Panorama-strategien
«Sensur og overvåking» stansar ikkje norsk samarbeid med Kina og Brasil
Noreg forlengar forskings- og utdanningssamarbeid med landa i Panorama-strategien. Samstundes er akademisk fridom under sterkt press i fleire av dei.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Ei evaluering som er gjennomført på oppdrag for Kunnskapsdepartementet slår fast at den såkalla Panorama-strategien har vore ein suksess. Meir og betre samarbeid, og ein sterk auke i talet på prosjekt gjennom tilskotsordningane er resultatet sidan satsinga var sjøsett i 2016.
No blir satsinga fornya og forlenga, og utvida med fleire land i tillegg til dei gamle – Kina, Russland, Japan, India, Sør-Afrika og Brasil. Dei nye landa er Sør-Korea, USA og Canada
Samstundes er situasjonen for forskarar og studentar til dels vesentleg endra i fleire av landa, med aukande press på den akademiske fridomen.
Særleg gjeld det Kina, der ei generell tilstramming har skapt uro for at den akademiske fridomen er i spel, også for internasjonale forskarar med samarbeid i landet. Innføringa av ei ny såkalla tryggleikslov i det delvis autonome Hongkong, har dei siste månadene sett situasjonen på spissen.
Men også i Brasil, Noregs «viktigste samarbeidsland» i Latin-Amerika, ifølgje Panorama-strategien, peikar rapportar på ei sterk innskrenking av det frie rommet for forskarar og akdemikarar etter at Jair Bolsonaro tok over som president i 2018.
Brasil verst på indeks
Scholars at Risk, ein internasjonal organisasjon som hjelper forfølgde forskarar, rapporterte tidlegare i år om 48 førespurnader om støtte frå brasilianske akademikarar det første året etter at Bolsonaro blei valt til president. I alle åra sidan Scholars at Risk vart etablert i 1999 er det kome totalt 52.
Samstundes tikka rapportane inn om politisk motivert vald mot universitet og forskarar i Brasil.
Ifølgje ein indeks over akademisk fridom lagt fram i mars er Brasil, saman med India, det landet i verda med den dårlegaste utviklinga siste fem åra. India er også eit av samarbeidslanda Noreg vil fornye satsinga på i forlenginga av Panorama-strategien.
— Dessverre har dei mørke spådomane i stor grad slått til, seier Brasil-ekspert og forskar ved OsloMet, Einar Braathen.
I tida før Bolsonaro tok over presidentembetet var frykten stor i forskarsamfunnet for korleis styret til den høgre-ekstreme presidenten ville slå ut for universiteta. Dei verbale, og til dels fysiske, angrepa frå presidenten og tilhengarane hans har ført til sjølvsensur, ifølgje Braathen.

— Universitetstilsette passar seg meir for kva dei seier i forelesningane i frykt for at det kan blir brukt mot dei politisk. I tillegg er det mykje mindre pengar å drive forsking med. Det dreier seg dels om ei idelogisk forfølging, dels juridisk i tillegg til ein finansiell innstramming.
- Les også frå 2016: Dårlig politisk gangsyn å dra til Brasil nå
Med koronakrisa er det siste gått frå vondt til verre.
— Det er snakk om veldige kutt i heile utdanningssektoren. Undervisningsministeren til Bolsonaro har sagt at 49 føderale institusjonar vil måtte stenge, noko som vil ramme 175.000 studentar, seier Braathen.
Dei norske forskingssamarbeida i Brasil er i stor grad knytt til olje- og gassnæringa. Equinor planlegg investeringar for 125 milliardar norske kroner i Brasil dei komande åra.
«Ikke trivielt»
Press på den akademiske fridomen er også nemnt i evalueringa av Panorama-strategien.
I intervju med prosjektleiarar som er del av evalueringa blir det av nokre peikt på at den politiske situasjonen kan «legge en demper på samarbeidsklimaet, blant annet i Kina, Russland og Brasil, for eksempel som følge av sensur og overvåking». Nokre av respondentane opplever på grunn av dette samarbeid som meir krevjande enn før.
I ein innspelsrunde i samband fornyinga av Panorama-strategien uttrykker norske institusjonar i liten grad bekymring. Unntaket er Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA) som i høyringsbrevet peikar på Kina og Russland som krevjande å samarbeide med «gitt sikkerhetsvurderingene til PST der nettopp Russland og Kina anses som høyest risiko med tanke på industrispionasje».
Ifølgje FFA er «det er ikke trivielt å ha som nasjonal strategi at Kunnskapsdepartementet oppfordrer til økt samarbeid med disse landene».

Universitetet i Bergen skriv at «geografiske prioriteringer ikke kan frikobles fra den globale, politiske konteksten som den vitenskapelige samarbeidet foregår i». Konsekvensen av dette bør i følgje UiB-leiarane vere å «opprettholde og utvide internasjonalt akademisk partnerskap» med dei aktuelle landa.
Ifølgje Kunnskapsdepartementet er dei seks landa i dagens strategi viktige for Noreg i utanrikspolitisk og næringspolitisk samanheng. «Evalueringen tilsier at landene fortsatt er relevante og aktuelle å vurdere videreført i en ny strategiperiode», heiter det i brevet som vart sendt dei norske institusjonane i samband med innspelsrunden.
Panorama-strategien blir fornya for perioden 2021-2027.
(Saka er oppdatert 6.10. kl. 12.33)