språk

Nynorsk «ikkje del av mangfalds­arbeidet ved UiO», ifølgje rektor

Språkrådet meiner mangel på nynorsk ved universiteta er ein trussel mot det språklege mangfaldet. — Ikkje del av mangfaldsarbeidet, seier rektor ved Universitetet i Oslo.

Rektor Svein Stølen meiner kunstig intelligens bør takast i bruk for å få meir veksling mellom nynorsk og bokmål på sosiale medium.

Det står dårleg til med vekslinga mellom nynorsk og bokmål ved fleire av dei største forskings- og utdanningsinstitusjonane. Ifølgje språklova skal statlege verksemder bruke min 25 prosent bokmål og nynorsk på nettsider, dokument, sosiale media etc., i tillegg til at alle skjema skal vere tilgjengelege på begge språk.

Fakta

Språkrådet og språklova

  • Språkrådet fører tilsyn med bruken av bokmål og nynorsk i dokument frå statsorgan i samsvar med lov om språk (språkloven), som tok til å gjelde frå 1.1.2022.
  • Tilsynet kartlegg om statsorgana oppfyller lovkravet om veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument, og om dei har alle skjema og digitale sjølvbeteningsløysingar på både bokmål og nynorsk, slik kravet i lova er.
  • Språkrådet gir også råd til statsorgana om korleis dei kan etterleve språklova.
  • Ifølgje språklova er bokmål og nynorsk «likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet», og «i offentlege organ er bokmål og nynorsk jamstilte skriftspråk».

Det kravet klarte ingen av dei 31 institusjonane i sektoren, som Språkrådet førte tilsyn med i 2022, å innfri.

Samstundes er variasjonane store. Kunsthøgskolen i Oslo har hatt ein nynorskprosent på 15—20 i fleire år. Mindretalsspråket er langt mindre synleg ved store universitet som Universitet i Oslo (UiO) og NTNU.

NTNU hadde 4 prosent nynorsk i 2022. Ved UiO var nynorskbruken under 10 prosent ved alle fakultet, og under 5 for dei fleste.

— Pinleg, uttalte direktør i Språkrådet Åse Wetås, til Khrono.

Ho la til at universitetsleiarane ikkje ser ut til å forstå alvoret «og kor skadeleg det er for moglegheita til å oppretthalde språkmangfaldet i Noreg».

Prioriterer Pride

På spørsmål frå Khrono presiserer rektor ved UiO, Svein Stølen, at arbeidet med å representere begge dei to norske skriftspråka ikkje høyrer heime i mangfaldsarbeidet. I ein e-post skriv han:

«Vekslinga (mellom nynorsk og bokmål, red.merkn.) har ikkje vore ein del av mangfaldarbeidet ved UiO. I 2022 har fokusområda mellom anna handla om kvinnelege postdoktorar og førsteamanuensar, handtering og førebygging av trakassering og seksuell trakassering, skeivt kulturår og deltaking i Oslo Pride».

Han skriv også at det heller ikkje er aktuelt å trekke temaet inn under mangfaldsparaplyen. «Dette er en del av språkpolitikken i all hovedsak», skriv UiO-rektoren.

UiO skal i år revidere dei språkpolitiske retningslinjene sine.

På spørsmål frå Khrono om kva han tenker om «ansvaret universitetet har, særleg for studentane, i å tilrettelegge for at begge målformer er synlege og tilgjengelege», svarer rektor at UiO skal «følgje mållova»:

«Det vil si at me skal arbeide for å få meir nynorsk på nett og i sosiale medium. Samtidig vil eg seia at vi ikkje er den einaste verksemda strevar med å møta dette kravet, og det hadde vore interessant å sjå korleis me kan bruka AI for å løysa dette. Her skulle eg gjerne sett at Språkrådet kjem meir på banen».

— Byråkratisk pliktregel

Når Khrono legg Svein Stølens svar fram for språkdirektør Åse Wetås, seier ho dette:

— Eit hovudføremål med den norske språkpolitikken er nettopp å styrke det språklege mangfaldet i Noreg. Kanskje er det at institusjonen ikkje ser på språkarbeidet som ein del av mangfaldsarbeidet rett og slett litt av problemet? Dersom dei ser krava språklova set om bruk av både bokmål og nynorsk berre som ein byråkratisk pliktregel, er det kanskje ei forklaring på kvifor institusjonen prioriterer dette arbeidet så lågt.

Til Stølens ønske om å få Språkrådet på banen med løysingar innan kunstig intelligens (KI/AI) viser Wetås til at Språkrådet lenge har bidratt til utvikling av språkteknologiske grunnlagsressursar.

— Det gjer vi nettopp for at offentlege verksemder skal kunne hente det dei treng for å drive systematisk språkarbeid også digitalt. Alle desse språkteknologiske grunnlagsressursane er fritt tilgjengelege i Språkbanken ved Nasjonalbiblioteket, eit tiltak som er godt kjent i utviklarmiljøa, seier ho.

Språkrådet og Kunnskapsdepartementet (KD) skal før sommaren møtast for å disktuere kva som må gjerast for å få insitusjonane til å følgje språklova. På dagsorden står mellom anna mogleg innføring av sanksjonar i form av bøter.

NTNU: Langsiktig arbeid

Prorektor for forsking og formidling ved NTNU, Tor Grande.

Khrono har også tatt kontakt med NTNU for kommentarar frå rektor Anne Borg. NTNU viser til prorektor Tor Grande. Gjennom sin rådgivar sender han ei fråsegn, først på bokmål, seinare korrigert til nynorsk:

Kritikken frå Språkrådet er langt på veg velgrunna. Vi erkjenner at bruken av nynorsk ikkje er tilfredsstillande.

NTNU har vedteke ny språkpolitikk gjeldande frå 1. januar i år, for å tydeliggjere for organisasjonen kva forventningar og føringar NTNU har når det gjeld bruk av språk, mellom anna som eit tiltak for å styrke arbeidet med å utvikla eit godt og levande norsk fagspråk, og dessutan auka bruk av nynorsk. Dette har vorte følgd opp i tildelingsbreva til fakulteta, der det settast klare forventningar til å følgje den nye språkpolitikken.

Dette er eit langsiktig arbeid for oss. 2022 ble nytta til å få på plass ein ny språkpolitikk. No skal dette følgjast opp.

Powered by Labrador CMS