Debatt ● Arna Meisfjord

Ønsk dei nye Nesna-studentane velkomne

Når dei nye studentane blir ønskt velkomne til oppstart i august, må ordførarar og fagansvarlege for oppvekst og skole kjenne si gjestingstid: Møt opp, det kan bidra til å løyse eit nasjonalt problem.

— I ein situasjon der søkinga nasjonalt går ned for femte år på rad, har campus Nesna har fått auka søking til den lærarutdanninga som har størst rekrutteringsproblem, nemleg GLU 1—7, skriv forfattaren.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Campus Nesna held stand! Slik samanfattar Helgelands Blad søkartala til lærarutdanningane ved campus Nesna. (26.04.2024)

Dette er imponerande i ein situasjon der søkinga nasjonalt går ned for femte år på rad. Ekstra gledeleg er det at campus Nesna har fått auka søking til den lærarutdanninga som har størst rekrutteringsproblem, nemleg grunnskolelærarutdanning for 1.- 7. trinn i grunnskolen, forkorta til GLU 1-7. 

Det er her studentane skal få forståing for korleis elevane skal lære om bokstavane, om korleis lydane kan bli til ord og korleis lesekoden kan knekkast. På barnetrinnet skal elevane ikkje berre møte bokstavane, men dei skal og få vite kva som ligg løynd i tal og mengder og kvifor det er viktig å vite kva som det er mange av og kva som det er lite av. På barnetrinnet skal elevane med andre ord få dei grunnleggande kunnskapane som dei treng for å lære alle dei andre faga som dei vil møte i utdanningsløpet.

Det er derfor all grunn til å gratulere dei studentane som har valt nettopp denne utdanninga og det er grunn til å gratulere campus Nesna med at dei har lykkast med å auke søkinga til GLU 1-7. 

Denne kompetansen vil det bli stor etterspurnad etter i åra som kjem og kommunane på Helgeland kan gle seg over at dei studentane som startar på denne utdanninga hausten 2024, vil vere aktuelle søkarar til lærarstillingar i regionen om fem år. 

Når desse studentane blir ønskte velkomne til oppstart ved campus Nesna i august, må ordførarar og fagansvarlege for oppvekst og skole, kjenne si gjestingstid: Møt opp på denne store dagen og ver med på å ønske studentane velkomne til eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga, nemleg undervisning og opplæring for dei som skal bli framtida vår. Start arbeidet no med å knyte kontaktar til denne viktige målgruppa for rekruttering til kommunal vekst og utvikling. Ta kvar og ein i handa og gratuler dei med eit viktig utdanningsval. 

Start arbeidet no med å knytte kontaktar til denne viktige målgruppa for rekruttering til kommunal vekst og utvikling. Ta kvar og ein i handa og gratuler dei med eit viktig utdanningsval. 

Arna Meisfjord

Gløym ikkje å fortelje dei kor viktig din kommune meiner skolen er for trivsel, bolyst og engasjement og understrek at du gjerne vil ønske dei velkomne til praksisundervisning i din kommune. Som Bjørg Stemland har sagt det: Alt henger sammen med alt, men midt i alt er skolen sakens kjerne!

På den utdanningspolitiske konferansen som vart gjennomført på Sjøbakken i Leirfjord den 4. april, var det mange som understreka verdien av det regionale og lokale engasjementet for å rekruttere til dei utdanningane som trengst ute i kommunane. 

Dette er ikkje berre ei distriktsoppgåve, det er ei nasjonal utfordring, vart det sagt, både frå statssekretær i Kommunal- og distriktsdepartementet, Ole Gustav Narud (Sp) og frå Trine Fagervik (Sp), statssekretær i Barne- og familiedepartementet. Det same vart sagt frå representantane frå Utdanningskomiteen på Stortinget, Hege Bae Nyholt (Rødt) og Himanshu Gulati (FrP). 

Dersom vi skal gjere noko med ei nasjonal utfordring, må vi gjere det lokalt og regionalt og frå fleire av kommunane som deltok på konferansen, vart det rapportert om eit omfattande arbeid i så måte. 

Ei flott vidareføring av dette arbeidet vil vere å ønske dei nye studentane velkomne til campus Nesna og til Helgeland når dei møter til studiestart i august!

Powered by Labrador CMS