Griegakademiet

Rasar mot kutt: Statsråden ringde rektor og avlyste nybygg i Bergen

Universitetet i Bergen har hatt ein lang dialog om, og brukt 32 millionar kroner på, nybygg for Griegakademiet. I oktober ringde statsråd Ola Borten Moe direkte til rektor Margareth Hagen og sa stopp.

Studentorganisasjoner i Bergen demonstrerte torsdag ettermiddag for å få nye lokaler til Griegakademiet. Her taler Aksel Haukom, leder for Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen.
Publisert Oppdatert

Det har teke 20 år å få på plass ein heis. Det gjer at ein slepp å bera dei fire kontrabassane som ligg ved inngangspartiet opp den smale trappa denne oktoberkvelden.

Men, trass i heis: Det er ingen grunn til å tru at forholda ved Griegakademiet ved Universitetet i Bergen (UiB) kjem til å betra seg med det første. I statsbudsjettet for 2023 er det ikkje lagt inn pengar til nytt bygg, og beskjeden frå regjeringa er at ein ikkje kan rekna med pengar dei næraste åra.

Dette skjer trass i at Kunnskapsdepartementet sjølv skriv i eit brev til Universitetet i Bergen at «lokalene som Griegakademiet disponerer i dag for det musikkfaglige miljøet er nedslitte og lite funksjonelle med hensyn til fysisk miljø, samhandlingsmuligheter og gjennomføring av øving. Det er også et udekket arealbehov for dagens antall studenter ved instituttet. KD er kjent med at arbeidet for å finne en god løsning for fakultetets behov har pågått over lang tid».

Hadde rekna med lite

I mai, berre nokre dagar før revidert nasjonalbudsjett vart lagt fram, sa forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe at «når det gjelder de store byggeprosjektene i staten i min sektor så er det viktig å understreke at festen er over. I den forstand at det er slutt med å hive penger på ting som ikke virker helt til det før eller siden blir ferdig».

Vidare sa statsråden at det er ansvarleg og rett å gå inn og utfordra på einingskostnad, på rammer og på omfang når ein ser at det eine byggeprosjektet etter det andre går over stokk og stein.

— Me beliter oss ikkje, sa rektor Margareth Hagen i styremøtet. Utan for Bergen ville ein sagt at ein ikkje gir seg. Universitetsdirektør Robert Rastad til venstre.

Det er nettopp revidert nasjonalbudsjett det vert vist til i brevet frå departementet. Der står det at det i samband med revidert budsjett vart varsla ein gjennomgang av byggeprosjekt i statleg sivil sektor.

«Målet er å redusere kostnadene, få bedre kostnadskontroll og unngå ytterligere press i norsk økonomi. Det økonomiske handlingsrommet i statsbudsjettet tilsier at det de nærmeste årene ikke er sannsynlig med startbevilgning til Griegakademiet», heiter det.

Brevet er datert 19. oktober. 14. oktober var det eit planlagt møte i prosjektrådet, eit fora som var sett ned av nettopp Kunnskapsdepartementet. I dette møtet kom beskjeden om at prosjektet ikkje lenger ligg inne i planane. Då hadde regjeringa nokre dagar før presentert forslaget til statsbudsjett - utan pengar til Griegakademiet i 2023.

— Det var frykteleg overraskande at prosjektet var ute. Me var budd på at det ikkje kom mykje pengar for 2023, men me hadde rekna med pengar til å kunne gjera ferdig den jobben ein hadde begynt på, seier UiB-rektor Margareth Hagen til Khrono.

UiB hadde hatt behov for ti millionar kroner for 2023.

— Kom beskjeden om kutt i prosjektrådsmøtet?

— Eg fekk telefon frå statsråden dagen før, seier Hagen.

Departementet: Kan få betala sjølve

I brevet heiter det at UiB kan finansiera forprosjektet med eigne midlar. Det vert òg opna for at universitetet sjølv kan ta kostnaden med eit nybygg. Men det er heilt uaktuelt, seier Hagen.

— Det er rett og slett umogleg. Det vil kosta oss hundre millionar kroner i året.

— Kan ein ha ei anna løysing for Griegakademiet, til dømes leiga lokale?

— Det trengst eit spesialbygg, og det lokalet finst ikkje i Bergen.

Nygård skole, der Griegakademiet - Institutt for musikk, som er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design held til, vart bygd som grunnskule og var i bruk som det heilt frå 1921-1985. Nokre år på 1950- og 1960-talet brukte Bergen Lærerhøgskole deler av bygget, og frå 1987 har deler av bygget vore brukt at det som i dag er Griegakademiet.

