statsbudsjett

Kroken på døra for nytt museum i Stavanger

I forslaget til statsbudsjett ligg det inne null kroner til nytt arkeologisk museum i Stavanger. Det er berre eitt av fleire etterlengta byggeprosjekt som ikkje har fått pengar.

Museumsdirektør Ole Madsen kan og vil ikkje venta lenger. Det vert ikkje nybygg for Arkeologisk museum. No må han gjera det beste ut av dei lokala han har.

Det vert ikkje nytt arkeologisk museum i Stavanger.

Forslaget til statsbudsjett for 2023 kom utan ei einaste krone til nytt museumsbygg, eit museum det har vore jobba med i ti år. No må Universitetet i Stavanger (UiS) og museet sjå kva dei kan gjera innanfor eksisterande rammer.

— Det har gått så lang tid, så no måtte me setja foten ned. Å gå og venta vert ei påkjenning for dei tilsette og for vidare utvikling, seier museumsdirektør Ole Madsen.

Det var i vår beskjeden frå forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe kom: Festen var over, no må det vera slutt på at statlege byggeprosjekt sprengjer dei tildelte økonomiske rammene. Dette har skjedd med fleire store bygg: Nytt veterinærbygg på Ås var sagt å skulle kosta 7,2 milliardar, men enda på 8,5. Livsvitskapsbygget i Oslo skulle kosta seks milliardar, siste melding frå Statsbygg er av sluttsummen på kassalappen kan verta meir enn det doble.

Då forslaget til statsbudsjett vart presentert 6. oktober, var det Livsvitskapsbygget og Norsk Havteknologisenter i Trondheim som ligg inne med pengar. Sistnemnde har ei ramme på om lag åtte milliardar kroner.

Men mange andre prosjekt fekk ikkje pengar. Dette er historia om nokre av desse.

Ostelager

I Stavanger er det inn i eit gamalt meieri direktør Ole Madsen og UiS-rektor Klaus Mohn viser veg.

Det er ikkje spesielt god plass på Arkeologisk museum i Stavanger. Bygget er eit gamalr meieri, og garderobar til både tilsette, som tidvis kjem skitne frå feltarbeid, og skuleklassar som er på besøk, er mangelvare.

— Magasina våre er ikkje tilfredsstillande klimatisk og ikkje store nok, seier Madsen.

— Me er nøydde til å oppbevara dei felles kulturminna våre i eit ostelager. Dette er kulturminne frå ei forhistorisk tid som vitnar om den felles historia. No ligg desse i eit klima som er for dårleg og i magasin som er altfor små.

Heller ikkje utstillingslokala er tilfredsstillande, seier direktøren. Plass til å kunne ha eit undervisningsopplever og vera samfunnsrelevante med skiftande utstillingar for skuleelevar, er det ikkje.

— Kan ein kasta noko av det som kjem inn til museet?

— Gjenstandar som er eldre enn frå reformasjonen er automatisk freda. Så nei, det er ikkje lett å kasta dei når dei først kjem inn, seier Madsen.

Det han og resten av UiS hadde ønskt seg og planlagt, var eit nybygg på 5500 kvadratmeter. Om lag 1400 av desse skulle vera utstillingsareal. Pris var knappe 400 millionar kroner, og så seint som i 2020 vart det gitt 2,5 millionar kroner til oppdatering av forprosjektet. Då hadde bygget vorte omtala i statsbudsjetta heilt attende til 2015, men utan at det hadde vorte gitt klarsignal for vidareføring av detaljprosjekt.

Det hadde vore snakka om nybygg heilt attende til 1994, og jobba konkret med det sidan 2009. Forprosjektet var ferdig i 2014.

UiS-rektor Klaus Mohn og direktør ved Arkeologisk museum, Ole Madsen, i eit av dei gamle ostelagera som i dag rommar museumsgjenstandar.

Hyllene vert fullare og fullare

Det er årlege utgravingar i Stavanger-området, og gjenstandane hamnar på Arkeologisk museum, i magasin som ifølgje museumsdirektøren ikkje er klimatisk gode nok.

— Universitets- og høgskulelova peikar på at universiteta har eit særskilt nasjonalt ansvar for å bygga opp, driva og halda ved like museum med vitskapelege samlingar og publikumsutstillingar, seier Madsen.

— For oss er det vanskeleg no å få tatt store grep. Me må laga ein arealdisponeringsplan og utvikla museet i tråd med denne. Me må ha nye magasin og me må ha nye utstillingslokale, men me må ta det stykkevis og delt.

Å kunne låna, leiga eller dela magasin med andre museum i området ser direktøren på som vanskeleg, det er ikkje andre som har flust med plass. Og som eit arkeologisk museum kjem det stadig nye gjenstandar til.

