Debatt ● Ann-Kristin Helland Gujord

Om rett og plikt til norskopplæring i akademia

Diskusjonen om rett og plikt til norskopplæring i akademia har til no i for stor grad vore eit spørsmål om domenegjenerobring for norsk fagspråk. Norsk­krava er også ei styrking av rettane til ei gruppe arbeidsinnvandrarar.

Kvinne med blondt hår og briller, med grønn strikkegenser og svart blazer.
Spørsmålet må vera i kva grad arbeidsinnvandrarar i akademia skal ha andre rettar og plikter enn andre arbeidsinnvandrarar i den norske arbeidsmarknaden, skriv forfattaren.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Eit av hovudmåla for norsk integreringspolitikk er at fleire som kjem til Noreg for å arbeida, får ei varig tilknyting til eit norsk arbeidsliv. I mars i fjor lanserte Arbeids- og inkluderingsdepartementet stortingsmeldinga Om integreringspolitikken: Stille krav og stille opp, kor eit av dei føreslåtte tiltaka var å vurdera å gi arbeidsinnvandrarar og deira familiar rett til norskopplæring, og å greia ut innrettinga på ei slik opplæring.

Tiltaket er i tråd med tilrådingar frå eit offentleg utval leia av Arnfinn H. Midtbøen. Dette utvalet hadde i oppdrag å gjennomgå situasjonen til arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlemmar, og vurdera integreringspolitiske verkemiddel for å betre integrera arbeidsinnvandrarar i norsk arbeids- og samfunnsliv (NOU, 2022: 18). 

Argumenta for å utvida retten til norskopplæring til også å omfatta arbeidsinnvandrarar, og ikkje berre flyktningar og familiegjenforeinte slik integreringspolitikken fungerer i dag, handlar om å sikra arbeidsinnvandrarar eit trygt arbeidsliv, ei varig tilknyting, og ein sjanse til sosial inkludering utanfor arbeid. For samfunnet handlar det om å sikra kvalifisert arbeidskraft til norske jobbar og om trygg kommunikasjon på norske arbeidsplassar og auka sikkerheit for alle.

Responsen på rapporten i høyringsrunden viser at sentrale fagforbund som LO, Unio og YS ønskjer tiltak som styrker norskferdigheitene blant arbeidsinnvandrarar, sjølv om det er noko ulike synspunkt på kva for tiltak ein vil støtta.

Få månader etter lanseringa av integreringsmeldinga blei det i forskrift til den nye universitets- og høgskulelova bestemt at institusjonane har plikt til å sikra at tilsette i undervisnings- og forskingsstillingar har norskferdigheiter på eit visst nivå. Dersom dei ikkje har det, må institusjonane leggja til rette for at dette nivået blir oppnådd innan to år, altså, sørga for norskopplæring. I tillegg blei institusjonane pålagde å tilby norskopplæring til stipendiatar og postdoktorar. 

Men med rettar følgjer som kjent plikter: Tilsette må læra seg norsk på eit visst nivå innan ein frist på tre år og stipendiatar og postdoktorar pliktar å gjennomføra norskopplæring tilsvarande 15 studiepoeng.

Ein så godt som samla sektor vil ikkje ha desse nye pliktene og rettane. Institusjonane, arbeidsgjevarsida, meiner at norskopplæring på det nivået som dei nye krava legg opp til, vil tvinga institusjonane til å gjera økonomiske omprioriteringar. Dette fordi dei sjølve må kosta norskopplæringa, noko som vil gå utover forskinga. 

I den etterfølgjande diskusjonen, som hovudsakleg var avgrensa til oppslag i Khrono, kom det fram at mange arbeidsinnvandrarar ønskte gratis norskopplæring og betre tilrettelegging for å læra norsk på arbeidsplassen. Men obligatorisk norskundervisning ønskjer ein ikkje, og Stipendiatorganisasjonane i Norge (SiN) har til og med klaga kravet inn til overvakingsorganet ESA

Ein vil ha rett, men ikkje plikt.

Forskrifta gir slik arbeidsinnvandrarar i akademia rettar som lenge har vore etterspurt i arbeidslivet: tilgang til gratis norskopplæring. Eg ser i denne samanhengen på tilsette i akademia i eit heilskapleg arbeidstakarperspektiv. Det følgjer då logisk at dei får status som arbeidsinnvandrarar når dei kjem frå utlandet og blir tilsett ved norske universitet og høgskular. 

Spørsmålet må vera i kva grad arbeidsinnvandrarar i akademia skal ha andre rettar og plikter enn andre arbeidsinnvandrarar i den norske arbeidsmarknaden.

