Debatt ● Åse Wetås og Randi Solheim

Sats på norsklæraren og ekte intelligens

Norsklærarane har eit særleg ansvar for skriveopplæringa til elevane. Men kven har ansvaret for at lærarane får den kompetansen som trengst — i ei tid der ny teknologi legg nye føringar for skriveprosessane i skulen?

Språkrådet og NTNU har nyleg gjennomført ei spørjeundersøking om rolla, ansvaret og kompetansen til norsklærarane. — Dei fleste lærarane er medvitne om ansvaret sitt, og at dei tek eit særleg ansvar for skriveopplæringa til elevane, skriv kronikkforfattarane.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Mange foreldre, lærarar og politikarar er urolege for kva digitaliseringa av skulen og bruken av kunstig intelligens kan gjere med språk- og skrivekompetansen i samfunnet. På den andre sida er det dei som hevdar at teknologien kan hjelpe oss både til å generere relevant innhald og til å skrive rett. Elevane treng i alle høve ei skriveopplæring som fremjar kreativitet, kontekstsensitivitet og kritisk sans. Det er dei fleste samde om.

Same kva ressursar ein stør seg til, er det klart at det som skjer i skriveprosessane, er utgangspunktet for god skriveopplæring. I skrivearbeidet lærer elevane å vurdere og velje ut innhald, tilpasse det til eigen kontekst, presentere det nyansert i skrift og formidle det til relevante mottakarar. Både lesing og samtale kan gå inn i dette arbeidet, og undervegs får elevane både brukt og utvida språkkunnskapen sin. Dei lærer altså mens tekstane blir til — med hjelp frå dyktige lærarar.

Språkrådet og NTNU har nyleg gjennomført ei spørjeundersøking blant norsklærarar i grunnskulen. Tema for undersøkinga er rolla, ansvaret og kompetansen til norsklærarane. Resultata viser at dei fleste lærarane er medvitne om ansvaret sitt, og at dei tek eit særleg ansvar for skriveopplæringa til elevane.

Samstundes opplever lærarane at elevane har dårlegare norskkunnskapar enn tidlegare, og at dei ikkje klarer å konsentrere seg lenge om gongen. Lærarane meiner at dette heng saman med den auka bruken av sosiale medium, med mediesamfunnet generelt og med bruken av digitale læringsressursar som gjer at elevane ventar konkrete svar og rask respons. Det er krevjande for skulen å vere motvekt til denne utviklinga.

Mange norsklærarar meiner at dei ikkje har fått tilstrekkeleg kunnskap om skriving og skriveutvikling gjennom utdanninga si, og at dei først og fremst har tileigna seg denne kunnskapen ved å arbeide som lærarar i skulen.

Wetås og Solheim

Ikkje overraskande seier lærarane at elevane i grunnskulen bruker mykje tid på å skrive korte, fragmenterte tekstar, til dømes svar på spørsmål frå læreboka, notat og såkalla tenkeskriving. Elevane arbeider sjeldan med lengre tekstar. Det er ikkje mange tekstar dei arbeider med over lengre tid, og som regel er det ikkje rom for rettleiing, respons og revisjon undervegs. Ein slik praksis kan på lengre sikt gå ut over elevane sine evner til å resonnere gjennom skriving og til å overføre eigne tankerekker til tekst. Praksisen er stikk i strid med formålet om at skulen skal gi djupnelæring. 

Ifølgje lærarane som har svart på undersøkinga, er det også svært få av elevtekstane som faktisk blir lesne, sidan framføring og presentasjon av skrivearbeidet til elevane relativt sjeldan inngår i undervisninga. Desse erfaringane samsvarar i stor grad med funn i nyare skriveforsking, og dei viser også at det kan gjerast meir for at elevane skal oppleve skriveopplæringa som relevant og meiningsfull.

Svara i undersøkinga gjer det dessutan klart at det finst utfordringar i lærarutdanninga. Mange norsklærarar meiner at dei ikkje har fått tilstrekkeleg kunnskap om skriving og skriveutvikling gjennom utdanninga si, og at dei først og fremst har tileigna seg denne kunnskapen ved å arbeide som lærarar i skulen. På den eine sida viser dette at gode fagfellesskap på arbeidsplassane har mykje å seie, og at lærarane får rom til å utvikle seg i yrket. På den andre sida viser det at lærarutdanningane ikkje heilt greier å gi studentane godt nok grunnlag for å arbeide i skulen.

Løysinga på problema i lærarutdanninga kan finnast i møtepunkta mellom praksisopplæring og campusundervisning, og i samarbeid mellom dei ulike aktørane. Med den nye grunnskulelærarutdanninga, som no er femårig og på masternivå, er det større rom for å skape felles arenaer, og det er mange prosjekt på gang som utforskar moglegheitene i slike samarbeidsrelasjonar. 

Til dømes har prosjektet PRANO (Praksisforankra norskfaglege masteroppgåver) ved NTNUs Institutt for lærarutdanning lagt til rette for tettare samarbeid mellom masterstudentar, praksisskular og universitet. Her har studentane samla empiri til masteroppgåvene sine i klasserom dei kjenner godt, og fått støtte både frå praksislærarar og universitetslærarar undervegs. Det kan gi ferske norsklærarar eit realistisk og fagleg oppdatert grunnlag for å utforske og utvikle faget vidare.

Norskfaget er eit språk- og tekstfag, eit kultur- og danningsfag og eit identitetsfag. Læreplanen slår fast at norsklærarane har eit særskilt ansvar for at elevane skal lære å lese, skrive, ytre seg og delta i samfunnet. Samstundes skal elevane utvikle seg som språkbrukarar og skrivarar i eit tekst- og mediesamfunn som stadig er i rørsle. Ein fornuftig bruk av digitale skriveverktøy og kunstig intelligens krev ekte intelligens og kunnskap om språk og tekstkvalitet. Lat oss derfor satse på norsklærarane og gi dei den kunnskapen dei treng for å arbeide systematisk med skriving, både i lærarutdanninga og i klasserommet. Dette peikar seg ut som den viktigaste oppgåva for den norske skulen i dag.

Powered by Labrador CMS