Fjerna med eit pennestrøk

I den største byen på Vestlandet, Bergen, vart ein dobbelt skuffa då forslaget til statsbudsjett kom: Ingen pengar til Griegakademiet, og ingen pengar til prestisjeprosjektet på Dokken. Her skal det byggast ein ny bydel i Bergen, er planen, og etter ein kamp mellom Havforskingsinstituttet og Universitetet i Bergen konkluderte regjeringa med at Dokken var det beste alternativet for meir enn tusen statlege arbeidsplassar. Planen var at både havforskinga og Fiskeridirektoratet skulle inn her.

Det har vore sterke reaksjonar, mellom anna i universitetsstyret og blant studentane, etter at det vart kjent at nytt bygg for Griegakademiet er ute av forslaget til statsbudsjett. SV har varsla omkamp.

Men då forslaget til statsbudsjett for 2023 vart presentert 6. oktober, var prosjektet vekke.

Midt på side 184 i Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett står det at regjeringa føreslår at «prosjektet for samlokalisering av Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet i Bergen avsluttes». Vidare heiter det at departementet vil setja i gang ei konseptvalutgreiing for å vurdera korleis ein kan ta vare på Havforskingsinstituttet sine bygningsmessige behov i Bergen.

— Alle eg snakkar med er veldig overraska. Ein kunne skjønt det dersom det hadde vore snakk om ei utsetjing, men no set ein strek over det heile, seier Mari Myksvoll.

Ho er oseanograf og tillitsvald i Forskerforbundet ved Havforskingsinstituttet (HI), og saman med hovudtillitsvald Nina Liland viser ho rundt. HI er plassert sju ulike stader på og rundt Nordnes i Bergen. Myksvoll sit i eit bygg om lag ti minutts gonge unna den ti etasjars høge blokka, som er HI sitt hovudkvarter. Totalt har forskingsinstituttet om lag 1100 tilsette. Definitivt flest i Bergen, men dei har òg tilsette i Tromsø, Austevoll, Matre og Flødeviken.

— Me som sit andre stader går aldri hit til høgblokka dersom me ikkje må. Nede hos oss vert me eit slags institutt i instituttet. Det at me er plassert i ulike bygg skaper større avstand internt enn naudsynt, seier Myksvoll.

Havforskingsinstituttet har lokale sju ulike stader på og rundt Nordnes. På Nykirkekaien ligg vanlegvis båtane, og her er òg laboratorium, kontor og lager. Mari Myksvoll har kontor rett oppi bakken for dette bygget - men ti minutts gange unna hovudblokka.

Fryseboksar så langt auga rekk

— Overraska og skuffa, var den klare meldinga frå havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø då nyheita kom.

Vidare sa han i ei sak på eigne nettsider at ei samlokalisering ville vera ei unik moglegheit til å styrka dei verdsleiande fagmiljøa innan havforsking.

— Me er i ei global krise, og mykje av den globale oppvarminga skjer i havet. Den forskinga og overvakinga me driv med er viktigare enn nokonsinne, seier Nina Liland.

Presisjonsrygging ved Havforskingsinstituttet sine lokale i Nordnesboder. Mange av prøvane som skal analyserast kjem med lastebil.

Hennar kontor er i nokre gamle sjøbuer. Her er kvar kvadratmeter utnytta. Fryseboksar som går ned til -80 grader er plasserte der det er plass, på loftet er det laboratorium. I første etasje, der Liland har kontor, ser ein det gamle reisverket og kjenner framleis ei gamal tjærelukt.

— Mange har brukt mange arbeidstimar på å laga framtidsscenario. Arbeidssituasjonen hadde vore meir effektiv og truleg meir kreativ dersom me sat same stad. I dag har me ikkje bygg som er fleksible. Me veit ikkje korleis forskinga vil vera i 2040 eller 2050, seier Liland.

— Regjeringa har eit mål om at Noreg skal vera i front i havforskinga. Men korleis skal ein gjera dette om ein ikkje har verktøya ein treng?

Den hovudtillitsvalde fortel om problem med vasstilførsel til forsøkstankane, og den store rundtanken er ikkje lenger i bruk til fisk. Her er det fryseboks etter fryseboks med prøvar så langt auga ser.

— Noko av poenget med å bygga på Dokken var at me skulle få tilgang til djuphavskai. Då kunne ein fått frakta prøvar inn på ein langt meir effektiv måte enn i dag, seier Myksvoll.

Gamle konstruksjonar og nye fryseboksar. Plassen er utnytta maksimalt i Nordnesboder. Nina Liland forskar særleg på fiskeernæring. Denne dagen har ho med dotra Fiona Silva-Liland (4) på jobb - den aller siste dagen av barnehagestreiken.

