Sverige

Skulda for rasisme etter «porno»-forelesing. No vil rektor endre undervisninga

Ei intern gransking på Malmö universitet har konkludert: Forelesarane må bli flinkare til å forstå komplekse samfunnspørsmål og postkolonial teori.

Ein filmprofessor veed Malmö universitet blir skulda for å reprodusere rasisme og dermed opptre krenkande mot studentane. Studiet blir også kritisert for mangel på postkoloniale og maktkritiske perspektiv.
Publisert Oppdatert

Det har vore urolege tilstandar på masterprogrammet i sexologi ved Malmö universitet dei siste månadene.

Den direkte bakgrunnen for rasisme-skuldingane var ei digital gjesteforelesing med filmprofessoren Mariah Larsson i februar. Tema: «Sexualitet i ord och bild». I løpet av forelesinga viste professoren fram bilde som skulle illustrere rasistiske og seksuelle stereotypiar.

Det blei dropen som fekk begeret til å flyte over fleire av studentane på studiet.

«Rasistisk porno»

I mai varsla studentane universitetet om rasisme og diskriminering på sexologi-studiet - og særleg om forelesinga frå Larsson, som ifølgje studentane formidla det dei skal ha omtalt som«rasistisk porno».

No ligg konklusjonane frå ei intern gransking på bordet. I tillegg har universitetsleiinga lagt fram«ein handlingsplan for undervisning om vanskelege samfunnsforhold». Handlingsplanen skal bidra til akademisk fridom og integritet, ifølgje rektor ved Malmö universitet.

Målet er samstundes å utvikle ein ny «pedagogikk for undervisning om komplekse og vanskelege samfunnsspørsmål».

I varselet som blei levert inn frå studentane blir filmprofessoren skulda for å reprodusere rasisme og dermed opptre krenkande mot studentane. Studiet blir også kritisert for mangel på postkoloniale og maktkritiske perspektiv.

Saka er omtalt i Sydsvenskan og fleire andre svenske media.

N-ordet og «välhängda svarta män»

Studentane grunngir påstanden om rasisme med at forelesaren gjentatte gonger skal ha brukt n-ordet (eufemisme for det nedsetjande ordet «neger») i løpet av undervisningstimen. I tillegg skal forelesaren ha vist «yellow- og blackfaces», underdanige thai-kvinner og «välhängda svarta män», ifølgje Sydsvenskan.

Forelesaren har på si side avvist skuldingane, og gitt uttrykk for at ord og bilde er blitt brukt til undervisning om seksuelle stereotypiar og rasisme, og dermed ikkje er å forstå som utttrykk for rasisme frå hennar side. Ho har sagt at det ikkje er mogleg å undervise om visuelle emne utan å bruke visuelt materiale.

På power-pointen, som først skal ha fått det til å koke på chatten til nokre av studentane, var mellom anna det originale bokomslaget til Astrid Lindgrens «Pippi Långstrump i söderhavet» frå 1945.

Mellom studentane skal det raskt ha oppstått ein hissig diskusjon, som professoren etter kvart blei gjort merksam på. Det førte til at ho fullførte forelesinga utan bilder og illustrasjonar.

Granskinga som no er gjennomført tar ikkje stilling til om det har foregått diskriminering, fordi «ord står mot ord».

Kerstion Tham er rektor ved Malmö universitet.

«Normkritisk tilnærming»

Ifølgje studentane var gjesteforelesinga ikkje den første gongen dei hadde opplevd rasisme på studiet. Dei skal ved fleire høve ha sagt ifrå om det dei kallar ei «oss og dei andre-haldning» på masterprogrammet. Varslarane meiner fordommane har «florert». Eitt uttrykk for dette er ifølgje studentane at forelesarar skal ha ungått å svare på spørsmål om korleis dei ser på at forskinga deira er blitt sitert på høgreekstreeme sider.

Dette skal ha gjort fleire av studentane utrygge og utsett for «minoritetsstress».

Det originale bokomslaget til denne Pippi-boka frå 1945 var blant illustrasjonane studentane reagerte på.

Studentane delte seg i to grupper, ifølgje Sydsvenskan: ei gruppe som ønskte å halde fram med undervisninga og pensum som før. Og ei anna gruppe som ville endre det faglege innhaldet på studiet, og få inn «viktige perspektiv, samt inkluderande og normkritiske tilnærmingar i undervisninga og klasserommet».

Det er heller ikkje første gong debatten om rasisme tar laust i svensk akademia. I fjor blei universitetslektoren Inga-Lill Aronsson ved Uppsala universitet klaga inn av studentar. Ho hadde kome i skade for å bruke det såkalla n-ordet under ein panelsamtale for å forklare korleis ein kan søke i gamle katalogar. Studentane meinte ho ikkje hadde rett til å bruke n-ordet, fordi ho verken er svart eller «rasifisert».

I Noreg trekte Måns Wrange seg som rektor frå Kunsthøgskolen i Oslo etter ein konflikt med utgangspunkt i påstandar om strukturell rasisme. I fjor oppstod det strid om ein benk dedikert den svenske 1700-talsforskaren Carl von Linné, etter påstandar om at han var rasist.

Forelesaren sin versjon

Mariah Larsson, forelesaren som vart sett under lupa etter rasismeskuldingane, har i eit innlegg i Sydsvenskan lagt fram sin versjon av forelesinga, som ho har halde for sexologi-studentane sidan 2007.

Der skriv ho at bildebruken er eit «verktøy for ei kritisk gransking og ei historisk kontekstualisering av stereotypar både innanfor og utanfor pornografien» (...). «Ei slik forelesing må innehalde visuelt materiale, ettersom den handlar om korleis visse stereotypiar kjem til uttrykk visuelt».

Professor Mariah Larsson vart skulda for rasisme.

Larsson legg til at ho er klar over studentane blir ille berørt av bildematerialet og skriv: «Eg ville nok blitt litt uroleg om dei ikkje blei det».

Reaksjonane på granskingsrapporten, og handlingsplanen, frå Malmö universitet er delte.

Av dei åtte studentane som stod bak varselet, er berre to igjen på utdanninga. Resten har slutta eller tatt pause, ifølgje Sydsvenskan. Ein av studentane, Rayén Kelilnejad, som var med på varselet og fortsatt er på studiet, seier:

— Eg synest rapporten er kjempebra og gir tyngde til kritikken vi kom med. Dette handlar om strukturelle problem og ikkje om enkeltpersonar.

«Ideologisk omskulering»

Frå den andre sida, frå Sara Johnsdotter, som er professor på sexologi-studiet, er dommen langt frå rosande. Det er« ideologisk omskulering av undervisarane som gjeld», skriv ho og viser til innhaldet i den nye handlingsplanen. Johnsdotter er ei av dei som er blitt skulda for rasisme.

Ho er også kritisk til at kjennskap til postkolonial teori og og såkalla normkritikk no skal bli del av kriteria for tilsetjingar, slik ho les handlingsplanen. Granskinga, meiner ho, er slurvete, usamanhengande og metodisk dårleg.

På toppen av dette meiner ho at granskinga let spørsmålet om diskrimering stå uavklart, og dermed påfører henne og kollegaene ein «dårleg underbygd» og partisk dom.

Powered by Labrador CMS