Rett, men ingen plikt, som altså mange i sektoren vår ønskjer seg, er ei ordning som etter det eg kan forstå ikkje finst for andre innvandrargrupper i Noreg. Flyktningar og deira familiar har sidan tidleg 2000-tal vore hovudmålgruppa for integreringspolitikken, og i denne politikken er norskopplæring svært sentralt. Flyktningar og familiegjenforeinte har rett til gratis opplæring i norsk og plikt til å delta i opplæring fram til dei har nådd «norskmålet», det vil seia eit minimumsnivå i norsk fastsett ut frå vedkomande sin utdanningsbakgrunn. 

Dette målet skal nåast innan ein bestemt tidsfrist, og det er også obligatorisk å avleggja ein avsluttande norskprøve. Plikta omfattar altså både deltaking, ferdigheitsnivå, tidsfrist og prøve, men opplæringa er gratis.

Forskrifta gir slik arbeidsinnvandrarar i akademia rettar som lenge har vore etterspurt i arbeidslivet: tilgang til gratis norskopplæring.

Ann-Kristin Helland Gujord

Arbeidsinnvandrarar i akademia skil seg ut ved å ha fått lovfesta rett til at arbeidsgjevar sørger for norskopplæring. Elles må arbeidsinnvandrarar betala for opplæringa sjølve, med mindre arbeidsgjevar vel å dekkja kostnadene.

Det finst også ei gruppe arbeidsinnvandrarar som har plikt, men ingen rett, til norskopplæring: Arbeidsinnvandrarar utanfor EØS og deira familiar må gjennomføra 225 timar norskopplæring, men dei må betala sjølve.

Dette er landskapet av plikt og rett til norskopplæring som omgir diskusjonen om norskkrav i akademia. I dette lyset kan ein forstå dei nye forskriftsfesta norskkrava som ei styrking av rettane til ei gruppe arbeidsinnvandrarar. 

I staden har kravet, særleg kravet retta mot stipendiatar og postdoktorar, blitt oppfatta som eit trugsmål mot likebehandling av ei tilsettgruppe, eit stengsel for rekruttering til norsk akademia og eit hinder for forsking.

Norskopplæring, som Midtbøen og dei andre utvalsmedlemmene peikar på som eit tiltak for tryggleik på jobb, sosial inkludering og vern mot diskriminering på arbeidsplassen, blir av arbeidsinnvandrarane i akademia, særleg dei i mellombelse forskarstillingar, oppfatta som det motsette — noko som svekker arbeidsvilkåra og skapar ei mindre trygg framtid. Her er det verdt å trekkja fram studiar vist til i den offentlege utgreiinga leia av Midtbøen, som finn at akademia er blant arbeidsplassane kor opplevingar av diskriminering er noko meir utbreidd, og at utanlandske forskarar erfarer innvandringsrelatert diskriminering på arbeidsplassen i noko større grad enn andre. 

Slik sett handlar dei nye forskriftsfesta krava i større grad om kva internasjonale forskarar har rett til, ikkje plikt til, å få i eit språklæringsperspektiv.

Ann-Kristin Helland Gujord

Oftast handlar det om fråvær av inkludering. Dette er funn som har gjenklang i NINjA-prosjektet ved Universitetet i Bergen, som også finn at tilsette på norske akademiske institusjonar utan ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk, har dårlege vilkår for å læra norsk på arbeidsplassen og opplever negative konsekvensar av å ikkje meistra norsk.

Det er på høg tid at diskusjonen om dei nye forskriftsfesta norskkrava dreiar over til å handla om dei gode grunnane for den enkelte tilsette til å læra norsk, og mindre om byrdene ansvaret for norsk fagspråk legg på institusjonane. 

Rett og plikt til norskopplæring utanfor akademia er grunngitt i behovet for å integrera enkeltmenneske i det norske samfunnet. Argumentasjonen for å utvida retten til gratis opplæring til arbeidsinnvandrarar kviler også på sosial inkludering, både på og utanfor jobb. 

Rett og plikt til norskopplæring i akademia har til no i for stor grad vore eit spørsmål om domenegjenerobring for norsk fagspråk. Sjølv om det er eit viktig prosjekt som bør ha høg prioritet for norske politikarar, er sikring av norsk fagspråk berre eitt blant fleire gode argument for å leggja til rette for at tilsette meistrar norsk. 

Enkeltilsette må læra norsk for å kunna bli sosialt inkluderte på jobb, ha dei same karrieremoglegheitene som andre og kunna påverka sin eigen arbeidskvardag gjennom dei vanlege avgjerdsprosessane på arbeidsplassen. Slik sett handlar dei nye forskriftsfesta krava i større grad om kva internasjonale forskarar har rett til, ikkje plikt til, å få i eit språklæringsperspektiv.

Powered by Labrador CMS