kronikk ● ola mestad og åse gornitzka

Seks punkt om havforskinga i Langtidsplanen

For ei norsk prioritering av havet som forskingsfelt meiner vi den nye Langtidsplanen må leggje særleg vekt på seks punkt.

God forvaltning av havet føreset naturvitskapleg kunnskap som t.d. forsking på miljøgifter som utgangspunkt for internasjonale avtalar, skriv Mestad og Gornitzka.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

LANGTIDSPLANEN| For Noreg er havrelatert forsking eit opplagt satsingsområde. For verda er det heilt nødvendig for å sikre levelege vilkår på og for kloden. Regjeringas langtidsplan for forsking og høgare utdanning gjer rett i å velje dette som eit prioritert felt.

Universitetet i Oslo vil peike på dei seks områda som bør prioriterast framover: tre naturvitskaplege, eit næringsorientert, eit rettsleg og samfunnsvitskapleg orientert forvaltningsområde og eit humaniora- og samsfunnsvitskapleg orientert om tolking og forståing av havet.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Det første naturvitskaplege området, Frå gen til økosystem, gjeld forståinga av livet i havet på ulike nivå frå dei minste bestanddelar til dei samla økosystema. Forståinga av havet, som utgjer størsteparten av vår planet, er kort komen samanlikna med forståinga av landjorda. Mangfaldet av liv i havet er enormt og mykje av mangfaldet og funksjonane er ukjent.

Det andre, Fysisk oseanografi og hydrodynamikk: frå småskala turbulens til havsirkulasjon, gjeld forståinga av eigenskapar, rørsle, struktur og dynamikk i sjølve havet. Eit forsømt område er betydninga av bølgjer. Innanfor oseanografien bør bølgjer, havets sirkulasjon, miksing og energiutveksling mellom hav og atmosfære prioriterast.

Det tredje, Økosystem under påverknad, gjeld påverknader på økosystema i havet, alt frå forureining ved miljøgifter og plast til nærings- og klimapåverknad. Slike påverknader blir ofte berre studert kvar for seg. Det manglar kunnskap om kva summen av ulike påverknader har å seie for havets bestanddelar, næringsnett og økosystem. Samstundes er det lite kjent korleis organismar, samfunn og økosystem reagerer på raske endringar. Havprosessar er også ein nøkkel til klimakontroll.

Det manglar kunnskap om kva summen av ulike påverknader har å seie for havets bestanddelar, næringsnett og økosystem.

Forfatterne

Ein god miljøtilstand er ein føresetnad for berekraftig næringsutvikling samstundes som den også skal vere eit resultat av den.

Det fjerde området, Næringsrelatert forsking, vil typisk gå ut på å gjere meir teknologiorientert bruk av kunnskapane frå dei tre naturvitskaplege områda, så som petroleumsutvinning eller karbonlagring, eller akvakultur eller havvind. I samanheng med langtidsplanen er det viktig å framheve at næringsrelatert forsking i stor grad byggjer på den tyngre grunnforskinga, så som genforsking og som forsking på artars økologi og eigenskapar, fysiologi og genetiske responsar som grunnlag for havbruk.

Det femte området, Forsking om forvaltning av havet, byggjer igjen både på og krev djup forståing av dei naturvitskaplege kunnskapane, på forståing av og mogeleggjering av ulik næringsutøving, økonomiske dimensjonar og på normative og politiske refleksjonar om menneske og natur. Forvaltning har både krevjande internasjonale og nasjonale dimensjonar.

Berekraftmål 14, Life below water, er å «Conserve and sustainably use the oceans, seas and marine resources». God forvaltning av havet føreset naturvitskapleg kunnskap som t.d. forsking på miljøgifter som utgangspunkt for internasjonale avtalar. Men kunnskap om økosystem og påverknad er ikkje nok. Forvaltnings- og styringssystem må utviklast og brukast. Dette er forskingstema særleg for samfunnsvitskap (statsvitskap inkludert internasjonale relasjonar) og juss.

For å kunne vise globalt leiarskap må òg den politiske tenkinga utviklast, basert både på naturvitskap, samfunnsvitskap og etiske refleksjonar.

Arktis er eit forskingsområde der både internasjonal og nasjonal forvaltning møtest og der mange forskingsspørsmål, både naturvitskaplege, samfunnsvitskaplege, rettslege og etiske kjem på spissen. Nye aktørar som Kina og India har òg meldt si interesse og tryggingspolitisk har området fått ny interesse. Noreg ligg både nær til og har interesser og forskingstradisjonar i området.

Dei fem omtalte områda fell direkte innafor det regjeringa har peikt ut som havrelatert. Det sjette, Tolking og forståing av havet, må òg i ein havnasjon som Noreg vere med i ein nasjonal langtidsplan.

Forsking om tolking og forståing av havet vil særleg gjelde menneska og havet både historisk og i samtida, og både empirisk og i kunst og litteratur. Kystkulturen er sentral her. For å forstå vårt forhold til havet og forvalte det på ein berekraftig måte er det viktig kritisk å utforske dei forskjellige kunnskapsregima og førestellingane som ligg til grunn både i fortid og notid.

Ei norsk prioritering av havet som forskingsfelt må ha med desse sentrale aspekta av norsk samfunn og kultur. Samtidig er havet eit typisk globalt felt. Havet er noko alle som har ei kystline har felles og som ein del av klimasystemet angår det oss alle. Havet er òg noko som heilt konkret knyter oss saman med andre og dermed òg ein arena for kulturutveksling. Her er antropologiske studiar og komparative perspektiv viktige. Heller ikkje etiske dilemma kjenner nasjonale grenser.

Powered by Labrador CMS