Debatt ● Per Esben Svelstad

Rektors jobb er å prioritere

Eg vil ikkje jobben til kollegaene mine i administrasjonen ved ILU til livs. Det eg vil, er at rektor tek initiativ til å vurdere kva som er viktigast no, og undersøkjer kva for funksjonar som kan nedprioriterast — i heile organisasjonen.

Portrett av Per Esben Svelstad med bokhyller som bakgrunn
Kutt i stillingar ved Instoítutt for lærerutdanning, NTNU: Det vil heilt sikkert vera usemje om prioriteringar, skriv forfattaren i eit svar til Sunniva Saksvik. — Nettopp difor treng vi ein rektor som viser leiarskap og ikkje delegerer upopulære avgjerder ned til lågare nivå i organisasjonen.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I Khrono 11. oktober tek Sunniva Saksvik til motmæle mot innlegget frå 99 vitskapleg tilsette ved Institutt for lærarutdanning, NTNU. Saksvik kritiserer at innlegget argumenterte for kutt i administrative stillingar i den pågåande nedbemanningsprosessen. 

Dei administrativt tilsette ved instituttet har også sendt ut ein intern e-post til dei vitskaplege, med nokre av dei same synspunkta. Som initiativtakar til innlegget ønskjer eg å svara på kritikken. Eg strekar under at eg her uttalar meg som enkelttilsett.

Hovudpoenget i innlegget som nesten hundre lektorar, dosentar, førsteamanuensar og professorar stilte seg bak, er at å leggje ansvaret for nedbemanninga på eit enkelt institutt, og leiarane der, er uhaldbart. NTNU er ein stor organisasjon, der rektor bør ta ansvar for heilskapen i slike prosessar. 

Som tidlegare leiar ved ILU, Torberg Falch, har påpeikt i eit innlegg i Universitetsavisa, er argumentet frå rektor om at einingar har økonomisk sjølvstyre, problematisk. Institutta har nemleg ikkje hatt lov til å byggje opp «sparekontoar». Dimed har dei lite fordel av gode tider, men må ta heile støyten når pengesekken skrumpar inn.

Å påpeike at administrativt tilsette ikkje blir råka av nedbemanning i denne prosessen, er ikkje eit argument for å seia opp administrativt personale ved ILU. For meg er dette snarare ein tankekross som framstår symptomatisk for ein prosess som blir styrt av økonomi framfor universitetsstrategi. 

Viss ein meiner at vitskapleg tilsette har i hovudoppgåve å rekruttere og behalde studentar, ved sida av å hente inn eksterne middel som aukar det økonomiske handlingsrommet til arbeidsgjevar, gjev det meining å kutte i forskarar og undervisarar når «kundane», dvs. studentane, ikkje møter opp. Viss ein derimot meiner at den fagutviklinga som skjer i kollegiet er viktig i seg sjølv, og at hovudoppdraget vårt er å yte god forsking og undervisning, må ein leite etter alternativ for å halde på vitskapleg tilsette. 

Dette er eit prioriteringsspørsmål som etter mitt syn ligg på rektors bord, ikkje hjå institutt- eller fagseksjonsleiarar.

For å seia det i klårtekst: Eg vil ikkje jobben til kollegaene mine i administrasjonen ved ILU til livs, og det trur eg få om nokon av dei 99 underskrivarane vil. At dette ikkje kom tydeleg fram, er eg lei meg for. 

Det eg vil, er at rektor tek initiativ til å vurdere kva som er viktigast no, og undersøkjer kva for funksjonar som kan nedprioriterast — i heile organisasjonen. Det vil heilt sikkert vera usemje om slike prioriteringar. Nettopp difor treng vi ein rektor som viser leiarskap og ikkje delegerer upopulære avgjerder ned til lågare nivå i organisasjonen. 

Eg og fjorten av kollegaene mine i fagmiljøa for norsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag veit per no ikkje om vi har jobb om eit år. Personleg set eg pris på all hjelp til å leggje press på dei nivåa der ansvaret høyrer heime.

 

Powered by Labrador CMS