Debatt ● 99 tilsette ved Institutt for lærarutdanning, NTNU

Universitetet som ikkje har råd til å vera universitet

Vi vil på det aller sterkaste råde dykk til å revurdere dei oppseiingane som no er føreslegne, skriv tilsette ved ILU i eit ope brev til universitetsleiinga på ulike nivå.

Institutt for lærerutdanning
Utan oss, ikkje noko universitet, skriv 99 ansatte ved ILU på NTNU i eit ope brev til leiinga. — De har framleis tid til å vise samfunnet at NTNU er eit universitet som tek seg råd til å vera universitet.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Vi som jobbar ved Institutt for lærarutdanning (ILU) ved NTNU, har det siste året fått stadig tydelegare signal om at det kan bli aktuelt med oppseiingar for å få budsjettet til å gå i balanse. Onsdag 25.9.24 fekk fire fagseksjonar varselet dei lenge hadde frykta: Leiinga ved institutt og fakultet innstiller på at til saman femten tilsette i matematikk, samfunnsfag, naturfag og norsk skal seiast opp i løpet av det neste året.

Vi som skriv under dette opne brevet, vil sende ei tydeleg melding til institutt- og fakultetsleiing, så vel som til NTNU sentralt ved rektor Tor Grande: Vi vil på det aller sterkaste råde dykk til å revurdere dei oppseiingane som no er føreslegne. 

Det er vi som driv med forsking og undervisning, sjølve kjerneverksemda ved eit universitet. Det er vi som utdannar framtidas høgt kompetente lærarar på alle nivå i norsk skule. Det er vi som hentar inn eksterne prosjektmiddel til å utvikle endå betre forsking og undervisning. Det er vi som publiserer banebrytande funn i vitskaplege artiklar. Det er vi som utviklar og formidlar kunnskap i tett kontakt med praksisfeltet. 

Utan oss, ikkje noko universitet.

Samtidig som ei rekkje vitskapleg tilsette med dette kjenner seg usikre på om dei får stå i stillingane sine, merkar vi oss at administrativt tilsette tilsynelatande er skjerma frå nedbemanninga. Vi som skriv under dette brevet, strekar under at alle i administrative stillingar utfører viktige oppgåver. Ideelt sett ville vi hatt endå meir administrativ støtte for å kunna konsentrere oss om forsking og undervisning på ein effektiv måte. Poenget vårt er at i tider med ekstra tronge budsjett er det endå viktigare enn elles at leiarane våre evnar å prioritere kjerneoppgåvene til universitetet. 

Og det verkar ikkje som at nokon har ein plan for korleis vi skal yte best mogleg forsking, undervisning, innovasjon og formidling i denne situasjonen.

99 ansatte ved ILU

NTNU gjer no det stikk motsette: Undervisningsressursen til kvart emne har vorte redusert. I innstillinga frå ILU-leiinga er det uklårt kvifor det ikkje er planlagt reduksjonar i administrative stillingar, inkludert leiarstillingar, all den tid kjerneverksemda blir ramma. Og det verkar ikkje som at nokon har ein plan for korleis vi skal yte best mogleg forsking, undervisning, innovasjon og formidling i denne situasjonen.

Eit anna problematisk punkt er at det nettopp er ILU sjølv som må stå for avgjerdene om kven som skal seiast opp. Dette set leiarar på nivå 4 (fagseksjonsleiarar) i ein umenneskeleg situasjon og gjer det svært vanskeleg å sikre habiliteten i oppseiingane. 

Samtidig har det så langt vore stilt frå rektoratet. Vi er sterkt kritiske til at rektor Tor Grande ikkje har vist leiarskap i denne saka. I samband med utarbeidinga av ein ny visjon hevdar rektor at han vil ha ein diskusjon om kven NTNU skal vera. Akkurat dét er aller mest eit spørsmål om kva for menneske NTNU vel å halde på. Korleis stiller rektor seg til at det skjer oppseiingar ved enkeltinstitutt og -fakultet? Korleis høver dette med det fagre idealet om at vi skal vera «eitt NTNU»? Korleis kan rektor forsvara at vitskapleg tilsette må gå, så lenge NTNU som arbeidsgjevar har pengar til overs? 

Vi forventar at universitetet sin høgste prioritet er at alle steinar blir snudde for at vitskapleg tilsette blir skjerma. Vi ventar også at leiarar på alle nivå anerkjenner dramatikken i situasjonen. Men som tilsette ved det NTNU tidlegare har smykka seg med som den største lærarutdanninga i Noreg, opplever vi at verken leiinga ved Samfunns- og utdanningsvitskapleg fakultet eller rektor har svara tydeleg på desse spørsmåla fram til no.

Korleis bør eit universitet i krise styrast? I sakspapira til møtet i lokalt samarbeidsutval (LOSAM) ved SU 4.10. blir det nemnt at NTNU her har snevra inn nedbemanningsprosessen til eitt institutt, trass i at det er NTNU som organisasjon som er arbeidsgjevar. Det blir legitimert med at «[d]ette har arbeidsgiver anledning til etter rettspraksis». 

