humaniora

Tek språket frå forskarane og ut til elevane

Tilsette ved universitet og høgskule i Bergen samarbeider med vidaregåande skular for å få fleire av elevane interesserte i språkdelen av norskfaget.

Bildet viser lærer og elev i samtale over PC.
Kjersti Wold Slettebø underviser i norsk på St. Paul gymnas i Bergen. Ho har sjølv mastergrad i språkdelen av nordiskfaget. Her diskuterer ho bruken av ChatGPT med elev Iver Haddal.

«Jeg syns at språk er gøy, og at forsking om språk er viktig. Derfor håper jeg at studenter, norsklærere og andre som leser Språkprat, blir underholdt, engasjert og lærer noe nytt som de har bruk for i jobben sin eller i livene sine».

Slik skildrar ein av dei faste skribentane bak det populærvitskapelege tidsskriftet Språkprat si interesse for språk. No har redaksjonen utarbeidd eit undervisningsopplegg for vidaregåande skule; Språkprat til skolen. Mål: Auka interessa for språk.

Sakna spørsmål

På St. Paul gymnas i Bergen er Kjersti Wold Slettebø ein av fleire norsklærar på VG3. Ho har sjølv mastergrad i nordisk språk, og vart spurd om å skriva eit innlegg for Språkprat då ho hadde levert masteroppgåva si.

— Då eg så skulle undervisa om nabospråk brukte eg eit innlegg frå Språkprat om TV-serien Skam. «Det skulle vore eit opplegg til desse tekstane, kanskje kunne det vore oppfølgingsspørsmål», tenkte eg, seier Slettebø.

Slik vart det. I år har Slettebø og nokre av kollegaene hennar, saman med Ann-Kristin Molde og kollegaer, vore forsøkslærarar for forskarane sine undervisningsopplegg. Molde er både redaktør i Språkprat og lektor på Sotra vidaregåande skule.

— Det er berre eitt kompetansemål for språkdelen av norskfaget i VG3 på vidaregåande. Det er til gjengjeld stort. Men som lærar går ein seg gjerne litt fast, og underviser slik ein har gjort før. Då er det fint med nye innspel til korleis ein kan legga opp undervisninga, seier Slettebø.

Else Berit Molde er ein av dei universitetstilsette som no jobbar med undervisningsopplegg for elevar på vidaregåande skule. Ågjera tekstane tilgjengelege er noko av jobben som vert gjort, i tillegg til å laga oppgåver elevane kan jobba med.

Såkornmidlar

Alle som skriv fast for Språkprat er tilsette ved Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet. I tillegg har tidsskriftet mange gjesteskribentar.

— Det handlar om å få forskinga ut til folk. Me veit at ein del av tekstane allereie er brukte på vidaregåande skule. No går me gjennom læreplanen og ser på dei tekstane me allereie har. Kven dekkjer mål i læreplanen? Så jobbar me med desse, seier Else Berit Molde.

Ho er universitetslektor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved UiB og ein av dei som no jobbar med undervisningsopplegg til elevane.

Molde fortel at Språkprat-redaksjonen har fått såkornmidlar frå UHNett Vest. Det betyr mellom anna at dei har hatt seminar saman med lærarar frå dei to vidaregåande skulane for å få tilbakemeldingar på kva som fungerer og ikkje.

— Me har mellom anna laga opplegg knytt til dialektar og til språk og identitet. Me ønskjer å laga oppgåver som er kreative og aktiverande, og har mellom anna sett på namn for vêrfenomen, seier Molde.

Positive elevar

Khrono har skrive om små språkfag som manglar både tilsette og studentar. Også det gamle storfaget nordisk har færre studentar enn før. No er håpar at nokre av elevane på vidaregåande skule skal velja språkfag når mange av dei vert studentar frå hausten.

— Då eg sjølv var student tenkte eg at forsking var noko som skjedde med reagensrøyr og sa «poff», seier lektor Slettebø og ler.

— Oppgåva vår som vidaregåande skule i dette prosjektet har vore å testa om undervisningsopplegga fungerer. Er tidsestimatet realistisk? Vert elevane engasjerte? Og ja, mine elevar har vore positive. Eg opplever at dei synest særleg det som handlar om talemål er spanande.

No er planen at frå hausten skal det vera undervisningsopplegg knytt til Språkprat, som vil vera organisert som ei tilgjengeleg ressursside for alle lærarar som ønskjer å bruka det.

— Elevane får jobba systematisk med emne. Det kan vera ei god førebuing til å verta student, seier Else Berit Molde.

Powered by Labrador CMS