Debatt ● Odd Vegard Kandal-Wright og Ingrid Spildo Nordhuus
Viten-TV er ein del av løysinga
Målet vårt er å dele kunnskap fritt og tilgjengeleg for alle, skriv Viten-TV i eit svar til Veronica Kvalen Pilskog.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Me som jobbar med Viten-TV deler Veronica Kvalen Pilskog sin entusiasme for forskingsformidling og er heilt einige i at det både er viktig og at det fortener endå meir plass og fokus enn det har i dag.
Viten-TV vart etablert for å møte eit konkret behov. Sjølv om det finst fleire plattformer der ein kan publisere video, står me overfor eit aukande problem med desinformasjon og upåliteleg innhald. Viten-TV tilbyr forskingsbasert, kvalitetssikra innhald, fritt for kommersielle interesser og algoritmisk styring. Dette gjev publikum ein stad der dei kan stole på at kunnskapen er påliteleg og uavhengig.
Me er ikkje eigd av store multinasjonale selskap som har som mål å tene pengar. Me er finansiert av skattebetalarane, og Viten-TV er noko fellesskapet får tilbake, gratis og utan reklame.
Viten-TV fyller eit tomrom. Etter nedlegginga av Kunnskapskanalen til NRK forsvann ei viktig arena for forskingsformidling. Viten-TV samlar audiovisuelt innhald frå universitets- og høgskulesektoren på ein stad, slik at forsking blir meir tilgjengeleg for alle. Eit sentralt mål med Viten-TV er å inspirere til meir bruk av audiovisuelle medium i forskingsformidling. Dette ser me som ei unik moglegheit til å nå ut til eit breiare publikum, gjere forskinga meir engasjerande og tilgjengeleg, og formidle komplekse tema på ein måte som er forståeleg for alle.
På Viten-TV tør me å gå smalt og djupt, og trur på fagfilmens kraft til å engasjere, fordi mottakaren er interessert i tematikken.
Kandal-Wright og Nordhuus
Kvalen Pilskog etterlyser ein strategi for Viten-TV.
Kanalen er basert på eit styringsdokument som først blei utarbeida i 2019, og som seinare er oppdatert. Institusjonane har også sine eigne strategiar for forskingsformidling og kommunikasjon, som ligg til grunn.
Viten-TV baserer seg i stor grad på eksisterande produksjonar som allereie skjer uavhengig av denne satsinga. Målet vårt er å gjere desse produksjonane meir tilgjengelege og håpar samstundes at dette skal senke terskelen for endå meir audiovisuell forskingsformidling.
Institusjonane samarbeider allereie med redaksjonar og medium om formidling, i ulike kanalar og gjennom ulike medium. Viten-TV er eit supplement til dette arbeidet — ein stad der forskingsinnhald ikkje blir styrt av eksterne aktørar eller algoritmar. På Viten-TV tør me å gå smalt og djupt, og trur på fagfilmens kraft til å engasjere, fordi mottakaren er interessert i tematikken. Målet er å dele kunnskap fritt og tilgjengeleg for alle.