kommunikasjon
Tre universitet og ein høgskule lanserer «banebrytende strømmetjeneste»
«Trygg tilgang til kvalitetssikret innhold fra pålitelige avsendere», lovar Viten-TV. Men kanalen skal ikkje vere redaktørstyrt.
— Dette representerer eit unikt samarbeid på tvers av akademia, der institusjonane viser teknologiske musklar og tar samfunnsoppdraget på alvor, seier Ingrid Spildo Nordhuus, som er prosjektleiar for Viten-TV.
Det er UiT Noregs arktiske universitet, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Stavanger som står bak satsinga. Målet er at institusjonane skal kunne formidle forsking og kunnskap til eit breitt publikum gjennom lyd og bilde. Planen er at både aktuelle hendingar og djuptgåande vitskap skal få plass.
— Vi har alltid hatt ei plikt til å dele vitskap og forsking, dette er ein måte å nå betre ut på, og då utan reklame og kommersielle interesser. Det er ein måte å ta kontroll over eige innhald og kunnskapsformidling på, utan at det blir styrt av eksterne aktørar eller algoritmar, seier Nordhuus.
Ikkje redaktør, men kurator
Kontrollen er i staden lagt til utdanningsinstitusjonane.
— Dette skal ikkje vere redaktørstyrt, og kvar institusjon vil ha kontroll med sitt innhald, seier Nordhuus.
I praksis betyr dette at det overordna ansvaret for innhaldsproduksjonen i Viten-TV vil ligge hos leiinga ved institusjonane.
Ei styringsgruppe skal ha det overordna ansvaret for innhald og publisering, får Khrono opplyst. I gruppa sit representantar har UiB og UiT representantar frå kommunikasjonsavdelinga, UiS har ein av avdelingsdirektørane sine med og Høgskulen på Vestlandet ein seniorrådgivar.
Nordhuus går over i rolla som kurator for Viten-TV, og vil ha hovudansvaret for den daglege drifta, i tett samarbeid med den nasjonale styringsgruppa.
— Det er positivt for kjennskapen til både universitetet og fagmiljøa når forskarane no i endå høgare grad kan vere synlege og bidra til eit meir opplyst samfunn som tar vitskap på alvor. Det hadde ikkje vore mogleg for ein enkeltinstitusjon å få til Viten-TV åleine, så vi er veldig glade for at fleire institusjonar gjekk saman om dette, seier kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Stavanger, Vibecke Lykke Olsen.
Viten-TV blei starta opp i 2018, etter at NRK la ned sin «Kunnskapskanalen», som var bygd etter liknande lest. Universitetet i Oslo (UiO) og NTNU har sidan trekt seg ut av prosjektet.
Ifølgje kommunikasjonsdirektør ved UiO, Berit Kolberg Rossiné, trekte UiO seg ut av «ressurshensyn» i 2019.
NTNU opplyser at dei måtte ha auka ressursbruken på video betydeleg for å kunne levere nok innhald, slik ambisjonsnivået var i prosjektet. Dei fann derfor ut at dei heller ville bruke eigne kanalar og plattformer.
— Folkeopplysning
I løpet av 2023 og 2024 har Viten-TV kosta om lag 4,6 millionar kroner å utvikle og drifte. For 2025 er det budsjettert med 2,5 millionar kroner, som skal fordelast på institusjonane som er med.
Måndag blir det offisiell opning av Viten-TV i Media City i Bergen, og kommunikasjonsavdelinga ved Universitetet i Bergen siktar høgt i omtalen:
Før lanseringa blir Viten-TV kalla ein «milepæl innen norsk forsknings- og kunnskapsformidling», og en banebrytende strømmetjeneste» med «innhold for nysgjerrige og vitebegjærlige seere i alle aldere».
Ifølgje kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Bergen, Anne Line Grepne, skal Viten-TV ha eit idealistisk føremål, og ikkje vere ein kanal for å profilere universiteta og høgskulen som står bak. Det vil i så fall berre vere ein «bieffekt», seier ho.
— Det viktigaste målet for oss er å bidra med folkeopplysning i ei tid der dette blir viktigare og viktigare.
Endringslogg 16.9.2024 kl. 11.43: I saka stod det opphavleg at styringsgruppa i Viten-TV bestod av kommunikasjonssjefane ved institusjonane. Dette er ikkje rett. Gruppa består delvis av representantar frå kommunikasjonsavdelingane og delvis andre administrativt tilsette.
Nyeste artikler
De nasjonale strateger — hvor ble de av?
Reagerer på upresis tallbruk om læreropptak
Topptidsskrift granskes etter påstander om fusk. Har mer enn 1000 norske artikler
Én av tre britiske studenter frykter universitetskonkurs
Norge trenger svenske forskningstilstander
Mest lest
Studenter utvist fra fransk universitet. Norske Anna frykter at hun står for tur
Slik gjekk det då professoren spurte ChatGPT om litteraturtips
Svensk dom over norsk akademia: For mykje kvantitet, for lite kvalitet
Reagerte på NTNUs språkbruk i økonomisak. — Gjør meg kvalm
Satte ny doktorgradsrekord i vår