Innfører Sikkerheitslov

Fryktar for den akademiske fridomen i Hongkong

Den kinesiske folkekongressens forslag til nasjonal sikkerheitslov for Hongkong kan setje den akademiske fridomen i spel, meiner ekspertar.

Demokratiforkjempar Lee Cheuk-yan (nr. to frå venstre) ropar slagord under opninga av ei protestutstilling 20. mai i år, på 4.-juni museet for Tiananmen-massakren. Mange av aktivistane i Hongkong er akademikarar og studentar på universiteta.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Det er grunn til å vere bekymra på mange plan, også for den akademiske fridomen, seier professor ved Institutt for fredsforsking (PRIO), Stein Tønnesson, til Khrono.

Fakta

Tiananmen-massakren

  • 4. juni 1989 vart eit ukjent tal menneske drepne på og ved Den himmelske freds plass i Beijing, då styresmaktene sette hæren inn for å stanse demonstrantane, med studentar i spissen.
  • Talet på drepne er hemmelegstempla, anslaga varierer får nokre hundre til fleire tusen.
  • Det er ulovleg å markere dagen i Kina – med unntak for i det delvis autonome Hongkong.
  • I fjor fall demonstrasjonar for demokrati og ytringsfridom i Hongkong saman med 30-årsmarkeringa for massakren på Den himmelske freds plass.

Gerald Folkvord, Amnesty Internationals Kina-ekspert i Noreg, er ikkje mindre tydeleg.

— Sikkerheitslova vil vere farleg for akademikarar og studentar som vågar å stille spørsmål. Den nye lova gir styresmaktene i Beijing høve til å gå forbi Hongkongs styresmakter – noko som i høgste grad kan ramme akademikarar. Dei som blir mest direkte ramma er gjerne journalistar og til dels advokatar, men dette kan også komme til å gå utover akademikarar.

Det blir i nær framtid opp til det ståande utvalet i Folkekongressen å vedta den nye sikkerheitslova for Hongkong, som mellom anna skal hindre terrorisme, oppvigling og undergraving av sentrale styresmakter. Kritikarane fryktar lova vil bli brukt til å stramme inn på ytringsfridomen og andre særrettar Hongkong har etter lausrivinga frå Storbritannia i 1997.

Utanrikspolitikk og sikkerheitspolitikk ligg ikkje under Hongkongs lokale styre, og det er noko av grunngivinga for lova frå lovgivarane frå Beijings side.

Glidande overgangar

Postdoktor ved Universitetet i Bergen og seniorforskar ved NUPI, Hans Jørgen Gåsemyr, er meir avventande til kva konsekvensar sikkerheitslova kan få for den akademiske sektoren.

— Det er vanskeleg å seie kva konkrete konsekvensar vi vil sjå. På den eine sida kan ein sjå det som ein tydeleg, symbolsk bodskap om sterkare inngrep på bakgrunn av uroa i fjor. På den andre sida grip det inn i Hongkongs politikk på eit område der det ikkje har vore sjølvstyre, og der ein ikkje har hatt eit apparat for å handtere truslar i samanheng med internasjonale forhold. Ein vil flytte grenser, men i kor stor grad er vanskeleg å seie, meiner Gåsemyr.

Han seier lova i utgangspunktet ikkje grip inn i den akademiske fridomen, men at det sjølvsagt kan bli glidande overgangar i det lovtekstane skal tolkast.

Hans Jørgen Gåsemyr

— Men det treng absolutt ikkje bli slik at alle sivile rettar blir feia under teppet. Hongkong har mange robuste institusjonar, ikkje minst universiteta, som vil vere med å bestemme på kva område lova skal gjelde, seier Gåsemyr.

Fleire norske forskings- og utdanningsinstitusjonar, og enkeltforskarar, har avtalar og samarbeid med universitet i Hongkong. Universitetet i Bergen (UiB), som tar mål av seg til å vere leiande i akademisk kinasamarbeid i Noreg, har åleine avtale med seks universitet i Hongkong. Det er nær halvparten av avtalane med Kina totalt sett. Hongkong har også vore ein av dei mest populære stadene for studentutveksling i Kina.

