Debatt ● Roar Ulvestad

På tide at universitetet sluttar å dilte etter skulen

Det er på tide at universiteta, som har eit samfunnsoppdrag som handlar om å vere i front på kunnskapsutvikling, ikkje legg seg på rygg for nyaste trend, men plantar nokre grensepostar som hjelper oss som driv med faktisk skriveopplæring i skulen, skriv Roar Ulvestad. 

På sikt frykter eg ei nivellering av kunnskapsutviklinga i akademia, der skiljet mellom lærarutdanning og universitet er borte, skriver Roar Ulvestad.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Dynamikken mellom innhaldet i skulen og kunnskapstradisjonane i akademia har endra seg stort sidan eg tok ex.phil. på slutten av åttitalet. Då eg før det igjen fullførte grunnskule og vidaregåande opplæring var det ingen tvil om at universitetet var førande i både kunnskapsutvikling og det å føre kunnskapstradisjonar vidare. 

Skulen tilpassa seg akademia si kunnskapsforvalting og førebudde elevane på neste steg i utdanningsløpet i eit etablert kunnskapshierarki. Det var i mindre grad enn i dag snakk om at akademia skulle etterapa skulen sine kunnskapskulturar- og strukturar. Til dømes var norskfaget sine fagområde i disiplinfaget til å kjenne att i læreplanane og i praksis.

Etter kvart fekk vi eit skifte, der skulen i langt større grad vart premissleverandør, slik at universitet- og lærarutdanning fekk eit meir pragmatisk oppdrag der skulen sitt behov skulle dekkast på skulens eigne vilkår. Professor Lise Vikan Sandvik ved NTNU skriv i eit innlegg «at lærerutdanning tradisjonelt har vært et fagfelt med mange iboende spenninger mellom disiplinfaglig kompetanse og profesjonskompetanse. Disse to kompetanseområdene har lenge vært kjernen i en tautrekning innen pedagogisk utdanning.» 

Lærarutdanningane har jo som føremål å produsere arbeidskraft til klasseromma, so det at profesjonskompetanse kjem i første rekke, er jo til å forstå. Meir problematisk er det at universiteta har blitt pressa til ein pragmatikk der dei må herme lærarutdanning, og lærarutdanningane hermar skule. På sikt fryktar eg ei nivellering av kunnskapsutviklinga i akademia, der skiljet mellom lærarutdanning og universitet er borte, og at alle dei (særleg humanistiske) faga som ikkje er relevante for klasserommet får enda ringare vilkår enn i dag. 

Språkmodellane utfordrar allereie skriveopplæringa i skulen so det ljomar i tastaturane. Eg voner at akademia kan stille seg i front for å skjerme om den personlege og sårbare prosessen det er å setje seg ved tastaturet og utvikle eigne tankar gjennom eige språk.

Roar Ulvestad

Eg vil gje tre konkrete døme på denne omsnuinga, der skulen har blitt premissleverandør for akademia, og akademia tilpassa seg utan særlege innvendingar. Det eine er avhistorisering, det andre er tverrfaglege tema og det tredje er faglege kjerneelement. 

Då fagfornyinga vart gjennomført, vart læreplangruppene gjevne eit sett med premissar. Nokre klarte læreplangruppene å utfordre, andre ikkje. Ei «bestilling» frå Utdanningsdirektoratet var at dei store historiske linene var uinteressante og måtte tonast ned. Dette råka både samfunnsfaget og norskfaget. Vi fekk ei styrka samtidsorientering i samfunnsfaget, og epoketilnærminga i norskfaget vart utfordra. Læreplanen i dag har svært generelle vendingar om kva elevane skal lære med historia som fundament, og det går i dag an å undervise nesten utan å nemne ein einaste litterær epoke ved namn. 

