varsling

Synest det er feigt å varsla mot fagforeiningsleiar

Misbruk av varslarinstituttet, seier fleire forskarar etter at det er meldt inn varsel mot fagforeiningsleiar i tyskarvitssaka.

NHH-professor Arnt Ove Hopland meiner det er feigt å levera eit varsel mot Forskerforbund-leiar Steinar Vagstad. Men han er samd i at lesarinnlegget Vagstad skreiv var tydeleg. Eg tenkte at dei som ønska å verta fornærma, kom til å vera fornærma, seier Hopland.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eg synest dette er feigt. Stå no opp og ta den debatten!

Det seier økonomiprofessor Arnt Ove Hopland.

Fredag skreiv Khrono at det er kome inn eit anonymt varsel mot Forskerforbundet sin hovudtillitsvalte ved Universitetet i Bergen, Steinar Vagstad.

Bakgrunnen for varselet, som no skal handterast av ein ekstern advokat, er eit lesarinnlegg Vagstad skreiv i den mykje omtala tyskarvitssaka. Her gjekk han ut mot studenten, som fortalte si historie i Khrono. Vagstad representerer professoren i saka.

Meiner ein må ta debatten

Hopland understrekar at han, sjølv om han er professor i økonomi i Bergen, ikkje kjenner Steinar Vagstad.

— Då eg las innlegget hans, tenkte eg at han ikkje spara på kruttet. Det var kraftfullt og direkte uttrykt, og eg tenkte at det kunne koma til å verta bråk, seier Hopland.

Men han er svært tydeleg på at han meiner dette ikkje er ei sak der ein skal varsla. Det skriv han òg i ein kommentar til saka.

Lokallagsleiar Steinar Vagstad ønskjer ikkje å kommentera varselet mot han.

«Når vi har fått dei tyske bubilturistane trygt i bakspegelen og parkert Herman Hesse i bokhylla igjen bør vi ta ein generell debatt om kva varsling er og kva det skal brukast til», skriv Hopland der.

I varselet, som Khrono har fått tilgang til frå fleire kjelder, vert Vagstad skulda for eit «nedrig angrep» på studenten. Vagstad sa til Khrono fredag at han ikkje ønskjer å kommentera saka no, men at han er kalla inn til eit møte i Oslo, og at han er i gang med å skaffa seg advokat. Denne skal Forskerforbundet betala, har generalsekretær Hilde Gunn Avløyp sagt.

— Eit varsel bør handla om det som skjer i det skjulte. Dette er ei mediesak, som allereie er ute. Eg skjønar ikkje kva ein her varslar om. Det som sendte varselet er forbanna — og det er lov. Men det er om å gjera å konfrontera gjennom debatt, seier Hopland.

— Misbruk

Også Jørgen Lund reagerer på at ein brukar varsling som verkemiddel. Han er førstelektor i kunsthistorie ved UiB.

— Eg meiner at dette er misbruk av varslarinstituttet. Me har etablert ein idé om kva varsling er. Det er noko ein bør gripa til som den einsame i eit lukka rom. Men dette er eit offentleg innlegg, seier Lund.

Han seier at studentrolla er underlegen i akademia, og at det difor ikkje er rart at det kjem varsel frå studentar i ulike former.

— Men ein må ha ein god samtalekultur i akademia, seier førstelektoren.

Hopland er samd:

— Me må beskytta varslarinstituttet, og bruka det rett, seier han.

NTNU-stipendiat Erland Årstøl skriv i Khrono sitt kommentarfelt at han ikkje synest kommetaren var god, men at det er ein vanvittig overreaksjon å handsama dette som eit varsel.

Kritikk for å angripa student

Lund kommenterte lesarinnlegget Vagstad skreiv, og han var då kritisk. Det er han framleis.

Professor Jill Walker Rettberg synest Vagstad var for krass mot studenten.

— Dersom eg var medlem i Forskerforbundet ville eg lagt opp til ein diskusjon om dette var ein lur måte å ta vare på medlemmene sine på. Ein snakkar på vegne av vitskapeleg tilsette en bloc, og eg meiner at å ta ein student i offentlegheita er feil taktikk, seier Lund.

— Eg meiner det er naturleg med ein diskusjon internt om dette var lurt, seier han vidare.

Også Jill Walker Rettberg, som er professor i digital kultur ved UiB, var kritisk til Vagstad sitt innlegg.

— Eg synest ikkje det var så stor skilnad på det han sa i intervjuet og det som var sitert frå varselet, særleg dersom ein tenkjer på at det ikkje var skrive på hans morsmål. I tillegg synest eg det var litt rart å angripa ein student så sterkt, seier Rettberg til Khrono.

Bjarne Vandeskog, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, var den mest kritiske. Han ønskjer ikkje å kommentera saka medan ho vert handsama av Forskerforbundet, seier han. I kommentaren sin skreiv han mellom anna at «det er et særdeles sjofelt skriv - med nærmest null substans». Han skriv òg at det er professoren sjølv som har sett seg i eit dårleg lys.

«Den siste delen av Vagstad anklage bør han også rette mot seg selv - det han sier går også ut over et annet menneske - og da en person som ikke har en sterk fagforening i ryggen. Denne typen adferd hadde jeg virkelig ikke forventet av en tillitsvalgt i min egen fagforening», skriv Vandeskog.

Ein professor er ikkje sterk lenger når den andre parten har advokat. Då treng ein fagforeininga si, og ho skal ikkje gå rundt på silkepotar.

Arnt Ove Hopland

Synest synd på partane

Arnt Ove Hopland seier at han synest synd på dei to opprinnelege partane i saka — studenten og professoren.

— Ingen av dei hadde fortent eit så langt etterspel.

Som Khrono har skrive, har studenten fått 10 000 kroner i erstatning frå UiB. Studenten tok òg etterkvart kontakt med advokat. Då endra saka karakter, meiner Hopland.

— Ei fagforeining er som ei forsikring; noko ein treng når det er konflikt. Ein professor er ikkje sterk lenger når den andre parten har advokat. Då treng ein fagforeininga si, og ho skal ikkje gå rundt på silkepotar.

Ordknapp leiar

Khrono snakka med generalsekretær i Forskerforbundet, Hilde Gunn Avløyp, torsdag. Ho stadfesta då at det var kome eit varsel, og sa at det er den eksterne advokaten som skal vurdera om dette er eit varsel.

Etter kvart vil hovudstyret i fagforeininga få saka på sitt bord. Dei vedtok etiske retningslinjer for tillitsvalte så seint som i mai i år. Vagstad sit sjølv i hovudstyret.

Khrono spurte fredag styreleiar Guro Lind om dette er ei sak styret skal bruka mykje tid og pengar på.

— Saka skal handsamast i tråd med våre retningslinjer, skriv ho i ein sms til Khrono.

Powered by Labrador CMS