Gåsemyr var i 2016 rådgivar for UiB-leiinga i arbeidet med utviklinga av handlingsplanen for samarbeid med Kina.

I fjor førte uro i Hongkong til at norske utdanningsinstitusjonar henta heim studentar og avlyste all utveksling. I november eskalerte valden og opptil tusen demonstrantar barrikaderte seg på det polytekniske universitetet i Hongkong (PolyU), medan politi omringa universitetet med tåregass og våpen.

Bakgrunnen den gong var eit anna lovforslag, som opna for å utlevere og rettsforfølgje borgarar frå Hongkong i Fastlands-Kina, noko som utløyste massive protestar med opptil sju millionar menneske i gatene.

Korleis nye lover og utviklinga påverkar akademisk samarbeid er førebels uvisst, men Amnestys Gerald Folkvord fryktar det verste for dei lokale i Hongkong.

Fryktar sjølvsensur

Han viser til at det i Fastlands-Kina er farefullt for akademikarar og studentar å uttale seg kritisk til regimet, og peikar på uigur-aktivisten og professoren Ilham Tohti som er fengsla på livstid i Kina for «separatistisk agitasjon».

— Kina har sidan 2015 hatt ei liknande lov som den ein ser for seg i Hongkong. Den blir brukt meir eller mindre vilkårleg – det finst ikkje eit uavhengig rettssystem, seier Folkvord.

Gerald Folkvord i Amnesty fryktar akademikarar og studentar i Hongkong blir offer for sjølvsensur:

Han er mest uroa for den stille sensuren, at akademikarar og andre blir tvinga til å vere tause fordi det blir eit sjansespel.

— Denne sjølvsensuren er godt kjend i Fastlands-Kina, og noko vi fryktar skal forplante seg til Hongkong.

I dag, på 31-årsdagen for massakren på Den himmelske freds plass, understrekar han at situasjonen i Hongkong er svært forskjellig frå den i Beijing i 1989.

— Ein viktig forskjell er at protestene i 1989 aldri nådde det breie lag av folket. Styresmaktene lykkast med å spinne ei historie om at det var dei privilegerte studentane som stod bak, som berre demonstrerte for endå fleire privilegium. I Hongkong demonstrerer breie lag av befolkninga, med studentar og akademikarar i spissen, seier Folkvord.

Ein rapport frå «Progressive Scholars Group» i Hongkong konkluderte tidlegare i år med at 2019 var «det verste året så langt for akademisk fridom i Hongkong».

Utfordrar juristane

Stein Tønneson trur det kan bli eksplosivt i Hongkong i tida framover. Årsmarkeringane etter fjorårets demokratidemonstrasjonar i Hongkong kjem til å komme tett framover.

Stein Tønnesson, reknar med ein eksplosiv situasjon i Hongkong framover

— Det som er heilt sikkert, er at det vil bli markeringar av demonstrasjonane i Hongkong juni i fjor, seier Tønneson.

Desse demonstrasjonane fall saman med fjorårets 30-årsmarkering for dei som vart drepne då hæren var sett inn mot demonstrantane i Beijing 4. juni 1989. 180 000 menneske møtte i Victoria-parken i Hongkong i 2019 for å minnast ofra. I år har styresmaktene lagt ned forbod mot markeringar, grunngitt med covid-19. Hongkong er den einaste staden på kinesisk territorium der det har vore lov å halde slike markeringar.

Ifølge Tønneson er det rettssystemet i Hongkong som no i første gong blir utfordra med den nye sikkerheitslova.

— Dei første spenningane knyter seg til korleis befolkninga vil reagere, dernest kjem turen til rettssystemet – og etter kvart også til universiteta som utdannar juristane. Jussutdanninga i Hongkong kan dermed komme til å bli svært viktig, og eit område der den akademiske fridomen kan bli sett under press.

Powered by Labrador CMS