— Griegakademiet har ikkje noko eige bygg, dei held til i eige bygg som ikkje er eigna, sa rektor Margareth Hagen i universitetsstyremøtet torsdag.

Ho viste til ein rapport frå 2019 som tilrår samlokalisering på Møllendal, og sa at sidan 2021 har UiB arbeidd med prosjektering av eit nøkternt bygg, på oppdrag frå nettopp Kunnskapsdepartementet.

Dette skjedde etter at Solberg-regjeringa fjerna prosjekteringsmidlane til prosjektet i budsjettet for både 2020 og 2021. Men i desember 2020 gjekk eit fleirtal i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget inn for at UiB og Statsbygg skulle halda fram med planlegginga.

— Så seint som i vår jobba me saman med Statsbygg for å kutta ti prosent, slik at ein kunne halda seg inanfor ramma på 800 millionar kroner. Forprosjektet skulle vera ferdig våren 2023, og deretter var planen løyving over statsbudsjettet i 2024. UiB har prioritert bygget øvst på våre lister for 2023, sa Hagen.

I møtet vedtok styret å prioritera nybygg for Griegakademiet øvst også på innspelslista for statsbudsjettet for 2024.

Nygård skole var teikna av byarkitekt Kaspar Hassel og teke i bruk som folkeskule i 1921. Korridorane er lange og smale, og øvingsromma små.

Tydeleg styre

Universitetsstyret var torsdag svært tydeleg på kva dei synest om saka.

— Ein uverdig situasjon, sa Ingrid Ovidia Moe Telle.

— Eit av dei mest naudsynte bygga i Noreg, sa Ole-Jacob Borch.

— Heilt hårreisande. Dette bygget kunne nok vorte stengt av Arbeidstilsynet, sa Marit Warncke.

— Styreleiar, du har eit samla styre bak deg, konkluderte Herlof Nilssen.

Dekan: Krise

Dekan ved Fakultet for kunst, musikk og design, Frode Thorsen, har jobba for nybygg for Griegakademiet i tjue år.

— Fullstendig krise og heilt uakseptabelt, skriv han i ein e-post til Khrono.

Heller ikkje ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) blir det valkamp denne våren. Professor og insituttleiar ved Griegakademiet, Frode Thorsen, er einaste kandidat til dekanstillinga. Foto: Hilde Kristin Strand

Thorsen seier at samlokalisering av fakultetet var ei av føresetnadane då dåverande Kunsthøgskolen i Bergen slo seg saman med Griegakademiet i 2017. Kunst- og designfaga flytta inn på Møllendal same haust, og planen har vore at musikkmiljøet skal få eit eige bygg på nabotomten.

— Kunnskapsdepartementet har dei siste åra delteke aktivt i planlegginga av nybygg saman med Statsbygg og UiB. Kommunen har òg vore konstruktiv og sett i gang reguleringsprosess, seier Thorsen.

— Musikkutanning må vera i lydisolerte og akustikkregulerte lokale og difor må ein sjå på dette som eit spesialbygg som må finansierast over statsbudsjettet.

Dekanen seier at musikkutdanninga i Bergen har vore i provisoriske lokale, som gamle villaer, og deretter ei halvferdig løysing, altså Nygård skole, heilt sidan 1946.

— Då Nygård skole vart teke i bruk i 1987 var elevtalet hundre. No er det 300.

Studentane demonstrerer

Torsdag kveld vert det demonstrasjon i Bergen. Studentparlamentet og kunstnerisk studentutval samarbeider om arrangementet, der òg dei tidlegare studentane Frode Skag Storheim og Sjur Hjeltnes har varsla at dei vil koma. Hjeltnes er mellom anna kjend for programmet «Eides språksjov» på NRK.

— Musikkstudentane seier at dei er nøgde med å ha eit eige institutt. Men bygget er ikkje stort nok og heller ikkje isolert nok. Her sit studentar som studerer teorifag side om side med dei som studerer utøvande fag. Studenter rapporterer om både hørselsskadar og og hovudpine, seier Aksel Haukom, leiar for studentparlamentet ved UiB.

— Det er heilt klart at det trengst eit nytt lokale, og me demonstrerer fordi prosjektet manglar midlar og må avsluttast dersom desse midlane ikkje kjem på plass, seier han.

Rektor Margareth Hagen talte til studentene under demonstrasjonen.
Powered by Labrador CMS