statsbudsjett

Raja ber Støre «ta naudsynte grep» overfor Borten Moe

— Me har ein statsråd som går aktivt inn og trakkar på studentane. No må statsministeren ta grep, seier Abid Raja (V).

— Heile feltet vert radbrekka, seier Venstres Abid Raja om høgare utdanning og forsking, og ber statsminister Jonas Gahr Støre gripa inn overfor statsråd Ola Borten Moe.
Publisert Oppdatert

Fredag kom meldinga om at regjeringa har funne 1,6 milliardar kroner, slik at kuttet i Forskingsrådet kan reverserast. No vert det likevel Fripro-utlysing retta mot dei yngre forskarane også neste år.

Abid Raja, som sit i utdannings- og forskingskomiteen for Venstre, er glad for at det no vert pengar. Men han er ikkje vidare imponert over forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

— Han statsråden var jo veldig sikker i si sak i vår, og sterk i retorikken rundt kva Forskingrådet hadde gjort, seier Raja til Khrono.

Borten Moe sa i mai at økonomistyringa i Forskingsrådet hadde vore for dårleg.

— Det er ikkje noko antydning til at statsråden meiner noko anna enn at han har rett, men no er han irettesett, og beløpet er gjenoppretta, seier Raja.

Sjå tilsvar til Abid Rajas utsegner frå Senterpartiets representant i utdannings- og forskingskomiteen nedst i saka.

Kritisk til skulepengar

Handteringa av Forskingsrådet er berre ei av sakene der Raja ikkje er nøgd med statsråden og den sitjande regjeringa. Då han måndag besøkte Universitetet i Bergen var skulepengar for utanlandske studentar og manglande ekstra stipend for norske studentar som skal studera i utlandet eit anna av temaa.

— Når dei internasjonale studentane ikkje kjem, slepp ein å oppretta fleire studieplassar, for då kan dei norske studentane ta dei studieplassane som er. I tillegg slepp ein å betala ekstra stipend til norske studentar som reiser til utlandet, seier Raja.

— Det som skjer no, er at regjeringa dreg oss vekk frå det internasjonale. Eg håpar Støre tek ansvar.

Det handlar om småpengar, meiner Venstre-politikaren, men småpengar som gjer stor skade.

— Me får håpa SV dreg dette i land.

Eigentleg ikkje laga for to, men Symre Taugbull Bang (gitar) og Heidi Kvelvane (saksofon) har stua seg saman for å få øvd i lag. Begge er studentar ved Griegakademiet si jazzlinje. Venstre-politikar Abid Raja er samd i at noko må gjerast med lokala.

Meiner feltet vert radbrekka

Raja er også skeptisk til statsråden sitt forhold til studentane. Som Khrono har skrive, er Borten Moe erklært «persona non grata» av studentparlamentet ved Unviersitetet i Oslo. Det same kan skje når studentparlamentet ved Universitetet i Bergen har møte måndag kveld.

— Ein ting er å seia at ein ikkje har pengar. Det trur eg studentane skjønar dersom ein forklarar kvifor. Men her har ein ein statsråd som går aktivt inn og trakkar på studentane. Ein kan ikkje ha ein slik statsråd i Noreg, meiner Raja, og held fram:

— Han øydelegg både for forskinga, for utdanningsinstitusjonane og for studentane. Heile feltet vert radbrekka. No må statsminister Støre ta dei grepa som er naudsynte.

Støttar nybygg

Eit punkt på programmet i Bergen var møte med studentar ved Griegakademiet.

Etter ein rundtur leia av studentane var Raja tydeleg: Desse lokala bør gjerast noko med, og Venstre vil støtta eit forslag om å gi pengar som gjer at planane om nybygg ikkje strandar heilt. Som Khrono har skrive, er bygget ute av forslaget til statsbudsjett for 2023, noko som uroar både rektor Margreth Hagen og universitetsstyret.

— Statsråden seier jo at dei verken frys eller manglar mat, dei er berre late, vitsa Raja då han møtte mellom andre studentparlamentsleiar Aksel Haukom i Griegakademiet sine lokale.

Forsvarer Borten Moe

Ola Borten Moes partifelle Marit Knutsdatter Strand, som sit i utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget saman med Abid Raja, karakteriserer Rajas utsegner som useriøse.

– Her er det mykje som blir blanda saman i ei forvrengd framstilling. Men Venstres eigne ABE-kutt (kutt i budsjetta til statlege verksemder, red. merkn.) og politiske prioriteringar er han ikkje like opptatt av å snakke om, seier ho.

— Eg har møtt Abid i fleire debattar, og synest det blir mykje useriøst og meir fokus på person enn politikk. Det gagnar ikkje det seriøse politiske ordskiftet. Det han seier om Forskingsrådet er vel det som er mest useriøst. Her har det vore eit stort rot etter at Venstre sat i regjering som Sp-Ap-regjeringa no set punktum for, og det burde Raja applaudere.

Strand avviser at Borten Moe trakkar på studentane.

— Studentane har i lang tid ytra at dei har det tøft. Vi har ein politikk som anerkjenner dette, og Borten Moe er definitivt opptatt av det. Situasjonen i Forskingsrådet har vore ei av hovudutfordringane det siste året, og no som dette er eit tilbakelagt kapittel kan andre saker få meir merksemd, seier ho.

Endringslogg: Oppdatert med kommentarar frå Marit Knutsdatter Strand 29/11 kl. 10.40

Powered by Labrador CMS