Olsen: Skal inn i tørketrommelen

Frå Bergen og nordover: I Tromsø skal det etter planen byggast eit nytt museum. Prosessen med å velja tomt var lang, og framleis er ikkje reguleringsplanen klar. Men målet er eit nytt universitetsmuseum på 19 000 kvadratmeter og med ei kostnadsramme på vel to milliardar kroner.

Heller ikkje dette prosjektet får pengar for 2023. Det ligg inne i ein tabell i forslaget til statsbudsjett, der det heiter at «tabellen viser ferdig prosjekterte byggeprosjekt med kostnadsramme over 300 mill. kroner. Ferdig prosjektert betyr at det er fastsett mål og overordna rammer og berekna kostnader for prosjektet. Ei eventuell startløyving avheng av dei årlege budsjettprosessane».

Rektor Dag Rune Olsen er ikkje uroa enno, og seier at UiT Noregs arktiske universitet (UiT) ikkje har bede om pengar før reguleringsplanen i kommunen er ferdig.

— Men me har fått beskjed om at ein skal ha ein runde om budsjettkutt. Prosjektet skal altså inn i tørketrommelen, seier han.

Spørsmålet er kva som er akseptabel totalpris. Olsen seier at prosjektet handlar både om sikring av gjenstandar og magasinering, og viser til ein rapport også Madsen i Stavanger nemner: Riksrevisjonen sin rapport frå tidleg 2000-tal, som mellom anna òg er omtala i Stortingsmelding 15 frå 2007-08, om tilstanden for universitetsmusea. Konklusjonen var at det kunne stått betre til.

— Det går ei nedre grense for kva me må ha, seier Olsen, og peikar særleg på lagringsplass.

Det har vore ein lang runde i Tromsø for å finna tomt til det nye museet. Reguleringsplanen er endå ikkje vedteken i kommunen.

Nybygg utan pengar

På side 305 i Kunnskapsdepartementet sitt budsjettforslag ligg det ein tabell til: Prosjekt som har fått prosjekteringsløyve. Her er Griegakademiet nemnd, men utan noka fastsett ramme. I same tabell ligg Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt planlagde bygg i Haugesund. Heller ikkje her er det sagt nokon sum. Prosjektet er i same tabell sagt å vera om lag 7 000 kvadratmeter.

— Me har eit stort miljø i nautikk, og leiger i dag mellom anna areal til simulatorar og arbeidsplassar utanfor campus. Eit nybygg vil syta føre at fagmiljøet, med båre forsking og utdanning, vert samla, seier rektor Gunnar Yttri.

HVL eig ikkje eigne bygg, men leiger hos Statsbygg. Nybygget i Haugesund er såleis ikkje eit bygg som vert finansiert av store eingongsløyvingar over statsbudsjettet. Det rektoren difor er oppteken av, er at høgskulen totalt sett har ein økonomi som gjer at dei kan betala husleige for nybygget.

Status for prosjektet er at høgskulestyret skal vedta vidare framdrift. Etter ein runde i marknaden skal prosjektet tilbake til styret, før det er Kunnskapsdepartementet som gir tommel opp eller ned for bygging.

— Me har ikkje fått signal om at me ikkje kan ha ei fornuftig utvikling av campus, og legg til grunn at me vil lukkast i løpet av nokre år, seier Yttri.

Alle skal få?

Men er det berre dei store som får?

Det har vore nemnd tidlegare, både frå UiS og frå Noregs musikkhøgskole, som ikkje ein gong er nemnd i statsbudsjettet for 2023. Som Khrono har skrive, er det òg her planar om utviding, både for å gi musikkstudentane betre forhold, men òg for å kunne ha høgskulen samla på ein stad.

For 2023 er det pengar til Livsvitskapsbygget, Norsk Havteknologisenter, Vikingtidsmuseet og Blått bygg. Desse prosjekta ligg inne med både pengar til bygg og til utstyr. Livsvitskapsbygget åleine har ei ramme på over 12 milliardar. I tillegg ligg det inne ein milliard til utstyr. For Norsk havteknologisenter er summen 4,6 for bygg og like mykje for inventar og utstyr.

— Det verkar som det er dei store prestisjeprosjekta som kjem gjennom, seier museumsdirektør Madsen i Stavanger.

— Me støttar Vikingtidsmuseet, men for oss er det berre snakk om eit bygg til 330 millionar. UiS har ikkje fått nokon nye bygg inn, konstaterer han.

— Ein treng ikkje vera ein sterk analytikar for å sjå at det er skilnader i storleik og kostnadsramme, kommenterer Yttri ved HVL.

— Sektoren må ha god styring og koma i mål utan for store sprekkar i budsjetta. Slik skaper ein truverd og tillit.

Når vert det nytt bygg for havforskinga i Bergen? Fiona Silva-Liland (4) måtte vera med forskarmor på jobb då barnehagen hennar var streikestengt.
Powered by Labrador CMS