litteratur

Norske professorar vil ikkje ha varseltrekant: — Kunst skal provosera

Å merka romanar med åtvaring er ein framand tanke, seier norske litteraturforskarar.

Død, seksualitet, omtale av folkegrupper. Desse romanane har alle i seg element som har vorte eller vert sett på som krevjande.
Publisert Oppdatert

Britiske universitet har fjerna bøker frå pensumlistene og merkt nærare tusen tekstar med ei åtvaring, det som på engelsk vert kalla triggerwarning, skreiv Khrono nyleg. Årsaka er at tekstane har innhald som nokon kan sjå på som støytande.

— Tek ein vekk romanar frå pensum fordi dei viser eit anna syn enn me har i dag, er det litt farleg. Då står me i fare for å framstilla vårt eige samfunn som ufeilbarleg, seier Inga Henriette Undheim.

Ho er førsteamanuensis ved Institutt for språk, matematikk, litteratur og tolking ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), og langt inni ein analyse av Tarjei Vesaas sin roman «Is-slottet» når Khrono ringjer.

— Dette er ein roman nokre brukte omgrepet «pervers» om då han kom. I romanen skildrar nemleg Vesaas ei tiltrekking mellom to unge jenter som kunne tolkast som erotisk, noko som lenge har vore tabu. Likevel har ikkje romanen vore utstyrt med noko åtvaring, men snarare vore ein gjengangar på pensum, seier Undheim.

Varseltrekant

Åse Marie Ommundsen har sett åtvaringar på bøker. Ikkje i Noreg, men i Italia, fortel professoren ved Institutt for grunnskole- og faglærerutdanning ved OsloMet.

Åse Marie Ommundsen er professor ved OsloMet. Den norske, og danske, innkjøpsordninga gjer at ein kan skriva romanar om smalare tema enn i andre land, seier ho.

— Der har eg sett at det vert sett varseltrekant og aldersgrense på bøker. Eg har også sett eksempel på sensur av norske bøker som vert sett om til andre språk. Norsk og nordisk barnelitteratur tek opp meir utfordrande tema enn barnelitteratur i særleg engelskspråklege land, og tema som incest er ikkje vanleg i andre land, seier Ommundsen.

Også Stian Hole sine kanoniserte barnebøker om guten Garmann har vorte endra.

— Der vert det til dømes fjerna illustrasjonar av Garmann som tissar i skogen, seier Ommundsen.

Ho har forska på tabu i barnelitteraturen og mellom anna skrive artikkelen «Taboo» i Keywords for Children’s Literature.

— Når ein les bøker med eit utfordrande tema, handlar det ikkje då om å setja dei inn i ein kontekst?

— Det er ein typisk norsk tankegang at me kan prata med barn om alt, så lenge me gjer det på den rette måten. Kva som faktisk er tabu er kulturelt betinga, seier Ommundsen.

Psykisk sjukdom og død

Både Ommundsen og Undheim underviser lærarstudentar. Korleis ein snakkar med elevar om krevjande tema er noko dei tek opp med studentane.

— Den nye, nordiske barnelitteraturen er kjend for å ta opp vanskelege tema, seier Undheim, og nemner Gro Dahle og Svein Nyhus sine bøker, der mellom anna incest er tema. Andre tema i litteratur for barn er psykisk sjukdom, død og seksualitet.

— Dette er tema som kan verta krevjande å ta opp i klasseromma, seier Undheim.

Hamsun og samane

— Det overraskar meg ikkje heilt.

Slik kommenterer Jørgen Sejersted det som skjer i Storbritannia.

Sejersted er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen (UiB), og har mellom anna vore tydeleg i debatten om Ludvig Holberg og statuar.

— Ein må sjølvsagt ta opp i undervisninga at ein i ulike historiske og kulturelle periodar har hatt ulike syn. Men kunst skal provosera, seier Sejersted.

