Min doktorgrad

Helene Sæthre er svært oppteken av tannhelse hos barn. Ein må få inn gode vanar tidleg, seier ho.

Tok med seg kunnskap frå praksisfeltet inn i doktorgraden

Det kan vera ein fordel å ha jobba litt før ein tek doktorgrad, meiner tannlege Helene Sæthre. No jobbar ho med dei barna som synest det å gå til tannlegen er svært skummelt.

Publisert Oppdatert

Sæthre har skrive doktorgrad om risikofaktorar for å utvikla karies.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Helene Borghild Sæthre (47)

  • Har levert avhandlinga «Longitudinal follow-up of caries development in children. Identification of caries risk factors in children»
  • Disputerte ved Det odontologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo 16. august

— Eg har jobba som tannlege ved offentleg tannklinikk, med barn, i 13 år. Eg kjende at eg ønska å gå litt vidare og fordjupa meg innan det fagfeltet.

— Kan presentera prosjektet ditt i korte trekk?

— Eg har forska på barn mellom fem og tolv år. Femåringar har mjølketenner, når ein er tolv har ein fått permanente tenner. Eg har sett på ulike risikofaktorar for å utvikla karies, og undersøkt om det er slik at dersom ein har karies når ein er fem, er det då auka risiko for å òg ha det når ein er tolv? I tillegg har eg forska på om amming gir ein auka risiko for karies.

— Kva finn du?

— For å ta det siste først: Amming åleine gir ikkje karies. Då må ein òg sjå på faktorar som tannpuss, sukkerhaldig drikke og kva fast føde ein innfører. Når det gjeld utviklinga frå fem til tolv år, finn eg at av dei femåringane som har hatt hol i tennene som ein måtte behandla, er det heile 56 prosent som òg har hol i tennene når dei er tolv. For 37 prosent av barna gjekk emaljekaries i mjølketenner over til å verta karies som måtte behandlast i dei permanente tennene. Dette viser at det er viktig òg å sjå på emaljekaries og risiko for å utvikla karies i permanente tenner. Og sidan barn som hadde emaljekaries i mjølketenner har risiko for vidare utvikling av karies, kan ein inkludera dei i risikovurderinga av karies når ein set intervall for neste kontroll på tannklinikken.

— Eg har òg sett på og om fissurforsegling kunne stoppa kariesutvikling. Då legg ein eit tynt lag med kompositt på tennene, og eg har sett på dette på barn som fekk slik forsegling av seksårsjekslane. Men her viser det seg at desse barna held fram med å utvikla karies. Funna mine viser at ein må jobba med å få inn dei gode vanane tidleg, med kosthald og tannpuss. Utan at foreldra ikkje er med på laget, er tannlegane ganske makteslause.

Men eg trur det er ein fordel å ha jobba litt og ha med seg kunnskap frå praksisfeltet om kva som kan hjelpa og ikkje.

Helene Borghild Sæther

— Kva har vore mest krevjande med doktorgradsperioden?

— Det trur eg har vore artikkelskriving og det å henta inn dokumentasjon. Det ein skriv skal ha fagleg tyngde, så ein må lesa, og lesa nøye, og gå gjennom det som vert hevda. Og å skriva kappen — det var ei tyngde i seg sjølv.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kom du i mål til normert tid?

— Nei, eg gjorde ikkje det, og det skuldast pandemien. Eg sat med så store mengder data at det var vanskeleg å få jobba skikkeleg med dei frå ein liten skjerm på heimekontoret.

— Har du angra på at du gjekk i gang med doktorgrad?

— Nei, eg har ikkje det. Som tannlege kan ein to år etter ferdig utdanning gå i gang med spesialisering eller vidareutdanning. Men eg trur det er ein fordel å ha jobba litt og ha med seg kunnskap frå praksisfeltet om kva som kan hjelpa og ikkje.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— No jobbar eg hos tannhelsetenesta sitt kompetansesenter (TKØ) på Majorstua i Oslo, og har gjort det det siste halvanna året. Eg fekk ei stilling her mellom anna fordi eg har røynsle med å behandla barn som er lagt i narkose. Av og til må ein gjera det, både fordi barna har store hol i tennene, men òg fordi dei er så redde, dei har så dårlege røynsler med seg når dei kjem hit. Med bakgrunn i forskinga mi kan eg seia noko om kva me ser etter, og eg kan òg seia noko om kva me kan gi til pasientane.

Powered by Labrador CMS