Som kompensatorisk grep for å strukturere opplæringa fekk vi tverrfaglege tema, som er meint å gje felles retning både på tvers av fag og for tekstval innanfor det einskilde faget. Det er mange gode sider ved dette, ein kan til dømes bruke eit breitt utval av tekstar frå både skjønnlitteratur og sakprosa for å strukturere arbeidet, og står fritt til å orientere seg i heile teksthistoria vår. Slike frie didaktiske hender bør jo ein kvar kompetent norsklærar setje pris på. 

Det som er problematisk er at akademia hermer, og tek til å bruke desse tverrfaglege temaa for å strukturere si opplæring. Eg står for at vi treng grundig opplæring i det som finnast innanfor dei ulike tradisjonelle fagområda for å faktisk kunne arbeide grundig med tverrfaglege tema i skulen. I læreplanane vi har i dag, er dei tradisjonelle inndelingane i fagområde nemleg heilt bleika, og vi har i staden fått «kjerneelement», som er ei form for fagområde som skal vere meir eigna for skulen enn dei tradisjonelle. 

Desse tre trekka ved dagens læreplan har blitt definerande for universitet- og høgskule utan særleg motstand. Eg veit ikkje om det er av redsle for å miste løyvingar, individuell kjæling med tellekantar, likegyldigheit eller generell redsle for å vere ukul. Akademia har uansett mista definisjonsmakt og bør kvikne til for å unngå ytterlegare forflating.

Det er aldri for seint å kvikne til. Vi har bak oss ein smertefull og intens prosess om plagiat i akademia, der konsekvensane av slett sitatteknikk og manglande kjeldetilvising har fått alvorlege og langvarige konsekvensar for dei det gjeld. Det verkar likevel som det er ei viss semje i det at korrekte sitat og kjeldetilvisingar er eit grunnleggande aspekt ved akademisk skriving, som ein skal ta særs alvorleg. 

På den andre sida er det total sprekk i laget når det gjeld bruk av språkmodellar i opplæringa. Dette er djupt urovekkande. Bruk av språkmodellar er etter mitt syn meir graverande enn nokre gleppar i litteraturlista. Om eg kan bruke ein billeg simile, er det som om det er greitt å køyre fort der det aldri er fartskontroll. Vi kan ikkje la etikken verte styrt av om vi har radar langs vegane eller ikkje. Det å bruke språkmodellar der du ikkje skal, på ein måte som er vanskeleg å gjennomskode, er meir uetisk enn å køyre for fort i ein tunnel med kamera for kvar 500 meter veg.

Om eg kan bruke ein billeg simile, er det som om det er greitt å køyre fort der det aldri er fartskontroll. Vi kan ikkje la etikken verte styrt av om vi har radar langs vegane eller ikkje.

Roar Ulvestad

Språkmodellane utfordrar allereie skriveopplæringa i skulen so det ljomar i tastaturane. Eg voner at akademia kan stille seg i front for å skjerme om den personlege og sårbare prosessen det er å setje seg ved tastaturet og utvikle eigne tankar gjennom eige språk. Høgare utdanning handlar jo i botn og grunn om individuell dyktiggjering, og vi må vere ærleg om at mykje av det vi kallar «forsking» handlar om å vise metode- og faginnsikt i allereie etablerte område heller enn å utvikle ny innsikt. Språkmodellane snur om på dette perspektivet som handlar om individet si personleg utvikling, til å handle om språklege produkt. 

Skriving bør alltid henge saman med tenking, og ikkje med individet si evne til å lage gode «prompts» for den digitale skrivemuskulaturen. Skilet mellom menneskeskriving og maskinskriving må vere klart for oss i tekstane vi les, elles mister vi kontakten med det genuint menneskelege i tekstuniverset.

Det er dermed på tide at universiteta, som har eit samfunnsoppdrag som handlar om å vere i front på kunnskapsutvikling, ikkje legg seg på rygg for nyaste trend, men plantar nokre grensepostar som hjelper oss som driv med faktisk skriveopplæring i skulen.

Powered by Labrador CMS