I fjor gjekk det ein debatt om Knut Hamsun. Nobelprisvinnaren i litteratur vart som kjent nazist. UiO-professor Ståle Dingstad meiner at antisemittismen hos Hamsun viser gjennom heile forfattarskapen.

— Hamsun er jo eit døme. Skal ein ta opp ideologi når ein underviser om han? Eg meiner ein skal ta opp dei ideologiske implikasjonane. Men å merka litteraturen? Det er ein fjern tanke, seier Sejersted.

Ein må gjera eldre litteratur relevant til dagens samfunn, seier litteraturprofessor Lisbeth Pettersen Wærp ved UiT.

Også Lisbeth Pettersen Wærp nemner Hamsun. Wærp er litteraturprofessor ved UiT Noregs arktiske universitet, og ho peikar på Hamsun si skildring av samar.

— Ein kan plukka fram sitat frå «Markens grøde» om samar, og då kan framstillinga av dei sjå rasistisk ut. Men dersom ein nærles teksten vil biletet verta meir komplekst. Det synest studentane er spanande, seier Wærp.

— Ein kan fort gjera romanar verre enn dei er ved å basere seg på utvalde tekststader og lausrivne sitat, seier ho.

Likevel er det «Markens grøde» og Hamsun som har vekt reaksjonar i undervisninga hennar. Wærp fortel om ein student som la handa over augene og såg ned då nettopp denne romanen var tema — dette ville ho ikkje høyra noko om.

Religion er blant vanskelege tema, seier førsteamanuensis Inga Henriette Undheim.

— Det viste seg at denne studenten ikkje hadde lese «Markens grøde». Men ho hadde høyrt om framstillinga av samane i romanen. Og etterpå, då me hadde nærlese og problematisert Hamsun si framstilling, sa ho at ho var takksam for at me tok det opp, seier Wærp.

Ho understrekar:

— At noko er forbode og hemmeleg kan føra til meir stigmatisering. Når me les eldre verk kan me ikkje krevja at dei skal vera politisk korrekte ut frå våre standardar. Det handlar om vårt møte med verka og om korleis me vel å lesa og formidla dei.

Reagerer på religion

For femten år sidan var det ein debatt i Sverige om kva Pippi Langstrømpe sin pappa var. Negerkonge? Eller sydhavskonge? I nyare versjonar av barnebøkene om verdas sterkaste jente er det det sistnemnde omgrepet som vert nytta.

— Dette er jo ei form for sensur. Og ord som dei opphavelege hos Lindgren er noko studentar kan reagera på, seier Inga Henriette Undheim, og viser òg til Torbjørn Egner si vise om «Hoa hottentott».

— Seier du at «Astrid Lindgren nytta omgrepet 'neger'» når du underviser?

— Nei, det trur eg faktisk ikkje eg hadde gjort. Det vert ofte til at ein går litt rundt grauten.

Undheim er likevel ikkje framand for å forske på tabu i litteraturen.

Ho fortel at ho likar å undervisa om eldre litteratur, mellom anna Ludvig Holberg sine tekstar. I fjor tok ho med studentane på teater for å sjå ein moderne versjon av Erasmus Montanus. I Holberg sin tekst er konflikta knytta til om jorda er flat eller ikkje. I den moderne, danske versjonen er spørsmålet om Noreg er eit land som byggjer på kristne verdiar.

— Religion er faktisk noko av det som kan vera mest krevjande i dag, det religiøse i litterære tekstar kan verka provoserande, fortel førsteamanuensen.

Og sjølv om ein ikkje merker bøker i Noreg, så er det ikkje alltid ein finn det ein leitar etter.

— Fleire av studentane eg har rettleia har skrive bøker om barnelitteratur med krevjande tema. Dei har funne at på fleire bibliotek står ikkje til dømes bøker om incest i hyllene. Bøkene finst der, men ein må be om dei.

Endringslogg: Lagt til at Åse Marie Ommundsen har forska på tabu i barnelitteratur, samt skrive rett namn på instituttet der ho er tilsett, 9.september kl 13.44

Powered by Labrador CMS