khrono-debatt om norsk fagspråk

— Studentane treng ikkje å læra engelsk. Dei må læra å skriva på norsk

Å kunne skriva eit godt, klårt språk — på norsk — er ein dugleik universitetslektor Anders Ulstein saknar hos mange studentar.

Studentane må læra seg å skriva godt norsk. Det er det viktigaste, seier universitetslektor Anders Ulstein.
Publisert Oppdatert

Publisering skjer på engelsk, mykje undervisning skjer på engelsk, og respondentane oppgir at dei vert oppmoda til å skriva engelsk.

Dette var konklusjonen i ein rapport frå i vinter, som Språkrådet hadde bestilt. Rapporten førte igjen til at statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel har sett i gang eit arbeid som skal føra til ein eigen handlingsplan for norsk fagspråk. Handlingsplanen er ikkje offentleggjort endå.

— Rapporten seier meir i detalj om det me allereie har fått eit inntrykk av: Bruk av engelsk skjer først og fremst i publisering av vitskaplege tekstar, men òg i urovekkande grad i undervisning, sa Hoel under eit frukostmøte i januar.

Fredag inviterer Khrono, Høgskulen i Volda og Nynorsk kultursentrum til debatt med tittelen «Går det an å ha eit norsk fagspråk?». Debatten blir overført direkte her frå klokka 9.00.

— Sjølvsagt går det an, seier Anders Ulstein.

90 prosent engelsk pensum

Ulstein er universitetslektor ved NTNU i Ålesund, og nestleiar for utdanning ved Institutt for IKT og realfag ved Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk. Han har òg vore med i arbeidsgruppa som har jobba fram nye retningslinjer for språkbruk hos NTNU.

Når Ulstein svarar «ja» på at det er mogleg å ha eit norsk fagspråk, grunngir han dette på følgjande vis:

— All undervisning på bachelornivå er på norsk, og ein snakkar norsk og skriv norsk, i all hovudsak.

— Kva med pensum?

— Svært mykje av pensum i STEM-faga er engelsk. Det er dei fordi det er dyre produksjonar, det er tjukke lærebøker, og dei må reviderast ofte. Den norske marknaden er nok for liten for slike bøker.

STEM-faga er ei forkorting for Science, Technology, Engineering og Mathematics. Men Ulstein peikar på at ein trass alt nyttar mange norske omgrep innan det teknologiske fagfeltet.

— Eg synest det terminologiarbeidet som har vorte gjort har fungert ganske bra. Me seier jo til dømes « skjerm», «tastatur», «hovudkort» og «brukargrensesnitt». Dette viser at det nyttar å jobba med norske termar — men mitt inntrykk er at interessa for dette har falt dei siste åra.

Han seier at veksten i dataspel nok har gjort dette vanskelegare.

— Tenåringane seier til dømes: «Eg har developa ein ny avatar». Det er klart at dette går ikkje. Det ser difor ut til ein kan lukkast med å ta vare på det norske domenespesifikke fagspråket, medan utfordringa no er like mykje generelle engelske ord og uttrykk frå dataspela.

Kan alt vegast og målast?

Ulstein er ikkje naturvitar eller teknolog. Han har studert norsk, engelsk og historie, og har mastergrad frå London School of Economics. På NTNU underviser han i ymse emne innan norsk og samfunnsfag, mellom anna akademisk skriving, og han underviser studentar som tek forkurs for å koma inn på ingeniørstudiet.

Humanisten har gjort seg nokre røynsler når han no jobbar i eit fagmiljø med mange som har annan fagbakgrunn enn han sjølv.

— Mange har ei anna forståing av kva språk er og kor viktig det er. Eg vil seia at nokre har ei litt enkel språkforståing, seier han.

— Sett litt på spissen kan ein seia at dei tenkjer ut noko smart, og deretter skriv dei det ned, utan at dei forstår at det er språket vi tenkjer med. Det vert eit instrumentalistisk språksyn, der alt kan vegast og målast.

— Språk kan ikkje skiljast frå kvalitet, og STEM-faga skjønar ikkje alltid at akademisk skriving òg er ein vitskapeleg metode. Eg plar seia til studentane at teksten deira er som eit laboratorium, der dei skal løysa eit problem, men med tekst og kjelder. Den store overraskinga for mange ingeniørstudentar er at dess meir språkleg kompetente dei er, dess betre fagperson blir dei.

Anders Ulstein har vore med på å jobba fram dei nye språklege retningslinjene ved NTNU. Fagmiljøa må forstå at godt språk gir gode studentar og betre resultat. Og dei må forstå at sjølv om engelsk av og til er naudsynt, vil det i svært mange samanhengar føre til eit kvalitetsfall. Og det vil i det lange løp ikkje tena oss, seier han.

Dei lange resonnementa

Når unge studentar kjem til NTNU Ålesund for å studera bachelor i ingeniørvitskap, er det ikkje engelskkunnskapane det skortar på. Dei er flinke i engelsk, og dei får inn fagterminologien fort. Men skriva er ikkje alle så flinke til.

