Debatt Oddrun Samdal og Nils Gunnar Kvamstø

Vi har felles mål – flest mogleg sentre for fremragande forsking

Vi treng å diskutere kva som er beste strategien for å få realisert så mange som mogleg av alle dei gnistrande gode forskingsprosjekta som vert utvikla i fagmiljøa ved UiB, meiner Samdal og Kvamstø.

Laget til Oddrun Samdal i rektorvalkampen 2021
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Vi er glade for at vår kronikk i Khrono har hausta merksemd og debatt, blant anna med tilsvar frå Margareth Hagen og Inge Jonassen m.fl. Vi set spesielt stor pris på støtta frå Jonassen, Østgaard, Njølstad og Jansen til fleire av hovudpoenga våre; betre utnytting av eit større spekter av eksternfinansieringsprogramma; å planlegge framtidig realisering av forskingsidear i tilfelle avslag, god støtte til både søking og gjennomføring av prosjekt, samt balanse mellom bottom-up og top-down prosessar.

Vi er heilt einige i at SFF er både viktige og svært attraktive. Vi deler derfor det same ønsket - fleire SFF til UiB. Vårt hovudpoeng var at vi likevel treng å diskutere kva som er beste strategien for å oppnå dette – og ikkje minst kva som er den beste strategien for å få realisert så mange som mogleg av alle dei gnistrande gode forskingsprosjekta som vert utvikla i fagmiljøa ved UiB. Det er i denne samanhengen vi har peikt på at den sterke, mobiliseringa av eit stort tal søknader mot SFF-ordninga er uheldig.

Vi ønskjer derfor ein forskingsstrategi ved UiB som legg til rette for at fleire av dei gode ideane får høve til å gå frå planleggingsstadiet til faktisk å bli gjennomførte

Oddrun Samdal og Nils Gunnar Kvamstø

Det er eit leiaransvar ved eit breiddeuniversitet å faktisk ta i bruk heile breidda i finansieringsapparatet ved tidleg i søknadsarbeidet å finne den beste koplinga mellom idé og finansieringskjelde. Det er òg eit leiaransvar å søke samsvar mellom ressursbruk og avkastning. Innsending av så mange SFF-søknader fører ikkje nødvendigvis til at vi når målet om fleire SFF, men er garantert kostnadskrevjande i form av tid, pengar og overskot hos forskarane våre. Vi har sjølve erfart kor fagleg utviklande det er å jobbe fram både små og store forskingsprosjekt saman med andre. Dei største innsiktene kjem likevel når desse forskingsideane og samarbeida vert realiserte. Vi ønskjer derfor ein forskingsstrategi ved UiB som legg til rette for at fleire av dei gode ideane får høve til å gå frå planleggingsstadiet til faktisk å bli gjennomførte. Det inneber aktiv bruk av ei brei vifte av finansieringskjelder slik vi skisserte i innlegget vårt.

For oss er eksternfinansiering av forsking ikkje eit mål i seg sjølv, men eit svært viktig verktøy for fagleg utvikling og vitskaplege gjennombrot. Det er nettopp derfor vi tar til orde for å ta i bruk fleire slike verktøy - forskinga og forskarane våre er for viktige til at vi kan satse på eit kort aleine.

Dette vert siste innlegget frå vårt rektorteam i denne saka.

Powered by Labrador CMS