil klargjera begge tilhøve.

Ein tredje medforfattar på innlegget ynskjer å vere anonym

Les også:

Les flere debattinnlegg på Khronos debattside

Powered by Labrador CMS