— Dei treng ikkje å læra engelsk, dei treng i første rekke å bli gode i norsk, seier Ulstein.

— Dei mest teoristerke studentane søkjer seg ofte til femårig mastergrad eller sivilingeniørstudiet. Men me skal utdanna ingeniørar som både kan jobba teoretisk og meir praktisk, og me skal utdanna dei til å kunne skriva eit klårt, godt språk som kundar og leverandørar forstår. Det me ser er at me treng å gi dei språkkompetanse.

Han seier at ei djupare forståing av språket, med syntaks, djupne, ei evne til å skriva lange resonnement, er noko som manglar.

— Dei kan ikkje akademisk skriving, seier Ulstein.

— Utfordringa for norsk fagspråk er kanskje ikkje dei engelske fagtermane. Me kan tola ein del framandord i språket vårt. Det me ikkje må mista er evna til å skriva lengre resonnerande fagtekstar med høg presisjon og kompleks systematikk, seier Ulstein.

Han held fram:

— Dette må skje på norsk. Eg trur det er her den eigentlege striden om norsk fagspråk står. Det er nokre som seier at «framtida er internasjonal og me må alle meistra engelsk». Eg seier nei. Studentane treng først av alt ein språkkompetanse, på norsk.

Når Khrono snakkar med universitetslektoren, er han midt i sensureringa.

— Eg synest ein i vidaregåande skule burde hatt meir vekt på det språket ein treng på universitet og høgskule, seier Ulstein.

— Dei er lært opp til å synsa, meina og vera engasjerte i det skriftlege arbeidet. Det er sikkert fint, men det er lite hjelp i dette på universitetet, tvert om. Dei er elles overraskande gode i skriftleg engelsk, men hovudsakleg i daglegdags engelsk. Det hjelper dei ikkje når dei kjem hit.

Alle får ansvar

Universitetet Ulstein representerer, med campus i Trondheim, Ålesund og Gjørvik, kan ikkje seiast å vera best i klassen når det gjeld bruk av norsk fagspråk: Khrono har tidlegare skrive om at berre fem prosent av den vitskapelege publiseringa skjer på norsk, og i 2018 skapte kampanjen «Challenge» stor debatt. Heller ikkje nynorskprosenten har vore noko å skryta av.

— No ligg ansvaret for norsk fagspråk hos alle fagmiljø, seier Ulstein.

I retningslinjene, gjengitt i Universitetsavisa, heiter det at universitetet skal praktisera parallellspråklegheit, ‘norsk når du kan, engelsk når du må’. Norsk skal vera hovudspråk også i undervisning, og på bachelornivå skal det vera hovudregel der det finst gode alternativ på pensum. Fagspråk skal vera kjent for alle på både norsk, engelsk og eventuelle andre relevante språk.

Utvalsleiar, professor Terje Lohndal, sa til Universitetsavisa i fjor sommar der det har skjedd ei endring hos NTNU sidan dei førre språklege retningslinjene kom i 2009: Ein rekrutterer meir internasjonalt og engelsk har fått ein mykje større plass.

— Det er uproblematisk at ein del emne går føre seg på engelsk, men det er viktig at me gjer det me på pålagt å gjera og at me er medvitne rundt dei vala me tek. Det er nok ein del som vil tenkja at det enklaste hadde vore å lata engelsken koma inn og ta over, men me er no ein gong i Noreg og det er visse plikter knytt til det, sa Lohndal.

I debatten fredag morgon møter Ulstein Johann Roppen, som er rektor ved Høgskulen i Volda. I tilbakemeldinga til regjeringa knytt til den nye handlingsplanen skreiv høgskulen mellom anna at det klart viktigaste tiltaket for å auka den vitskaplege publiseringa på norsk, og dermed kunne halda oppe norsk som fagspråk, er å endra på teljekansystemet for publisering av vitskapelege artiklar i tidsskrift og skriftseriar som aksepterer artiklar skrivne på norsk.

«Eit tredje tiltak vil vere å styrkje insentiva for å produsere lærebøker for høgre utdanning på norsk, og særleg på nynorsk. Mykje av etableringa av det norske fagspråket i fag der den vitskaplege publiseringa ofte skjer på engelsk, skjer gjennom lærebøker for høgre utdanning. Norskspråklege lærebøker gjer det også lettare å gjennomføre undervisning på norsk», skreiv høgskulen i innspelet sitt.

Språkråd-direktøren kjem

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, kjem òg til debatten. Ho har fleire gongar ytra seg kritisk til bruken av engelsk i akademia, og mellom anna sagt til Khrono at universitet og høgskular er den viktigaste sektoren for at ein skal kunne fylla hovudmåla i språkpolitikken.

— Rapporten viser at det er mange faktorar som dreg i feil retning. Me kan ikkje lenger bruka tid på å diskutera tilstanden for norsk fagspråk i sektoren. I staden må universiteta og høgskulane venda blikket framover og handla, sa Wetås i vinter.

I tillegg vert det samtalar med høgskulelektor Eivor Finset Spilling og professorane Stig Jarle Helset og Eirik Søvik, alle frå Høgskulen i Volda.

Powered by Labrador CMS