Dessverre er den defensive tonen symptomatisk for måten prosessen blir ført på. Her er det ingen positiv visjon for korleis NTNU skal bli eit best mogleg universitet, ingen framtidsretta manøvrar som seier noko om kva som er den viktigaste kompetansen, utover reint matematiske kapasitetsberekningar. I staden blir vi som tilsette bedne om å akseptere at NTNU her gjer det dei har juridisk rett til. 

Men kva som er lov, er noko anna enn kva som er lurt. I ei tid der søkjartala til lærarutdanninga går drastisk ned, er det særs problematisk at NTNU vel å utarme nettopp ILU. Kutta i undervisningstid og i vitskapleg personale vil føre til dårlegare studiekvalitet, som igjen går ut over omdøme og dimed framtidig rekruttering. Vi er redde for at dette i verste fall vil tvinge fram nye oppseiingar om få år.

Vi som er vitskapleg tilsette — universitets- og førstelektorar, dosentar, førsteamanuensar og professorar — forventar at det blir gjort grep som gjer at vi kan utføre oppgåvene våre best mogleg. Å leggje opp til at vi skal knive oss imellom ved at kvar enkelt tilsett må argumentere for at hen har meir rett til å stå i jobb enn kollegaene sine, er det verste vi kan tenkje oss for eit arbeidsmiljø. No meir enn tidlegare er det akutt at NTNU vurderer om vi skal ta oss råd til rådgjevarar i Brüssel, eksterne marknadsføringskonsulentar, og oppgåver som genererer aukande behov for administrative støttestrukturar.

Kjære rektor, SU-dekanat og ILU-leiing: Det er ikkje for seint å vise at NTNU er eit universitet som veit å prioritere samfunnsoppdraget sitt når det verkeleg gjeld.

99 ansatte ved ILU

Kjære rektor, SU-dekanat og ILU-leiing: Det er ikkje for seint å vise at NTNU er eit universitet som veit å prioritere samfunnsoppdraget sitt når det verkeleg gjeld. Vi ønskjer at de svarar på følgjande spørsmål:

  • Kva for utgiftspostar kan det vera aktuelt å kutte for å ta vare på dei femten stillingane som er føreslegne kutta ved ILU?
  • Kva meiner de må prioriterast for at heile NTNU skal nå samfunnsoppdraget sitt på best mogleg måte?
  • Kva vil NTNU gjera for å sørgje for å verne om kjerneverksemda forsking, undervisning, innovasjon og formidling i økonomisk tronge tider?

De har framleis tid til å vise samfunnet at NTNU er eit universitet som tek seg råd til å vera universitet.

Brevet er signert av følgjande tilsette ved Institutt for lærarutdanning:

Per Esben Svelstad, professor i norskdidaktikk

Signe Braut, universitetslektor i norskdidaktikk

Marion G. Stavsøien, universitetslektor i norskdidaktikk

Ingvild Hagen Kjørholt, professor i litteraturdidaktikk

Tina Louise Ringstad, førsteamanuensis i norskdidaktikk

Ann Sylvi Larsen, dosent i norskdidaktikk

Anette Louise Brekke, universitetslektor i norskdidaktikk

Yvonne Albrigtsen, universitetslektor i norskdidaktikk

Marte Helland Fiskvik, universitetslektor og stipendiat i norskdidaktikk

Brita Ramsevik Riksem, førsteamanuensis i norskdidaktikk

Hanne Theodorsen, universitetslektor i norskdidaktikk

Andre Midtskogseter Reite, universitetslektor og stipendiat i norskdidaktikk

Elin Strømman, førstelektor/phd i norskdidaktikk

Even Igland Diesen, førsteamanuensis i norskdidaktikk

Astrid Kufaas Morken, universitetslektor og stipendiat i norskdidaktikk

Leiv Inge Aa, professor i norskdidaktikk

Espen Hoff, universitetslektor og stipendiat i naturfagdidaktikk

Ivar Sørensen, universitetslektor i norskdidaktikk

Anette Yttereng, universitetslektor i yrkesfag

Eli Smeplass, førsteamanuensis i yrkespedagogikk

Per Overrein, førstelektor samfunnsfag

Sindre Dagsland, førsteamanuensis i norskdidaktikk

Cecilie Slinning Knudsen, universitetslektor og stipendiat i norskdidaktikk

Heidi Brøseth, førsteamanuensis i norskdidaktikk

Renate Banschbach Eggen, førsteamanuensis i KRLE

Annepetra R. Jenssen, førstelektor i kroppsøving

Øyvind Andersen Lundeby, universitetslektor i matematikkdidaktikk

Arne Karlsen Amdal, universitetslektor i matematikkdidaktikk

Anita Valenta, førsteamanuensis i matematikkdidaktikk

Kristin Krogh Arnesen, førsteamanuensis i matematikkdidaktikk

Eivind Kaspersen, førsteamanuensis i matematikkdidaktikk

Reidun Persdatter Ødegaard, universitetslektor i matematikkdidaktikk

Yvonne Grimeland, førsteamanuensis i matematikkdidaktikk

Victoria Husby Søndbø, stipendiat i dansepedagogikk

Georgios Neokleous, professor i engelskdidaktikk

Eli-Anne Vongraven Eriksen, førsteamanuensis i religionsdidaktikk

Svein Arne Sikko, førsteamanuensis i matematikkdidaktikk

Jørgen Klein, professor i samfunnsfag

Eline Drury Løvlien, førsteamanuensis i samfunnsfag

Anders Sanne, førstelektor i matematikkdidaktikk

Martin Øystese, universitetslektor i samfunnsfag

Øistein Gjøvik, førstelektor i matematikkdidaktikk

Sevil Sümer, professor i samfunnsfag

Hilde Storrøsæter, universitetslektor i samfunnsfag

Anne Rakstad Pettersen, universitetslektor i geografididaktikk

Eli Munkebye, professor i naturfagdidaktikk

Ellen M. Andersson, universitetslektor i naturfag

Christina Ådland Næss, førsteamanuensis i samfunnsfag

Guro Jørgensen, førsteamanuensis i samfunnsfag

Pernille Friis, universitetslektor i matematikkdidaktikk

Øyvind Haugan Lien, universitetslektor i matematikkdidaktikk

Karen Bauer, førsteamanuensis i fremmedspråkdidaktikk

Tor Einar Bjørnhullet Bekken, førsteamanuensis i musikk

Emil Eliasson, universitetslektor i historiedidaktikk

Jean Bergane, stipendiat i samfunnsfagenes didaktikk

Torun S. Soknes, universitetslektor i samfunnsfag

Ingunn Ofte, førsteamanuensis i engelskdidaktikk

Anna Krulatz, professor i engelskdidaktikk

Liping Ding, førsteamanuensis i matematikkdidaktikk

Lilith G. Rüschenpöhler, førsteamanuensis i kjemididaktikk

Trine E. Unander, førsteamanuensis i tekstil og bærekraft

Trond Risto, professor i samfunnsfag

Harald Bentz Høgseth, professor i kunst og håndverksdidaktikk

Kathinka Hveem Johannessen, universitetslektor i musikkdidaktikk

Annette Lykknes, professor i kjemididaktikk

Tove Grete Lie, førsteamanuensis samfunnsfag

Egil Reistadbakk, universitetslektor i musikk og musikkdidaktikk

Unni Eikeseth, førstelektor i naturfag

Alyssa Magee Lowery, førsteamanuensis i barnelitteratur og unge elever

Jørund Aasetre, Professor i Samfunnsfag med spesialisering i geografi.

Maren Skjelstad Fredagsvik, førsteamanuensis i naturfagdidaktikk

John Magne Grindeland, førsteamanuensis i naturfag

Oddrun Marie Hovde Bråten, professor i religionsdidaktikk

Floor Kamphorst, førsteamanuensis i naturfagdidaktikk

Camilla Stabel Jørgensen, professor i religions- og livssynsdidaktikk

Yngve Skjæveland, professor i samfunnsfag

Stine H. Bang Svendsen, førsteamanuensis i pedagogikk

Anne Grete Heimsjø, universitetslektor i naturfagdidaktikk

Benedikte Grimeland, førsteamanuensis i matematikk

Ingrid Rannem Semmingsen, universitetslektor i norskdidaktikk

Irmelin Kjelaas, førsteamanuensis i norskdidaktikk

Magne Brekke Rabben, førsteamanuensis i samfunnsfag

Borgny M. Knudsen, universitetslektor i pedagogikk

Vibeke Gilje Sanne, universitetslektor i pedagogikk

Trygve Kvithyld, førstelektor i norskdidaktikk

Ingrid Elnan, universitetslektor og stipendiat i kroppsøving

Reidun Heggem, førsteamanuensis samfunnsfag

Jørn Ove Asklund, universitetslektor matematikk

Linda Sandmark, universitetslektor i matematikkdidaktikk

Maria I.M. Febri, førsteamanuensis i naturfag

Helena Bichão, førsteamanuensis i naturfag

Lars Unstad, førsteamanuensis i religionsdidaktikk

Oda Tingstad Burheim, universitetslektor i matematikkdidaktikk

Randi Farstad, universitetslektor i norskdidaktikk

Jan Tore Malmo, førsteamanuensis i naturfag

Jardar Cyvin, dosent i naturfag

Stine Johansen Utler, universitetslektor og stipendiat i samfunnsfagdidaktikk

Elisabeth Inge Romijn, førsteamanuensis i naturfag

Kjersti Eggen Dahl, universitetslektor i samfunnsfag

Powered by Labrador CMS